SYND Å SEIA, men det er på tide å bli kjend med Tuta absoluta. Etter ti år som uboden gjest på det europeiske kontinentet er den søramerikanske tomatmøllen med det Star Wars-liknande namnet for første gong observert i Noreg.

SIDAN APRIL har fire veksthus på Jæren fått påvist skadedyret. Mattilsynet har med heimel i ein paragraf for akutte situasjonar i forskrift om plantehelse gitt to av anlegga pålegg om destruksjon av plantemateriale. Dei to andre har fått pålegg om å setja i verk tiltak for om mogleg å hindra skade og ytterlegare spreiing. Produsentane står i fare for å mista minst fem prosent av årets avling. Det svir, i ein marknad med små marginar. I Europa vart Tuta absoluta for første gong observert i Spania i 2006. Sidan den gong har møllen spreidd seg heilt opp til Nederland, Storbritannia og Danmark. Den viktigaste smittekjelda er truleg emballasje, men møllen kan også flyga frå veksthus til veksthus og forflytta seg med transport, menneske og plantemateriale. Importen av utanlandske tomatar utgjer også smitterisiko.

LARVENE, som borer gangar i blad og frukt, gjer stor skade og kan gi opp til 50-100 prosent avlingstap i tomat. Møllen er vanskeleg å oppdage, og difor vanskeleg å sloss mot. Integrert plantevern med hormon-og limfeller, nyttedyr og kjemiske sprøytemiddel er strategien så langt. Diverre blir tomatmøllen raskt resistent mot dei kjemiske våpna. Ingen land som er råka av møllen har så langt klart å kvitta seg med den.

MATTILSYNET, som trass i møllen si langvarige herjing i Europa ikkje har hatt ein beredskapsplan, kartlegg i desse dagar omfanget av tomatmøllen i Noreg. Tilsynet vurderer risikoen for at den etablerer seg fast, skadepotensialet for matproduksjonen og om det i det heile er mogleg å utrydda det vesle beistet. Basert på kartlegginga blir det avgjort i kva grad Tuta absoluta skal hamna på lista over såkalla karanteneskadegjerarar, og dimed eventuelt bli regulert etter Forskrift om plantehelse. Berre om møllen hamnar på lista, har dei råka produsentane krav på erstatning for skade og kostnadskrevjande tiltak.

I MELLOMTIDA breier uroa seg for at tomatmøllen kan etablera seg på andre vertsplanter som den likar i søtvierfamilien. Skulle Tuta absoluta finne vegen ut i potetåkrane, noko den har gjort i Frankrike, er det truleg snakk om store kostnadstap og langvarig kamp.

STODA ER UAVKLART og frustrerande, ikkje minst for dei råka produsentane. Korleis sneik Tuta absoluta seg over grensene? Kven slapp rakkaren inn? Tomatprodusentane kan i likskap med alle andre matprodusentar sikkert skjerpa rutinar for smitteavgrensing, men det blir feil å mistenka eller retta peikefingeren mot einskilde produsentar.

AT MATTILSYNET ikkje har hatt ein beredskapsplan er urovekkjande. På den andre sida ville ein plan neppe vore tilstrekkeleg for å hindra smitte.

FRAMANDE INSEKT, soppar, bakterier og virus er risikoar norsk landbruk må leva med. Dei er dei uønskte, men opplagte konsekvensane av opne grenser og ein vilja, globalisert handelspolitikk. Marknaden krev tomatar heile året og storparten av importen vår kjem frå nokre av dei landa som er verst råka av tomatmøll: Nederland og Spania. Å innføra toll heile året, stoppa importen og satsa fullt på eigen produksjon kunne truleg redusert smittepresset, men den slags radikalisme er det ingen som tek på alvor.

TUTA ABSOLUTA er ikkje den første skadegjeraren som dukkar opp hjå oss og blir ikkje den siste. Synd, men sant. Velkomen til framtida.

Bothild Å. Nordsletten