SkrablikkDu veit det så inderleg vel. Dei skrik til deg frå gatehjørnet, tvreklamen og avissidene. Ein stad i deg er det noko som gnagar og gjer vondt. Det er den tida av året når alle skal komme i form.

Slappe, sløve og mjuke kroppar skal skvisast opp i stramme tettsittande treningsklede. Ingen sa det var eit vakkert syn, men litt må ein tåle for folkehelsa. Dei sig langs vegen på rulleski så sakte at veslejenta kunne labba forbi dei, men skal sjølvklart ha pluss for innsatsen.

– Mamma, du har så stor og mjuk rumpe, sa avkommet her om dagen. Meint som eit komplement frå ei lita som liker mjuke ting. Eg vart ikkje akkurat hoppande glad. Det vil seie eg vart kanskje hoppande stressa. Etter julekos, mat, snop, brus og alt som høyrer til. Mannen i reklamen på tv lyg ikkje, draumekroppen kjem ikkje gratis. Det kostar slit og sveitte. Joggande langs ein landeveg eller på ei tredemølle. I alle moglege lite flaterande posisjonar skal me strekke og bøye. Alt for kjernemuskulatur og mindre cellulittar.

Bønder er forholdsvis fysisk aktive, ikkje minst sterke og iallfall stae. Viljestyrken til ein bonde er truleg sterkare enn gjennomsnittet. Noko som kjem godt med når ein skal drive gard. Viljen kan også øydelegge mykje. Til dømes når du berre skal jogge to mil, sjølv om siste treningsøkt var for fem år sidan. Eller når du berre må ta 60 situps og 30 armhevingar første treningsøkt i det nye året. Motivasjonen er på topp og resultata kan ikkje ventast på.

Ver så snill. Ta det litt roleg då. Ikkje start med eit treningsprogram henta frå olympiatroppen si nettside, inspirert av Tour de Ski. Kan hende det er lurt å innsjå at, ja, kroppen er ikkje det den ein gong var. Tyngdekrafta har gjort ein grundig jobb, og det kan ikkje rettast opp på ei veke. Slikt tek tid, og kanskje får eg aldri vaskebrettmage og syltynne armar. Magen: Fordi eg aldri kjem til å trene så mykje at magen vert klumpete og knallhard. Armane: Fordi eg gaflar for mykje silo og spar for mykje møkk. Slik er livets harde realitetar.

I mitt treningsprogram bør eg nok ha med ein god dose sjølvinnsikt og tolmod. Dersom eg klarer å sette måla etter det som faktisk er mogleg for meg, og ikkje Marit Bjørgen, kanskje klarer eg då å halde fram med treninga. I staden for nok ein start med skyhøge ambisjonar. Det er lov å håpe, men ein ting kan eg love. Eg kjem ikkje til å melde meg inn i eit treningsstudio.

JoA

 

Stikkord denne saka: