TIDLEGARE DENNE MÅNADEN var ein av konsernsjefane i NorgesGruppen invitert til Norsk Fjørfelag sitt års-og fagmøte i Egersund. I lyset frå proffe powerpoint-plansjar tok han publikum med inn i Joker, Kiwi, Spar og Meny si velassorterte verd. Ei verd der forbrukaren blir framstilt som allmektig, og der samfunnsansvaret kviler tungt på konsernleiinga sine skuldrar. NorgesGruppen bidreg til eit sunnare, grønare og meir levande Noreg, skal me tru konsernsjefen, som viste til butikktak med solceller, innslag av lokalmat i hyllene og jordbær heile året.

EGGPRODUSENTANE I SALEN ville på si side vita om også NorgesGruppen planlegg å gå over til sal av egg berre frå frittgåande høner, slik Rema1000 gjorde i 2012. Same året vart konvensjonell burdrift forbode og alle anlegg oppgradert anten til miljøinnreia bur eller frittgåande system. Eggnæringa finansierte sjølv omleggingskostnaden på meir enn to milliardar kroner. Økonomien i produksjonen har sidan då vore synkande. I dag vert 36 prosent av alle norske egg produsert i miljøinnreia bur, 58 prosent i frittgåande system, og seks prosent økologisk. I følgje næringa er miljøinnreiinga god til bruk i ytterlegare 15-20 år. Om berre matvarekjedane vil ha egga.
– NorgesGruppen er på ei reise i retning frittgåande, ja, var konsernsjefens svar.

SÅ POETISK kan ein setta støkken i ei heil næring. Forbrukartrendane peikar i den lei, forklarte NorgesGruppens mann. Stemninga blant eggprodusentane vart neppe betre då Nationen dagen etter meldte at dyrevernorganisasjonen Anima er iferd med å etablera seg i Noreg, med mål om å sette ein stoppar for «buregg». Ikkje er dei begeistra for frittgåande system heller, står det å lesa på organisasjonen si nettside. Kva husdyrhald Anima sidan vil ta for seg, er uvisst.

«FRITTGÅANDE» KLING unekteleg betre enn «bur», men forskinga har ikkje konkludert på kva som gir best dyrevelferd av miljøinnreiing eller frittgåande system. Folk i næringa veit det er pluss og minus med båe. Folk flest likar lyden av «frittgåande», men veit i røynda fint lite om dei ulike produksjonsmåtane, skal me tru ei undersøking laga av Epinion, på oppdrag frå Norsk Fjørfelag.

I FRYKT FOR Å HAMNA bakpå i kampen om kundane har NorgesGruppen alt fatta ei avgjerd som vil ha store konsekvensar for eggnæringa. Forbrukaren bestemmer kva som skal stå i butikkhyllene, påstår matvarekjedane. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Heller er forbrukaren og kjedane fanga i ein rå runddans av fakta, følelsar, relle så vel som skapte behov, og tung, tung marknadsføring.

KVEN VEIT, KAN HENDE går utviklinga i retning 100 prosent friluftshøner. Men då må også matvarekjedane og forbrukarane vera villege til å betala ein heilt annan pris for det. Næringa er frustrert og etterlyser debatt om dyrevelferd og produksjonsmåte basert på norske forhold og fakta. Som at Noreg er eit av dei einaste landa i verda utan salmonellasmitta høns. Som at norske egg er blant dei tryggaste i verda og at små og spreidde besetningar bidreg til det. Som at antibiotikabruken er låg og dyrehelsa og dyrevelferden er i verdsklasse.

NORGESGRUPPEN KAN REISA kor den vil. Spørsmålet er kor mange eggprodusentar som maktar å halda tritt med stadige trenddrivne og kostbare omleggingar. Matvaregigantane må ta omsyn til eggprodusentane med open kommunikasjon, føreseielege vilkår og uttalt skrøyt for dei unike forholda i produksjonen.
Dét er godt samfunnsansvar, det.

Bothild Å. Nordsletten