image description


– Vi legg fram eit moderat krav med tydeleg retning, sa leiar i Bondelaget, Lars Petter Bartnes, i samband med at jordbrukets forhandlingsutval la fram krav til ramme og fordeling, ved årets jordbruksforhandlingar.
– Kravet følgjer opp Stortinget sine mål om auka matproduksjon og landbruk over heile landet, var ein av kommentarane til Merete Furuberg, leiar i Småbrukarlaget.
Kravet har ei rame på 860 millionar og vil, i følgje Bondelaget, i snitt, gi ein inntektsvekst på 20.800 kroner per årsverk for bøndene. I kravet dekker ein inn 577 millionar i budsjettstøtte og 193 millionar gjennom auka målpris.


Mjølk- og ammekuproduksjon er vinnarane av budsjettmidla, gjennom auka driftstilskott og husdyrtilskott. Her ligg mykje av politikken i årets krav. Det er som kjent gjennom budsjettmidla at ein først og fremst kan utforme politikken. Auken i driftstilskottet gir størst utslag per ku på mindre bruk. For husdyrtilskottet til mjølkekyr er det forslått ein auke på dei første 16 kyrne, med ein reduksjon frå den 17. kua og oppover. For ammekyr er satsen auka for dei første 50 kyrne, med reduksjon frå den 51. kua og oppover.
Det blir foreslått tak for husdyrtilskott med grense på 100 kyr, 500 storfe, 250 mjølkegeiter og 400 sauer over eitt år. For arealtilskott er det sett tak på 400 dekar grønsaker. 100 dekar frukt og 200 dekar bær.


Oppsummert ser vi at faglaga har gjort grep for å reversere «Listhaugstemplet» frå teknisk avtale i 2014. Totalkalkyla, som blei presentert før kravet, er nok ein del av bakteppet for dei strukturgrepa som nå blir føreslått. Kalkyla dokumenterte ei betre lønsutvikling for større enn for mindre bruk, særleg i mjølkeproduksjonen.


«Vi står overfor et verdivalg. Lar vi den ensrettingen som vi har sett de siste årene fortsette, ender vi opp med et landbruk som verken er tilpasset det landet vi bor i, eller de forventningene folk har til næringa vår.» uttrykke Bondelagsleiaren i samband med framlegging av kravet. Grepa som blir foreslått skal ifølge faglaga gi; «små og mellomstore bruk et økonomisk løft, legge til rette for økt produksjon av storfekjøtt, bedre kornøkonomien og styrke lønnsomheten ved å bruke utmarksbeite».


Det er med undring vi registrerer at forhandlingsutvalet har valt å ikkje foreslå å retta opp dei uheldige utslaga frå 2015 avtalen, ved forenkling av utbetalinga av lammetilskotet. Med den modellen som er presentert, og ikkje sagt imot, kunne ein på elegant vis kome på sporet igjen.


I skrivande stund kjenner vi ikkje tilbodet, men vi ventar kamp både om ramme og struktur og om bruk av budsjettmidlar kontra målpris. Vil landbruks- og matminister, Jon Georg Dale, ta omsyn til det faglaga har kravd, ikkje minst akseptere politikken som ligg bak, eller blir det ei vidareføring av Listhauglinja?
Igjen kan det bli støttepartia, KrF og Venstre, som brukar makta ved å vere i vippeposisjon. Vi ventar at regjeringa lyttar til næringa, og innrettar verkemidla etter måla i gjeldande landbrukspolitikk og signala frå stortingsfleirtalet.




Eirik Stople