FORBRUKET AV KJØT aukar om dagen, men kor mykje pølse, biff og kylling vil me stappa i oss i framtida?

Å LAGA PROGNOSAR for morgondagens kjøtmarknad er ei komplisert affære. Like vanskeleg er det for næringa å treffa blink med investeringsplanar og produksjon.

MYKJE ER SKRIVE og sagt om det langvarige marknadsunderskotet av sau og lam som med eitt vart til ein veldig overproduksjon. Svin har me også meir enn nok av. Storfekjøt er det, trass i bognande kjølediskar, underskot på. Samstundes har investeringsvilja i kjøtfe vore så sterk sidan det vart oppmoda til ekstra etablering i 2015, at fleire fagpersonar alt no er uroa for overproduksjon. Etter den ferske Animalia-rapporten «Kjøttets tilstand» å døma, er det berre produksjonsresultata i fjørfeproduksjonane som for tida er «stabilt gode».

DET ER VEL SPANANDE tider for norsk kjøtproduksjon. Dei marknadsregulerande verktøya blir stadig færre, eller svakare. Importkvotane aukar. Utviklinga i mjølkesektoren med færre mjølkekyr og med bortfallet av eksportstøtta til Jarlsberg, byr på utfordringar for storfekjøtproduksjonen. Prognosane for folketalsveksten, les marknaden, peiker heller ikkje til himmels lengre.

MOT DENNE BAKGRUNNEN liknar samvirka sine forsøk på å oppretthalda marknadsbalanse på ei vandring på slak line i sterk vind. Kjøtfri-trenden og eit aukande klimamedvit utgjer i tillegg lunefulle kastevindar – som kan bli permanente fenomen.

ME SKAL GLE OSS over dagens investerings– og satsingsvilje i landbruket. Men det finns ei tid for å trø på gassen, og ei tid for å sleppa litt opp. Mykje tyder på at tida er inne for sistnemnde. Sauenæringa har alt oppmuntra til redusert påsett og lettare lam. For storfe vedtok Nortura nyleg å redusera den årlege vekstambisjonen til 2500 ammekyr for dei neste tre åra, ned frå ca. 7000 i år. Det er eit klart signal om at samvirket ynskjer å styra nyetableringane meir, og å justera farten. Norsvin har i tidlegare år, og med eit visst hell, køyrt dugnad for redusert påsett.

DET ER IKKJE SNAKK om vedunderkurar, men om praktiske tiltak som kan gjennomførast med jamn fordeling av dei byrdene som tiltaka fører med seg. Tilpassing av planar og investeringar, og god utnytting av ressursane på kvar einskild gard, er naudsynt for å møte utviklinga. Kvar bonde bør ta sin del av ansvaret for å halda marknaden i balanse, for fellesskapen sin del – og på sikt for sin eigen.

KJENSLA AV Å måtte «bremsa opp» er neppe den mest motiverande. Men det er heller ikkje konsekvensane av overproduksjon.

Bothild Å. Nordsletten