Fanatiske dyrevernarar er på frammarsj i Sverige. Der dei tidlegare gjekk laus på slakteri og minkfarmar, har dei i tillegg no retta skytsen mot einskilde bønder og familiane deira.

Grove trugsmål og hets haglar på nettet og over telefonen. Bønder har blitt trakassert og angripne på gardane sine. I nokre tilfelle skal også dyrevernarane ha oppsøkt barna deira på veg heim frå skulen, eller når dei er åleine heime. I andre tilfelle skal aktivistane, med allemannsretten i hand, ha telta i dagesvis ved garden, i protest mot bondens dyrehald. Det har vore tilfelle av vald, innbrot og skadeverk.

Problemet aukar, seier Palle Borgström, leiar av Lantbrukarnas Riksförbund (LRF), med 140 000 medlemmar. Artikkelen hans om problemet, i Aftonbladet 9. april, har ført til mediestorm – til støtte for bøndene. Dyrevernarane blir meir utstuderte, seier Palle, med aksjonar mot svin før jul og mot egg før påske. Også mjølkebruka har no hamna i dei militante dyrevernarane sitt søkjelys.

Åtaka pregar bøndene sin kvardag. I følgje ein undersøking tinga av LRF er kvar fjerde svenske bonde uroleg for å bli utsett for hat og trakkaseri. Kvar femte kjenner ein kollega, som har blitt utsett for dyrevernarane vrede. At bøndene ofte jobbar åleine forsterkar kjensla av å vera sårbar og utsett. Hetsen og åtaka undergrev retten til å kjenna seg trygg på jobb – og i eigen heim.

No kritiserer bøndene styresmaktene for ikkje å gjera nok, og politiet for ikkje å ta sakene deira på tilstrekkeleg alvor. LRF har vore i møte med landbruks- og justisministeren, som lovar å ta grep. Støtta i media til bøndene er sterk. I ein mykje omtalt leiarartikkel i Expressen kallar journalist Linda Nordlund dyrevernsaktivistane for dei nye abortmotstandarane.

Me hugsar saka der dyrevernarar braut seg inn på ein pelsfarm her i Noreg i 2013, men så langt er norske bønder heldigvis skåna frå dei tilstandane som svenske yrkesbrør – og søstre no opplever. Kan det same likevel skje her? Sjølvsagt. Som Noreg, hevdar også Sverige å ha eit av verdas beste landbruk. Dyrehelsa og -velferda er god, reglane strenge. I prinsippet kan folk som har som mål å avskaffa husdyrhald også gå til åtak på norske bønder og landbruksnæring.

Svenske medier fortel om bønder som ikkje lenger torer å seia at dei driv kjøtproduksjon. Om bønder som vurderer om dei orkar å driva vidare. Frå kontinentet høyrer me historiar om fjørfeprodusentar som tek konsekvensen av dyrevernarfanatisme og tonar ned sjølvprofileringa slik at dei nesten blir usynlege.

Slik skal me ikkje ha det, og slik må det for all del ikkje bli i Noreg. Matproduksjon bør føregå så ope og transparent som mogleg. Sjølvsagt med dei høgste standardar for god dyrevelferd. Ytringsfridomen sikrar oss retten til å framsnakka både kjøt og veganisme, dyrefrigjering og dyrehald, alt etter ståstad. Demokratiske spelereglar forpliktar oss til å gjera det med lovlege, siviliserte middel.
Fanatikarane bles av desse reglane. Me må vera budde på at dei prøver seg også her, men dei må ikkje få spelerom.

Bothild Å. Nordsletten