Ein sofa-surfetur på Youtube tidlegare denne sommaren, enda opp på nokre sjøgardar sør på Jæren. Det handla om storslått siloslått, maskinar og musikk. Ingen dårleg kombinasjon. Men med den elendige starten på vekstsesongen i bakhovudet, var det eitt og anna som skurra saman med dei kraftige dieselmotorane. Dei sjarmerande filmsnuttane, som det lukta gras, hydraulikkolje og maursyre av, kunne like gjerne vore frå prærien i Canada eller USA. Eller det kunne vore frå vår kollega i sør, Danmark. Men traktorane, påmontert butterfly—slåmaskin, og dei sjølvgåande grashaustemaskinane, var altså filma i live-aksjon på Sørvestlandet. Ein farmar frå Dakota hadde nok flirt litt oppgitt over våre definisjonar av både stordrift og tunge maskinar, men ut frå norsk målestokk, vil stordrift vere ein grei definisjon. Spørsmålet er om det er greitt – og om det er berekraftig?

Det er på ingen måte meininga å produsere skår i gleda over å vere effektive og å ha stor kapasitet på haustemaskinane. Men det må vere lov å stille spørsmåla: Tåler jorda vår den intense drifta og dei tunge maskinane? Har strukturendringane på gardsbruka ført til eit kapasitetsbehov som gjer at vi ikkje lenger greier å ta godt vare på den mest avgjerande innsatsfaktoren, jorda? Har tidspresset til entreprenøren, saman med kravet til rett slåttetidspunkt og grovfôr av ypparste kvalitet, ført til at enga blir slått, sjølv om nedbørsmengdene og faren for jordpakking tilseier at vi burde ha venta ein dag eller fem?

Spørsmåla er stilte før.  I Bondevennen sitt arkiv, er det nok av åtvaringar å finne frå datidas sivilagronomar. For 50 år sidan peika dei på at større maskinar betydde auka jordpakking og fare for reduserte avlingar. Det var i ei tid då hesten var i ferd med å bli parkert for godt, medan traktorane hadde mindre enn 40 hestekrefter under panseret og heitte MF-35, Volvo Buster 320 og Fordson Dexta.
Vekta på traktorane og talet på hestekreftene har mykje meir enn dobla seg dei siste 50 åra, medan talet på gardsbruk og bønder er langt meir enn halvert. På dei vanlege husdyrbruka er det grasproduksjon som gjeld. Vekstskifte er oftast eit ikkje-tema og fornying av enga er ein kostnad som gjerne blir utsett. Det kostar mindre å sikre seg med å så frø direkte i den gamle enga, som er i ferd med å kapitulere til fordel for ugraset. Og når eit lite område av enga har blitt så vassjukt at det er nyttelaust å kome utpå med traktor, er det meir freistande å køyra utanom enn å bestille dyr entreprenør med gravemaskin og grøfteskuffe.

I vinter besøkte Bondevennen leiaren for den danske foreininga for økologiske bønder, Ewald Vestergaard. Bonden frå Midt-Jylland dreiv økologisk med ei mjølkebesetning på 130 kyr. Han hadde interessante tankar om den tilsvarande situasjonen i Danmark. Auka nedbørsmengder, meir intensiv drift og einsidig plantedyrking bidrog til at det øvste laget av den danske leirjorda vart nærast pulverisert, meinte han. – Jorda er daud, hevda Vestergaard. På eigen gard motarbeidde han effekten av mykje nedbør og tunge maskinar med pløying og hyppig vekstskifte. Mikroorganismane, som ei levande jord treng, fekk næring og luft gjennom iblanding av halm.

Gammal kunnskap om agronomi er ikkje gått ut på dato, men han er i ferd med å bli gløymt.

Avstanden frå traktorsetet til det som føregår, eller rettare, ikkje føregår, under grastorva har blitt for stor. Alt var ikkje betre før, og vi skal langt frå argumentere for å skru tida tilbake til hest og hesjer. Men vi kan argumentere for at vi framover bør bli flinkare til å setje spada i jorda, snu torva og vurdere stoda og eigen praksis.

Vi vonar at det går lenge til neste gong vi får ein vinter og ein vår av det slaget vi nett har lagt bak oss. Uansett har det vore ein dvalevekkjar for oss som driv med landbruk:

Det er vanskeleg å få nytt liv til å spire i komprimert og vassmetta daud jord.

Sjur Håland
sjur.haland@fkra.no