Så fann Venstre likevel saman med Framstegspartiet og Høgre, og landet fekk ei ny regjering.

Blekket var knapt tørt på Jeløyaerklæringa, før opposisjonen og eit samla Landbruks-Noreg reagerte – på det meste: Frå målsettinga om å avvikle pelsdyrnæringa, nedlegging av opplysingskontora for kjøt og egg, og svekking av tollvernet for auka frihandel, via ønskje om ytterlegare liberalisering av konsesjonslova og avvikling av odelslova, til innføring av flat CO2-avgift.

For ikkje å gløyme målet om meir konkurranse i den allereie hardt konkurranseutsette næringsmiddelindustrien og mjølkesektoren. Eller ønskje om å stogge nydyrking av myr. Samt ei for slapp formulering om å «følgje opp» jordvernstrategien, samstundes som kommunane (les bukken) skal få meir handlingsrom i arealpolitikken (les havresekken). For å nemna det grøvste.

«…det som likevel slår meg aller mest når jeg leser plattformen er det klare fraværet av ambisjoner for det norske landbruket. Det plager meg virkelig!», skreiv Elin Bergerud, politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, i ei pressemelding dagen etter at den nye erklæringa vart offentleggjort.

Ho har rett. I førre veke kom Norsk landbrukssamvirke sin Ringvirkningsanalyse. Den viser at landbrukssamvirka direkte og indirekte står for over 55.000 årsverk og over 40 milliardar kroner i verdiskaping, landet rundt. Erkjenninga av dette, av at landbruksnæringa berre blir viktigare, også i tryggingspolitisk forstand, er vanskeleg å få auge på i regjeringserklæringa. Ambisjonsnivået er lågt, noko fleire enn Bergerud også har reagert på. Andre igjen, etterlyser langsiktigheit og stabile ramevilkår. Spør pelsdyrbøndene.

Det kan vera at dei såkalla blå-grøne verkeleg trur at dei vil styrka norsk landbruk med tiltakslista si, men dei bør ta det som eit tydeleg hint om kampane som vil koma, når dei alt i startgropa har prestert å hissa på seg den viktigaste faktoren for å lukkast, nemleg bøndene. Det er ikkje like opplagt for alle korleis mindre marknadsføring, svekka tollvern, meir import og avgift på fotosyntesebaserte prosessar «vil ta vare på det unike ved norsk matproduksjon, som lav medisinbruk, høy dyrevelferd og en lang verdikjede.», slik regjeringa hevdar at den vil.

Regjeringa si satsing på økologisk landbruk, lokal mat og drikke, samt oppfølging av jordvernet er naudsynt, bra og velkome. Ønskje om å legge til rette for urbant landbruk er hyggjeleg, om enn ei litt pussig prioritering, gitt utfordringane det tradisjonelle landbruket står andsynes. Ein skal sjølvsagt ikkje sjå bort frå at fleire pallekarmar i parken vil få fleire byfolk til å innsjå kor krevjande og viktig det er å vera mest mogleg sjølvforsynt.

Samla sett frå landbruket si side er likevel kanskje det beste med Jeløyaerklæringa at den kjem frå ei mindretalsregjering. Dei blå-grøne bør bu seg på mykje motstand.

Bothild Å. Nordsletten