DET ER EIGENTLEG eit paradoks, men i Noreg, på om lag 58 breiddegrader mot nord, litt under same breiddegrad som sørspissen av Grønland, bugnar det av grønsaker året rundt. Takka vere framoverlente produsentar i topp moderne veksthus er Rogaland tomatfylket over alle, og også størst på agurk i volum. Så driftige er dei i veksthusbransjen, blir det hevda, at dei snart kan produsera mest kva det skulle vera under glas og akryl. Dei er alt i stand til å gjera oss sjølvforsynte med populære varer som tomat og agurk. Og det med gode arbeidsforhold, rein energi, minimal sprøytemiddelbruk og lågt klimaavtrykk. Kortreist og sunn lokal verdiskaping – det er slik me vil ha det, er det ikkje?

EIN SLAGS SOMMAR er over, også for dei som dyrkar i klimakontrollert ly for vind og rekordnedbør. Men trass i mykje kunstig lys og varme, har også grøntbransjen fått røyne konsekvensane av gråvêret. Sjølv om både tomat-og agurk har auka areala den siste tida, har avlingane vore noko mindre denne sesongen grunna dårlege lysforhold. Nokre tomatprodusentar har opplevd ein nedgang på heile 10-15 prosent. Då skulle ein tru at dei heimeodla grønsakene var ekstra kjærkomne når dei først rulla ut på marknaden. Men det er nett her det byrjar å skurre.

UNDERSØKINGAR VISER at nordmenn føretrekk norske varer, men kva nyttar vel det, dersom dei ikkje er å finna i butikken? Ifølgje Grøntprodusentenes samarbeidsråd et nordmenn om lag 480 tonn agurk og 730 tonn tomat i veka. Men sjølv med eiga marknadsdekking på agurk, blir det importert store mengder frå utlandet midt i norsk sesong. Likeeins med tomat. I norsk tollperiode mellom 10. mai og 15. oktober, blir det importert heile 5000 tonn. Når 760 lågprisa tonn kjem over grensene berre i juli, må den hylleklare, men litt dyrare norske vara vente på lageret. Der blir den liggjande å tapa kvalitet. Marginane er små, noko ikkje minst den einskilde grøntprodusent får erfara.

ME HAR ALT HØYRT om korleis åkrar med blomkål blir pløydd ned att i jorda fordi det ikkje er rom for dei på marknaden. Agurkar er sikkert også grei grøngjødsle, men det er korkje moralsk, klimamessig eller omdømemessig greitt å kasta fullverdig menneskemat for å bøta på ein villfaren marknad. Særleg ikkje når årsaka til den leie praksisen er så openberr.

ANTEN ME TALAR OM mjølk, kjøt, agurk eller tomat, blir avstanden mellom erklærte politiske målsettingar om auka norsk matproduksjon og mangfald på den eine sida, og importauken på den andre, stadig tydelegare. Norske produsentar og samvirke kan effektivisera og produktutvikla til dei blir blå i andletet – når verktøya for å regulera marknaden blir færre, minkar sjansane for avsetting av eigne varer i konkurranse med importen. Og det nyttar ikkje å vera naiv: Marknaden kan ikkje ordna alt. Offentlege innkjøparar og storkjøken kunne til dømes utgjort ein positiv skilnad for avsettinga av norske grønsaker. Det gjer dei ikkje alltid. Dei vel ikkje varer basert på lokalpatriotisk omsyn til norske bønder. Dei går for det billegaste, om det er aldri så langreist. Heilt i tråd med marknadens lov.

VÅR EIGA veksthusnæring har svært gode føresetnadar for å vera med å styrka matproduksjonen vår ytterlegare. I kva grad dei lukkast avheng ikkje berre av lysforholda. Det avheng også av opplyste styresmakter som evnar å innsjå at målet om auka norsk matproduksjon krev ei heilt anna handelspolitisk utvikling enn den me er vitne til no. Import midt i norsk sesong er ikkje vegen å gå.

Bothild Å. Nordsletten