– SVART OG TEMMELEG DYSTERT. Orda til NLR-rådgjevar Ragnvald Gramstad i denne utgåva summerer på dramatisk vis landbrukssesongen, slik han har vore for mange av lesarane våre.

FORHOLDA VARIERER, men etter den våtaste sommaren i manns minne går følgjande problem igjen over delar av landet: Mindre og dårleg grovfôr, mindre korn, dårlegare beite, lettare lam, køyreskadd jord og gjødsellager som er i ferd med å fyllast.

I SKRIVANDE STUND SKIN SOLA. Det er ennå lov å håpa på nokre dagar med finvêr og tørke på tampen av sesongen, men erstatningssakene etter tapte avlingar blir mange i år. Kompensasjon kjem godt med, men vil neppe vera tilstrekkeleg til å dekka inn manglande inntekter for dei mange som har tatt opp store lån til nybygg og omstilling.

PENGAR KAN HELLER ikkje kompensera for kjensla av maktesløyse og uro under dei evige regnbygene. Bønder er vande med å ordna opp i ting sjølv. Vêret, derimot, har dei ikkje herredøme over. Ikkje rart at fleire no balar med psyken.

MEDAN ME MÅ VONA at 2017 blir eit unnataksår, er det grunn til å bu seg på meir ustabilt og vått vêr i tida som kjem. 2017 er i så forstand ein kraftig vekkar. Andre stader i verda har vore råka langt hardare enn oss, med tørke, flaum, kraftige orkanar, enorme materielle skadar – og tap av liv. Det er når me ser hendingane ute og heime i samanhang, at ubehaget snik seg innpå oss. Betalingsdyktige som me er her nord, kjem me til å eta godt lenge. Men kva når avlingane blir dårlegare, prisane går opp og andre land si evne og vilje til å selja oss mat minskar?

VÊRET I SOMMAR og klimaforskarane sine framskrivingar tilseier at det er på høg tid å tenka nytt om måten me driv jorda på. Framover må matproduksjonen drivast i større audmjuke med naturen, jorda og biomangfaldet. Dagens agronomiske kunnskapsregime er moge for revisjon.

FOR SPESIALISERING, stordrift og tunge maskinar gjer oss sårbare for det nye klimaet. Me har visst om prognosane for aukande nedbør over Vestlandet i mange år. Bøndene har slitt med konsekvensane av jordpakking i årtier. Og likevel har traktorane og maskinane berre blitt tyngre og større. Lir landbruket av eit macho-kompleks? Kvir maskinleverandørane for å lansera lettare og smartare køyrety? Dei trengs no, men kor blir dei av?

I PÅVENTE AV BETRE TIDER gjeld det å berga dei avlingane som bergast kan, men ikkje minst også å taka vare på kvarandre.

BILETET PÅ FRAMSIDA denne veka, der ein bonde reklamerer for sal av fiskekort på den overfløymde marka til naboen, er eit framifrå døme på den typen kameratskap og galgenhumor som trengs i regnet. Ingen bonde skal måtta gå aleine med uroa si.

DEN NYSS AVLIDNE LEGEN og vismannen Per Fugelli gav oss ei vakker oppmoding, som gir ekstra meining for dagar som desse: Ta vare på flokken.

Bothild Å. Nordsletten