Å LAGA GODT SURFÔR er det lettaste som finst. I teorien. I praksis har konservering av frisk blad- og stråmasse ikkje blitt det grann enklare enn det var då metoden vart teken i buk for åtti år sidan.
– Skjerpings, seier fagfolk, som synar til høgt sporeinnhald, og fyrar laus med gamle sanningar om konserveringsteknikkar.
– Prøv sjølv, svarar bøndene, og freistar så godt dei kan å omsetja grønt gras og grei teori til vanskeleg, sporefri praksis.
Anaerobe sporedannande bakteriar i mjølk har vore tema i Bondevennen opp gjennom åra. Denne vinteren og våren har temaet også fått raust med spalteplass. Nye rutinar for kvalitetsbetaling hjå Tine fører til alvorlege økonomiske utslag for dei som har problem med sporeinnhaldet i mjølka. Høgt sporeinnhald gir raskare nedklassing av mjølka frå garden din og auka fare for mottakstopp enn før.

DET ER DESSVERRE ikkje så enkelt at sporane kan fjernast heilt på meieriet før mjølka blir tappa i ostekara, sjølv om ny teknologi er i bruk. Råvarene frå mjølkebruka reiser ikkje alltid raskaste vegen til næraste meieri. Mjølkerutene går litt på kryss og tvers her i landet. Osteproduksjonsanlegga har ulikt utstyr for å «filtrera» ut sporane. Utstyret er avansert, dyrt, og driftsprosessen er kostbar. Om sporeinnhaldet er høgt, greier sjølv ikkje dei mest moderne anlegga å «filtrera» ut alt. Nitrat har i tillegg vore brukt som tilsetjingsmiddel for å hindra at sporane blir aktivisert i osten. Nå er bruken av nitrat på veg ut.

FØR I VERDA var standard utstyr i slåtten ein lett 47-hestars traktor, meterbrei fôrhaustar med maursyrekanne og ein tilhengar eller to utstyrt med graskarmar. Når rettleiarane i dag skal gje råd, er det i respekt for at maskinparken og haustemetodane varierer frå gard til gard. Det same gjeld for kor og korleis fôret blir pakka og lagra. Graskjelvene har blitt invadert av nytt utstyr og nye hausteteknikkar dei siste åra. Det ferdig konserverte grovfôret frå rundballar, tårn- eller plansiloane kan sjå bra ut og vera godt ensilert, men likevel har sporane kome med.
Det er lov, og det er lett, å bli fascinert av kule videosnuttar på Facebook som i droneperspektiv synar nytt utstyr, som sjølvgåande finsnittarar, som nærast svever over bakken og haustar grasstrengane med ein enorm kapasitet. Det vi gjerne ikkje tenkjer gjennom er at bruk av slikt utstyr føreset optimal utnytting av kapasiteten for å få lønsemd for både bonden og entreprenøren. Spørsmålet blir då om vi er gode nok til å pløya og horva. Om enga er slett nok og dermed høver for denne typen utstyr. Og, skal dette graset i plansilo, er utfordringa lagvis legging og tilstrekkeleg pakking medan taksameteret går i megamaskinane. Det er, seier bønder som har prøvd, ei svært vanskeleg øving.
Kanskje kombinasjonane lett jord, lessevogn, plansilo og full fart med riva heller ikkje er den beste med omsyn til sporar. Ei støvsky rundt utstyret i slåtten kan vera eit faresignal. Har husdyrgjødsla frå stripespreiaren tørka og ligg i svoren, er det berre eitt råd som gjeld, still stubben høgare. Er det blautt i jorda når du slår, er ikkje det heller godt. Då vil du kanskje kjøra opp spor som slåmaskinen eller riva «planerer» neste slått. Spora blir med andre ord sporar.

SPOREFRITT SURFÔR er mogleg. Men det føreset at den som skal leggja fôret på fôrbrettet til hausten tar styringa og prioriterer grepa ho eller han veit det kan gjerast noko med. Tilstrekkeleg stubbhøgd blir presisert av rettleiarkorpset. Det betyr at du ikkje skal bli vurdert som ein slurvete bonde dersom du på ujamn eng vel 13 centimeter stubb i staden for åtte eller ti. Fagfolka stressar også viktigheita av å tilsetja nok ensileringsmiddel. Sporeutfordringane er samansette. Kanskje det aller viktigaste sporerådet er knytt til samleriva. Reiskapen krev ein svært røynd sjåfør som kan justera riva undervegs, som vågar å senke farta, kjøre med låg nok hastigheit på kraftuttaket og som galant aksepterer at ein grasdott eller to på enga ligg att for å unngå småstein, jord, gjødselrestar og sporar i vinterfôret.

Sjur Håland