DU SKAL FØLGJA godt med for å oppdaga at det er grønsaksmangel i Europa, men sør på kontinentet har dei høgaste temperaturane på 50 år, det verste regnet på 70 og no sist, den største snømengda på 35 år, faktisk ført til store avlingstap. I Nord-Europa er det manko på visse frosne grønsaker grunna ein kombinasjon av store nedbørsmengder og høg temperatur i fjor. Avlingssvikten vil få konsekvensar for grønsakstilbodet i Europa framover, melder Den europeiske samanslutninga for frukt og grønsaksindustrien.

MEDAN DANSKE og engelske matvarekjedar har innført rasjonering på salat og ventar reduksjon av andre varer, bugnar grøntdiskane her heime, med rabattar opp til 25 prosent. Norske importørar har pengar til å sikra seg, mellom anna med import frå USA. Nyleg fann me også ferske blåbær frå Peru, bringebær frå Marokko og tomatar frå Senegal hjå Rema 1000. Me vantar ingenting her nord. Om noko, lir me av mangel på berekraftig forbruk og total sesongforvirring. Kom an – ferske bringebær i februar?

KVA HAR ALLE DESSE langreiste varene til felles? Jau, dei kan alle produserast i Noreg, med betre kvalitet, lettare karbonavtrykk, mindre matsvinn, – og bidra til lokal sysselsetting og verdiskaping. Om me vil. I Bondevennen denne veka kan du lesa om korleis norske tomatbønder for første gong på ti år for alvor aukar produksjonsarealet. Konkurransen med utanlandsk import er hard, men det rår ein spanande optimisme i frukt-og grøntbransjen.

OPTIMISMEN ER RETTKOMEN. Risikoen for mindre stabil import framover gir god grunn til å satsa på heimleg matproduksjon. Og folks klima – og helsemedvit har truleg kome for å bli. Grønsakfrie dagar blir neppe ei kampsak. Forbrukarane etterspør norsk og sunt. Sjølv rotgrønsakene har fått sin trendy renessanse. I tillegg gir rivande teknologiutvikling stadig betre og meir energisparande veksthus med potensial for svære avlingar. God teknologi aukar også lagringsevna og utvidar dimed sesongen for til dømes epler, lauk og selleri, på sikt også for andre vekster. Grøntprodusentane er på hogget, innovasjonslysta er stor og nye produkt blir stadig utvikla. Med eit nytt regime i USA og globaliseringsskeptiske røyster verda over, er det heller ikkje gitt at tollvernet forsvinn med det første.

GRØNSAKSMANGELEN på kontinentet føyer seg inn i ei rekke utviklingstrekk som minner oss om kor viktig tilgang til mat er og blir. Klimaendringane, sårbare digital infrastruktur, minkande jordsmonn og tung antibiotikabruk i store delar av verda, er berre nokre av ingrediensane me må handskast med for å sikra morgondagens meny.

BONDEVENNEN SKREIV nyleg om korleis styresmaktene tykkjest å ta denne utviklinga med for stor ro. I det siste har det såleis vore interessant å merka seg korleis Sp etterlyser beredskapsperspektivet i den nye jordbruksmeldinga og korleis SV har tatt til orde for ein meir sjølvstendig matproduksjon. Partiet ynskjer ti prosent meir jordbruksareal som del av ein meir uavhengig utanriks- og tryggingspolitikk. Også Ap tek i sitt programframlegg til orde for satsing på skog og jordbruk. I tillegg etterlyser ei samla landbruksnæring ambisjonar og løft for næringa. Vonleg borgar desse signala for at me snart kan få ein skikkeleg debatt om sjølvforsyningsgrad, beredskapslagring og jordvern.

MEDAN ME VENTAR på den, sender me dei beste helsingar til dei hardt prøva grøntprodusentane på kontinentet, og heiar vidare på våre norske frukt – og grønsaksbønder.

Bothild Å. Nordsletten