Er husdyrgjødselhandtering i ferd med å utvikla seg til ein slags rakettvitskap som dei færraste forstår? Bidreg nye kunnskapskrav kring klimagassproblematikk og næringsstoffrekneskap til å kvela interessa og gleda ved å driva landbruk?

Verdiar samsvarande med 100 kroner kubikken er på fossil vandring frå gjødselkummar til eng og beite. Det legg seg ein rik eim av spreidd husdyrgjødsel over kulturlandskapet på Sør- og Vestlandet i desse dagar. Effekten av tilført nitrogen, fosfor og kalium i flytande og sterktluktande form til planterøtene er magisk. Det blir grønt i spora etter vogner og slangetromlar.

Gjennom fleire tiår har merksemda kring rett utnytting av det svarte gullet vore stor. Ikkje minst i Rogaland. Reglane for spreiing har blitt monaleg skjerpa, med blant anna spreiearealkrav og krav til gjødselfrie soner på areal som grensar til vassdrag. Effekten av næringsstoffa skal målrettast via planterøtene til grasavlingane, og skal ikkje enda opp som meiningslaus algeboost i elver og vatn.

I dette nummeret av Bondevennen kan du lesa om Rune Haugland. Han driv intensiv gras- og kornproduksjon i symbiose med Håelva, som renn gjennom landskapet. Han er medviten om å tilføra husdyrgjødsla på våren og etter første slåtten. Slik bidreg han til at næringsstoffa blir nytta av plantene i staden for å koma på avvegar, med andre ord, i elva. Bonden har sitt eige gjødselplanleggingsprogram, og fører logg gjennom sesongen. For å møta framtidskrava har han også byrja i det små å gjera registreringar i Kretsløpstolken, som er Norsk Landbruksrådgiving sitt program for å kunna utføra eit fullstendig næringsstoffrekneskap på mjølkeproduksjonsbruk.

Haugland er ein av mange som vil erfara at klimaendringar og auka merksemd kring omgrep som ureining og berekraft, vil stilla nye og strengare krav til miljømedvitne norske bønder i åra som kjem. Når den nye gjødselvareføreskrifta ligg føre i endeleg form, vil den varsla skjerpa praksis og høgare krav til kunnskap og innsikt.

For å greia komande omstillingar trengst interesserte og kunnskapsrike aktørar innan praktisk landbruk, forsking og rettleiing. Dei må òg vera dyktige pedagogar. Det finst knapt noko yrkesgruppe med eit meir samansett og breitt behov for praktisk og teoretisk kunnskap enn bøndene. Som hjå dei fleste av oss, er det likevel rikeleg med plass til å tileigna seg meir. Men då skal kunnskapen vera matnyttig og basert på problemstillingar det er lett å skjøna og lett å få eit jordnært eigartilhøve til.

Behovet for oppdatert kunnskap om lystgass, metan og karbondioksid treng ikkje få folk til å gå i svart. Ord som mineralflyt, karbonfangst, biogassrestar og næringskretslaup kan bli interessant og endatil gøy for folk som elles har null interesse av å vita at magnesium er nummer 12 i periodesystemet og blir forkorta med Mg.

Landbruket har ekspertar og forskarar. Det manglar heller ikkje på rettleiingstenester. Men for å tileigna seg ny kunnskap og teori om klimagassar og næringsstoffrekneskap må tala og formlane gjerast forståelege. Det er her me treng dei beste pedagogane.

Før folk dett av lasset.

Sjur Håland