Rogaland får endeleg sin eigen jordvernstrategi. Det er på høg tid, for landets viktigaste matfylke er paradoksalt nok også ein versting til å bygge ned eige livsgrunnlag. Heile 1400 dekar jordbruksjord gjekk tapt mellom 2004-2015, og ranet av framtidige generasjonar sitt spisskammers held fram. Store areal kjem til å gå tapt i planlagde infrastrukturprosjekt som ny E-39 og eit eventuelt dobbeltspor over Jæren. I skrivande stund byggjer Klepp kommune rekkehus i ein kornåker, som om morgondagen aldri skulle koma.

Fylkesutvalet har nett sendt forslag til regional jordvernstrategi på høyring. Hovudmålet er å redusera nedbygginga til maks 400 dekar årleg innan 2022. Det utgjer ti prosent av den nasjonale målsettinga om maks 4000 dekar innan 2020. Med tanke på at Rogaland har ti prosent av jordbruksjorda i Noreg, ser tala umiddelbart logiske ut. I røynda går ikkje rekneskapen opp. Å vera matfylke skulle forplikte til langt strengare mål. Det handlar trass alt om ein ikkje fornybar ressurs.

Strategien kan såleis ikkje kallast særleg ambisiøs. På den andre sida framstår den som ganske realistisk, ikkje minst i lys av den lokale nedbyggingsiveren – og ikkje minst i forhold til ein vakker, men uoppnåeleg nullvisjon. Vonleg vil òg måla skjerpast på sikt.

Strategien inneheld over 60 tiltak for å redusera nedbygging. Å auka kunnskapen til politikarar og forvaltinga om jordvern, står sentralt. Det er bra. Dei 1400 tapte dekara er ei tragisk stadfesting av at jordbruksregionens eigne treng rettleiing.

Dei viktigaste grepa ser ein vidare føre seg at skal gjerast innan arealplanlegging. Brorparten av tiltaka er difor klokeleg retta mot regional og kommunal planlegging. Om Rogaland vil styrka jordvernet, er det ikkje tvil om at det må takast større omsyn til og prioriterast i alle planar, kortsiktige så vel som langvarige. Asfalt og utbyggjarinteresser veg framleis tyngre enn jord.

Strategien framhevar også korleis ein kan spara jord rundt byar og tettstadar. Kunne den gått eit steg lengre? Uansett kor smarte og høge byane blir, vil den vanlege veksttanken føra til press på jordbruksjord og naturområde. Kva med eit tak på kor mange som får bu i viktige jordbruksområde?

Landbruket er sjølv ein stor jordfjernar og stod for heile 16 prosent av nedbygginga i fylket frå 2004-2015. Strategien varslar ei kraftig og naudsynt skjerping av praksis. Årleg nedbygging av jord til landbruksbygg skal reduserast til mindre enn ti prosent av det regionale målet. Fylkets 4000 driftige bønder må altså dela på snaue 40 mål jordbruksjord, om dei vil bygga nytt. Det borgar for nytenking. I tillegg skal nye lager, veksthus og bygg til kraftfôrbaserte produksjonar vekk frå god jordbruksjord. Strategien stadfestar såleis det mange i landbruksnæringa alt meiner, men få vågar seia høgt. Det er på tide å ta den debatten. Skal næringa vera truverdig i jordvernssaka må bøndene rydda blant eigne hus.

Skulle Rogaland nå målet om ikkje å bygga ned meir enn 400 mål jord i året, blir summen framleis 800 mål på to år, 4000 mål på ti år, og så vidare. Igjen, rekneskapen går ikkje opp. Denne framferda er og blir etisk, moralsk, og tryggingspolitisk uforsvarleg. Kor går grensa for kor mykje me kan boltre oss? Kor lite jordbruksjord er lite nok – og kva rett har dagens generasjon til å avgjera svaret på vegne av etterslekta?

Jordvernstrategien vil vonleg liva opp debatten om desse tema og pensa matfylket inn på ein rettare kjøl.

Bothild Å. Nordsletten