Der godt vaksne menn dominerer, og det gjer dei i landbruket, er dei ofte forbausande flinke til å fremja folk som liknar seg sjølve. Det er nok ikkje vondt meint. Men det er heller ikkje ein produktiv måte å rekruttera fleire kvinner til næringa på.

Likestilling og fleire kvinner har i årevis vore uttalte målsettingar for landbruket og bondeorganisasjonane. Mykje er oppnådd. I dag er kvinner i posisjon overalt i næringa, frå grasrot til konsernleiing. Likevel er dei ennå ikkje fleire enn at Bondelaget seinast rundt årsskiftet valde å gjennomføra ei undersøking for å læra meir om kva tiltak som kan bidra til at fleire kvinner vel landbruksutdanning, blir bønder og tillitsvalde.

I landet med kvinneleg stats-, finans- og utanriksminister er det kanskje lett å tru at likestillingskampen er fullenda. Det er sjølvsagt feil, noko ikkje minst metookampanjen avslører. Men i somme delar av landbruket er det til og med som om kampen aldri starta. Korleis elles forklara at dei seksten største landbruksorganisasjonane som stod bak Samvirkekonferansen i Rogaland i januar, valde å ha berre éi kvinne på det to dagar lange programmet?

Varhaug-møte, Særheim-konferansen, Mat og Landbruk og Kornkonferansen er andre døme på landbruksarrangement der talarstolen eller debattpanelet blir dominert heilt eller i stor grad av menn. Rett nok finst det mange arrangement med bra miks av menn og kvinner, men alt for ofte er kjønnsbalansen alt for skeiv. Praksisen undergrev næringas eigne målsettingar om å tiltrekka seg fleire kvinner.

I beste fall er den manglande evna til å putte kvinner på talarstolen eit utslag av medvitsløyse. I så fall vitnar det om kor vanskeleg det er for bodskapen om betre kjønnsbalanse å trenge inn, trass tiår med forsøk. Truleg er mannsdominansen dels også eit utslag av rutinetenking, dårleg fantasi og giddeløyse. Møteorganisator ringer han dei har høyrt før, det er safe. Det er underleg at ikkje fleire kvinner reagerer.

I tillegg finst det også dei, både kvinner og menn, som parerer etterlysing av fleire kvinner på podiet, med argumentet om at kompetanse «trass i alt», er viktigare enn kva kjønn talaren har. Ei slik haldning vitnar om mangelfull kjennskap til alle dei høgkompetente kvinnene som finst der ute, på alle fagområde. Og den tek tilsynelatande for gitt at i ein mannsdominert bransje, er betre kjønnsbalanse noko som kjem av seg sjølv.

I verste fall snakkar me om regelrett ekskludering av kvinner. Det er vanskeleg å tolka reine mannearrangement som noko anna.

Kva veg kjønnsbalansen tippar på dei mange landbruksmøta rundt om, er ikkje aleine avgjerande for kor mange kvinner som vel ein karriere i landbruket, men det speler ei rolle fordi det påverkar kulturen for inkludering og mangfald i næringa. Nett slik menn speglar og stadfestar kvarandre som meiningsbærande og ansvarlege aktørar i alle fora, treng også kvinner å spegla og stadfesta relevansen av eigne innfallsvinklar, kunnskap og erfaringar i andre kvinner. Skal fleire kvinner inn i landbruket, må dei iallfall koma til orde.

Å sette fleire kvinner på plakaten er eit enkelt rekrutteringsgrep som kostar lite. Det finst inga orsaking for ikkje å gjera det. Det er viljen det står på.

 

Bothild Å. Nordsletten

Share This