DET OFFENTLEGE sitt årvisse handslag til den ideelle barne- og ungdomsorganisasjonen 4H er føreslege kutta tvert av regjeringa. Høgre og Framstegspartiet set friviljug arbeid og organisasjonsliv i bygde-Norge i tommeskruva og vrir rundt. Tilbake står 600 4H klubbar mellom Finnmark og Agder og lurer på motivet. Det er dei ikkje åleine om.

PROTESTANE HAR VORE samstemte og høglydte. Regjeringa har fått så busta fyk etter sitt framlegg til statsbudsjett som under Post 1138 legg til grunn kutt på 30 millionar kroner til organisasjonar som arbeider innafor landbruk og mat. Det har blitt argumentert side opp og side ned for å oppretthalda budsjettstøtta og yta frå fellesskapet sine midlar til for eksempel Norges bygdekvinnelag (kr 404.000,-), Bondens marked (kr 505.000,-), Dyrebeskyttelsen (kr 404.000) og Ungt entreprenørskap (kr 350.000). 4H Norge har hatt den største potten, og må tåla eit kutt på heile 7.171.000 kroner.

HAUSTFESTANE TIL 4H er eit årleg utstillingsvindauga på unike aktivitetar og opplæring av typen «læra ved å gjera». I desse dagane samlast 7.000 personar til festsamkome i 4H-regi berre i Rogaland. Det har vore tradisjon å invitera ordføraren på festen. Ordføraren stiller i full stas med kjede rundt halsen. Ho eller han veit kva det går i. Dei starta gjerne i si tid sjølv den lokalpolitiske karrieren som medlem av 4H. Samstundes med at haustfestane i 4H går av stabelen, freistar lokale bygdekvinnelag og bondelag med å stabla nye styre på plass for komande arbeidsår. Vi, som har føtene planta ute på bygdene, veit at rekruttering til lags- og organisasjonsarbeid ikkje har blitt lettare dei siste tiåra. Det blir ikkje enklare dersom 4H må redusera aktiviteten framover.

EIT DEMOKRATI som fungerer treng fellesskap før individualister. Gode, varme bygdesamfunn blir danna gjennom felles interesser og eit rikt organisasjonsliv. Landbruk og matproduksjon i eit grisgrendt land som vårt vil ikkje fungera optimalt utan positive bygdesamfunn som er limt saman av friviljuge lag og organisasjonar. Desse laga legg til grunn kunnskap om tema som dugnad, samarbeid, samfunnsengasjement, medlemsdemokrati og styrearbeid. Det kan ikkje lærast gjennom å styrka matteundervisninga i grunnskulen eller å spela poker på internett i fritida. Det kan lærast i 4H.

REGJERINGA SYNAR med dette vedtaket ytterlegare at dei ikkje kjenner livet i dei områda av landet som ikkje er asfaltert. Erna Solberg sine luftborne lynvisittar ute på landsbygdene då sentraliseringa var eit heitt tema før valet, var, ikkje uventa, ein flopp. Dei styrande har ikkje forstått, eller vil ikkje forstå, nytta i å støtta demokratibyggande arbeid blant 15.000 barn og unge mellom 10-18 år.

STATSBUDSJETTET skal til behandling i Stortinget før julefreden senkar seg. Ingen må leggja inn kvileskjer før kampen er vunnen. Samfunnet har ikkje råd til å mista ein einaste ein av dei som skal inn i landbruksrelatert yrke og friviljug samfunnstenleg arbeid i åra som kjem. Det kan sjå ut til at Høgre og Framstegspartiet med sin liberalistiske mørkeblå profil har eit anna syn på kva som gagnar fellesskapet mest.

VI REKNAR MED at stortingsfleirtalet røyster med varmt hjarta, klart hovud, flinke hender og god helse.

Sjur Håland