SURDEIGSKURS. Yoga og økofilosofi. Økologiske frukostar og markvandringar. Dette er nokre av dei om lag 250 arrangementa som gjekk av stabelen frå Oslo til Nordland under Økouka førre veke.

ØKOLOGISK MAT og produksjon blir stadig meir populært. Salet av økologiske varer har auka med 14 prosent det siste året, syner tal frå Landbruksdirektoratet. I ei ny undersøking laga på oppdrag av Matmerk og Økouka, går det fram at forbrukarane som vel økologiske varer hovudsakleg gjer det av omsyn til miljø og dyrevelferd. Helse er mindre viktig. Økoforbrukarane er ei svært kjøpesterk gruppe – og dei føretrekk at maten er norsk. Produksjonen av økologisk korn, erter og oljefrø aukar også, heile 22 prosent sidan i fjor, om enn frå eit svært lågt utgangspunkt av totalproduksjonen.

DET ER OPPLØFTANDE å sjå korleis økologisk landbruk, i alle sine variantar, skapar folkeleg engasjement og tenner draumen om eit liv nærare jorda i mang ein urban forbrukar og skapbonde. Landbruksmiljøet og matproduksjonen treng den kreativiteten, nytenkinga og temperaturen som økologane bringer til torgs. At mange økobønder også er svært gode agronomar, er ein ressurs som det konvensjonelle landbruket med fordel kunne dra meir nytte av.

FOR KUNNSKAPSTØRSTEN i det økologiske landbruksmiljøet er påtakeleg. Det er eit tankekors at fleire av arrangementa under Økouka handla nett om jord og om bærekraftige måtar å gjera henne meir fruktbar på. Meir biologiske, og mindre mekaniske metodar for jordarbeid, burde interessera alle jordbrukarar, uansett driftsform.

I VISSE STOKK KONVENSJONELLE miljø er det framleis greitt å latterleggjera alt økologisk. Og det skal seiast – fleire postar på Økouka-programmet var vel egna til å innfri fordommar: Økologisk henna-maling. Økobrunch med Satya yoga. Intuitiv birøkt. Djup økologisk nattkafé. Ikkje rart «øko» for somme verkar lett latterleg og ekskluderande.

I TILLEGG TIL DET SEIGLIVA rastahår-og-urtete-imaget, bidreg ytterlegare éin viktig faktor til å dempa krafta som økologisk jordbruk burde utgjera i Noreg. Professor Dag Jørund Lønning ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling påpeikte det i fleire føredrag under Økouka: Folk flest assosierer truleg økologisk mest med «usprøyta», altså med fråveret av noko, til dømes kjemikaliar eller kunstige innsatsfaktorar. Eit fråver som paradoksalt nok blir kompensert med eit tydeleg øko-stempel i butikken, medan sprøyta, konvensjonelle varer slepp merking.

ØKOLANDBRUKET VILLE TRULEG hatt mykje å henta på heller å bli assosiert sterkare med nærveret av dei prinsippa som det står for; yrande liv i naturleg samspel, helse, rettferd og varsame driftsformer som sikrar velveret og føda for framtidige generasjonar.

ÉIN MÅTE Å OPPNÅ SLIK positiv assosiasjon på, går gjennom kriteria for tilskot til økologisk landbruk. Konvensjonelle sprøytemiddel er ikkje tillate i økologisk landbruk, men det førekjem likevel økologiske praksisar som ikkje er særleg meir skånsame for miljøet enn konvensjonell drift. Overdriven pløying er eit døme. Monokulturar eit anna. Og det er eit paradoks at det skal vera meir økologisk å importera langreiste, sertifisert økologiske innsatsfaktorar og matvarer, heller enn å nytta gode, lokale produkt.

DEBIO-MERKET som garanterer for skikkeleg økologisk produksjon er viktig, særleg for forbrukaren, men det er på tide å sjå på om tilskotskriteria for økolandbruket er økologiske nok. Klarare krav til vekstskifte og praksisar som bygger jord og mikroliv, kunne vera ein stad å starta. Berre slik kan økologisk landbruk halda fram med å utgjera eit reelt alternativ til det konvensjonelle – og vera den spydspissen som dreg landbruket framover.

Bothild Å. Nordsletten