I det Bondevennen hamnar i postkassa denne veka er kravet frå landbruket presentert og årets jordbruksoppgjer i gang. Alt tyder på forhandlingar med høg temperatur.

Tonen vart sett då Budsjettnemnda for jordbruket nyleg slo fast at bøndene sine inntekter, stikk i strid med Stortinget si målsetting, er redusert dei to siste åra. Kostnadsauke og overproduksjon er hovudgrunnane til det. Det betrar ikkje forhandlingsklimaet at landbruksminister Jon Georg Dale gir bøndene skulda for overproduksjonen og påstår at auka subsidiar gir lågare inntekt.

Det er ingen tvil om at overproduksjonen kastar skuggar over bøndene sine forventingar om auka inntekt i år. Dale bommar likevel med si utsegn. Det er i FrP og Høgre si regjeringstid at takhøgda på husdyrtilskot, kyllingkonsesjon og mjølkekvotar har blitt dobla. Det er dei blå-blå som har innført tilskotsendringar slik at større einingar har blitt meir lønsame, noko som stimulerer til overproduksjon. Og det er på deira vakt at avgiftene på diesel og energi har auka så det svir.

Det er særleg dereguleringa av landbrukspolitikken frå 2014-oppgjeret bondeorganisasjonane no skal freista å rydde opp i. Som marknadsregulator har landbruket ansvaret for å balansera marknaden, men det ansvaret blir ikkje utøvd i eit vakuum. Staten må spela på lag – ikkje fjerne verkemidla i frå næringa.

Skal Stortinget sitt mål om inntektsutjamning mellom bønder og andre grupper innfriast, ja, skal det vera von om betre rekruttering til bondeyrket, så må inntekta opp. Tilskota bør aukast, men innrettast på andre måtar for ikkje å verka produksjonsdrivande.

Det finst fleire måtar å gjera det på. Auka tilskot til velferdsordningar, skjøtsel av jord, gjerding, areal, miljøvenleg gjødselspreiing og organisert beitebruk, er nokre døme. Betre målretta driftstilskot, særleg til mindre bruk, eit anna. Får Norsk Bonde og småbrukarlag det som dei vil, kan tilskotstaka som forsvann i 2014 blir gjeninnført.

Det meste kan kokast ned til økonomi, men oppgjeret og landbrukspolitikken handlar om meir enn tal. Det handlar om sjølvberging, nasjonal tryggleik og beredskap, om verdiar, landskap og kultur. Kva landbruk vil me eigentleg ha, og korleis når me måla?

I tillegg til overproduksjon er bakteppet, også for årets oppgjer, prega av alvorlege utviklingstrekk som aukande import, sentralisering av produksjonen rundt sentrale strok, auka bruk av importerte fôrressursar, potensielt dramatisk renteauke og gjengroing.

Midt i dette står 40.000 stolte bønder med sterk vilje til å driva jorda og produsera mat. I år har dei stortingsfleirtalet i ryggen. Staten sitt tilbod bør stå i stil med forventingane deira.

 

Bothild Å. Nordsletten