Då NRF-rasen for alvor vart introdusert kring 1960, rista det etablerte landbruket i sine grunnvollar. Debatten kring den nye rasen fekk det til å koka under hattar og huver hjå sjølv dei mest sindige og fornuftige husdyrbøndene. Dei gamle rasane, som Vestlandsk Raudkolle, var tilpassa norsk husdyrbruk gjennom mange tiår. Å landa ein ny husdyrmiks, vart ikkje spådd nokon suksess.

Dystre spådommar vart gjort til skamme. Norsk raudt fe har stort sett vore ein suksesshistorie. Kyrne har rett nok aldri blitt perfekte i høve til å tilfredsstilla det store mangfaldet av eksteriørbehov og prioriteringar, men dei har i stor grad oppfylt målsettinga om å forsyna nasjonen med både mjølk og kjøt. I tillegg har dei vore greie nok beitedyr. Historia er kjent. Gamle ramar og grenser er rivne opp. Strukturrasjonalisering, spesialisering og mangfaldsdyrking har, saman med mjølkerobotrevolusjonen, ført til at NRF ikkje lenger er like dominerande i norske storfefjøs. Det som derimot har dominert dei siste åra, er eit underskot på norskprodusert storfekjøt. For gjeldande år synar novemberprognosen frå Nortura ei underdekning på 12.400 tonn, i berekninga er importkvotane inkludert. Talet illustrerer at det framleis er potensial for meir storfekjøt i ei tid der dei som driv med mjølk, sau eller fjørfe og egg, stangar hardt i fjøstaket.

Rasemangfaldet gir utfordringar for enkelte. Bønder med mjølkerasane Holstein og Jersey har ikkje dei same høva, som dei med NRF, til å ta ut det ekstra kvalitetstillegget som følgjer med det høgast klassifiserte slaktet. Det er heller ikkje alle som driv med spesialisert storfekjøtproduksjon, som automatisk får sine dyr i høgaste klasse. I gardsreportasjen i førre nummer av Bondevennen etterlyste sirdalsbonden Frode Ovedal, som driv med Skotsk Høylandsfe, ei klassifiseringsordning som i større grad kjem dei til gode som satsar på produksjonsdyr utanom dei mest vanlege og høgtytande kjøtferasane. Før jul kunne du lesa om årets unge bonde, Ingve Berntsen, i Bondevennen. Han har tankar om å fase ut besetninga si av Hereford til fordel for den gamalnorske Vestlandsk Fjordfe. Desse dyra, med ein total norsk populasjon på 600 dyr, er små og seintvaksande, men dei har til liks med den langragga besetninga til Ovedal, unike eigenskapar, tilpassa fjord og fjell, knattar, knausar og oppvarma restauranttallerkenar.

Norsk langstrekt landbruk har eit eineståande mangfald, som blir verdsett. Det norske landbruket, med sine mange innretningar, er komplisert. Men politisk vilje er ein føresetnad for lønsam drift. I den innhegninga er det lett å argumentere for små og smale storferasar som supplement til Angus og Charolais. Dei kjem seg fram, ryddar beite og pleiar landskap på stadar der tyngre dyr med større klauver ikkje har nubbesjans å kome til. Dei smale storferasane greier seg med kortreist, naturleg grovfôr, i tillegg har den seintvaksande muskulaturen ein smak og ei feittmarmorering som kokkar og andre feinschmeckerar gjerne blar opp litt ekstra for. Den meirverdien må slakteria, med Nortura i spissen, bli flinkare til ta ut i marknaden.
Med å leggja meir til rette for eit lønsamt storfemangfald, inkludert nisjedyr som er resarar på utnytting av grøn naturkost, får vi eit berekraftig alternativ til eskalerande attgroing, fråflytting og enda meir langreist mat.

Sjur Håland