EU SITT VASSDIREKTIV vil påverka bønder i heile Noreg gjennom ny gjødselvareføreskrift. Under eit innspelsmøte i Sandnes i Rogaland førre veke, skipa av mellom andre Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet, var det tydleg at det vil bli endringar. Nøyaktig korleis den nye forskrifta blir, var likevel svært uklart.
– I beste fall blir utforminga av føreskrifta til å leva med på ein berekraftig og god måte. Eller ho kan bli så tøff at mange vil velja å slutta, med redusert matproduksjon i fylket som resultat, sa Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag.
Ho har avgjort eit poeng. Eventuelle nye spreiearealskrav blir svært krevjande for bøndene i eit av landets mest husdyrtette landbruksområde. Men me må òg hugse at reint vatn er avgjerande for heile samfunnet. Og for landbruket sitt omdømme.

VASSKVALITETEN PÅ JÆREN er ingenting å juble over. 18 av 20 vassdrag som blir overvaka har moderat eller dårleg vasskvalitet. Avrenning frå landbruket påverkar vasskvaliteten, og jærvassdraga er blant dei mest forureina i landet, kva gjeld tilføring av næringsstoff. Dårleg vasskvalitet, oppblomstringa av algar, drikkevatn som er ueigna til husdyr, fiskedød og dårleg kvalitet på badevatnet er ikkje den framtida me vil ha.

EI NY FØRESKRIFT må ta omsyn til heile biletet, og evne å legge føringar som sikrar at framtidige generasjonar framleis kan ta seg eit bad og dra på fisketur. Samstundes skal bøndene produsere mat. Dei er avhengige av at regelverket tek omsyn til kvardagen deira. Dersom bonden ikkje kan tene pengar, kan resultatet bli redusert matproduksjon. Idealisme åleine kan ingen leve av.

VASSDIREKTIVET GRIP rett inn i basisbehova til menneska for vatn og mat. Politikken og strukturutviklinga har ført til stadig større einingar. Bøndene tilpassar seg mål om auka matproduksjon og investerer med langsiktige perspektiv. Det er avgjerande at både politikk og forskrifter bidreg til ei stabil landbruksnæring.

LANDBRUKET ER IKKJE den einaste faktoren som påverkar vasskvaliteten. Nedbygging av myr, avrenning frå bustader, punktutslepp frå reinseanlegg og avløp er nokre av dei andre faktorane som påverkar vatnet. Landbruket er villige til å ta i bruk ny teknologi og metodar for å minske sine utslepp. Heile samfunnet bør dra i same retning for eit godt resultat.

HEILSKAPEN MÅ VINNE i denne saka. Bøndene er tydelege på at store endringar i til dømes spreiearealkrav, kan resultere i drastisk redusert landbruksproduksjon i dyretette Rogaland. Argumenta om reint vatn er likevel ikkje vanskelege å forstå. Dersom fisken døyr er heilskapen alt anna enn berekraftig. Me veit at bøndene kan tilpasse seg endringar og finne gode løysingar Me vonar at framlegget til føreskrift, som kjem ein gong før nyttår, vil ta omsyn til alle partar. Det er inga lett oppgåve.

Jofrid Åsland