KORT TID FØR VALET er det interessant å merka seg korleis distrikts- og jordbrukspolitikk no utgjer ei av dei viktigaste skilelinene i norsk politikk. I spørsmål om politireformar, lokalisering av helsetenester, forsvar og jordbrukspolitikk, er regjeringspartia i utakt med veljarane.

MEDAN VALKAMPEN har handla meir om opp- og nedturar på meiningsmålingane enn om dei store spørsmåla i vår tid, ser me at landbruket når opp på dagsorden stadig oftare. Anten det er snakk om klimaendringar, matvareberedskap eller verdiskaping tykkjest politikarane si forståing av landbruket sitt samfunnsoppdrag å auka. Det lovar godt.

I FØRRE UTGÅVE av Bondevennen skreiv AgriAnalyse om korleis støtta for å oppretthalda landbruket i minst same omfang som i dag, har auka merkbart i Høgre og Framstegspartiet. Sidan 2013 har støtta i Høgre auka 24 prosentpoeng frå 67 til 91, medan støtta i FrP har auka med heile 44 prosent frå 44 til 88 prosent. Tala kan tyde på at fire år med makt har styrkt landbrukskompetansen i desse partia.

SPØRSMÅLET ER i kva grad denne innsikta påverkar landbrukspolitikken. For, som AgriAnalyse påpeiker, det er ingenting som har endra seg i programma til dei to partia. På spørsmålet om i kva grad matproduksjonen bør byggjast på såkalla små- og mellomstore bruk landet over, eller om brukseiningane i større grad bør sentraliserast, openberrer den politiske kløfta seg att.

MEDAN 67-98 PROSENT av kandidatane frå opposisjonspartia, KrF og Venstre, ynskjer å legga til rette for små- og mellomstore, er det berre 20 prosent i Høgre, og 17 prosent av FrP sine kandidatar, som vil det same. 46 prosent av Høgre sine kandidatar og 57 prosent av FrP sine meiner at landbruket bør sentraliserast i mykje større brukseiningar enn i dag.

AVSTANDANE MELLOM blokkene i dette spørsmålet viser korleis dei to sidene tolkar noregskartet, jordsmonnet og topografien svært ulikt. Det er vanskeleg å sjå korleis sentraliseringsiveren til regjeringspartia er i samsvar med målsettingane deira om landbruk i heile landet.

OGSÅ PÅ SPØRSMÅL om i kva grad stortingskandidatane ynskjer å oppretthalda dagens nivå på offentlege støtteordningar til jordbruket, skil Høgre og Framstegspartiet seg ut, då omsynsvis berre 47 og 21 prosent er for.

KAN HENDE ER NOKO i ferd med å endra seg i det blåblå synet på norsk landbrukspolitikk. Det ville i så tilfelle vore gledeleg. Men inntil Høgre og Framstegspartiet endrar mål og verkemiddel, må veljaren framleis vera medviten om kva retning ho vil at norsk landbruk skal gå i, – og velja stemmesetel deretter.

Bothild Å. Nordsletten