
Regjeringa nedsette i førre veke utvalet som skal sjå på maktforholda i matvareomsetnaden. I Norge er kjedekonsentrasjonen sterkare enn i mest noko anna land, med fire kjeder som kontrollerer rundt 99 % av daglegvarehandelen. Det er nok å peika på formuar på frå nokre få, til titals milliardar hjå nåverande og tidlegare kjedebaronar, Rema-Reitan, og Rimi-Hagen.
Det stundar mot årsmøte i våre faglege og økonomiske organisasjonar. Ein svært viktig del av årsmøta er val av tillitsvalde, å finna dei beste folka. Dette har blitt spesielt viktig i dei store økonomiske organisasjonane. Årsomsetnaden der går frå rundt to milliardar kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, til nær det tidoble i dei landsdekkande konserna Tine og Nortura. Marginane har blitt mindre med åra, og det økonomiske presset større.
Det nyttar! Etiopiske bønder som får hjelp til sjølvhjelp via organisasjonen Afri opplever vekst og framgang. Vi minner om at Bondevennen legg ut oppdaterte vekebrev frå Brit Signe og Ketil Fuglestad. Klikk på lenka nede til venstre og få eit innblikk gjennom tekst og bilete på korleis livet artar seg på Afrikas Horn.
Les brevet frå veke 6 og 7 her

Ein aukande del av den norske maten blir produsert i EU. Regjeringa har gitt grønt lys for at EU kan senda 2.700 nye tonn ost inn på den norske marknaden. Det er ein auke på heile 60 prosent.

Det er ikkje alltid at det brenn hjå naboen eller på ein annan gard i grenda. Vissa om at det også kan brenna på eigen gard, burde ført til at dei fleste gjorde langt meir for å unngå brann på sin gard enn det som er tilfelle.

Opp gjennom åra er det slått fast at landbruket, med ”sitt” departement, skal ha ansvaret for å sikra arealgrunnlaget for norsk matproduksjon. Likeeins at landbruket har ansvaret for å produsera mat, og for å oppfylla ei rekke andre mål. Næringa har meint at fordelane med å ta dette ansvaret nærast aleine er større enn ulempene. Denne ”sanninga” har sett seg.

For å oppnå god økonomi i kjøttproduksjonen er det viktig å velge en oppfôringsstrategi som passer til gårdens ressurser. Rase, antall plasser i fjøset, tilgang på oksekalver og tilgjengelige grovfôrressurser er viktige faktorer som bestemmer strategien.
Kjære barn, og dei som er mindre kjære, har mange namn. Slik er det også i dei ulike avrekningssystema for varer bonden leverer, spesielt for kjøt. Grunnprisen er bare eitt av mange element i den prisen pr. kg som bonden til slutt får. Dei andre elementa i samla pris består stort sett av ulike tillegg. Vi skal her bare sjå på dei som er differensierte etter kvantum.
Les heile leiaren frå Bv 5

Ein ny generasjon funksjonstest er snart klar. Denne vil opne for meir omfattande målingar, mellom anna vil pulsatormåling bli inkludert. Funksjonstesten kan også brukast på robot.

Skal ein finansiera fjøset gjennom Innovasjon Norge, må ein leggja fram eit reknestykke som syner at investeringa er lønsam i seg sjølv med tilskot og rentestøttelån.
Slik økonomien er på mjølkebruk i dag, er det vanlege problemet å få investeringa til å bli lønsam, og problemet er større jo mindre driftsomfanget er.


Like før jul registrerte vi store oppslag om at konsernsjef Geir Olav Opheim i Nortura vil ha betalt for samfunnsoppgåver organisasjonen har. Administrerande direktør Dag Henning Reksnes i KLF, Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund, gjekk sjølvsagt sterkt i mot, og fekk tilslutnad frå landbruksministeren. Deira ordbruk stadfestar, heller enn avkreftar, at her er noko å ta fatt i. Også konsernsjef Opheim sine val av ord kunne med hell vore annleis.

Dei fleste har truleg registrert at det er gjennomført endringar i reglane for alderstrygd gjennom arbeidet med den såkalla pensjonsreforma. Eg trur likevel at det er dei færraste som har fått med seg kva denne endringa i praksis inneber for framtidige alderspensjonistar, og då spesielt for dei som har henta trygderettane sine som næringsdrivande og ikkje som lønsmottakarar.

Ei strengare dyrevernlov løyser ikkje åleine problema med dyretragediar på norske gardsbruk.


Nå kring årsskiftet blir vi overfløymde av oversyn over året som er omme, både i trykte media, på skjerm og i radio. Som vanleg ei blanding av godt og mindre godt. Og så er det alltid mange som gjerne vil spå om året som nett er i gang. Spådommane blir akkurat det, spådommar med ei blanding av treff og bom.

Mange opplever at kvart år går litt raskare enn det føregåande. Det har noko med alder å gjera, men det har også med at vi skal bli litt meir effektive år for år, få gjort meir. Og har ein det travelt, fyk tida av garde. Spørsmålet er om ein har det for travelt, om for mykje av tida er bunden til plikter. For stadig fleire i landbruket blir svaret ja – trur vi.
Tusen takk for alle tegningene.
Det var flere enn noensinne. Mange har gjort seg ekstra flid og gjort et grundig arbeid. Noen har til og med sendt to tegninger.
Å plukke ut noen tegninger til to små sidene i Bondevennen var ikke lett – alle burde ha vært med. Men så var det dette med plassen. Utvalget er derfor helt tilfeldig – de tegningene som ikke er med er minst like fine.
Alle tegninger som ble sendt oss finner en her på www.bondevennen.no
Takk for innsatsen – og GOD JUL!

Landbruksministeren har annonsert ei nny stortingsmelding om landbrukspolitikken. Det er på høg tid, så raskt som det meste endrar seg nå. Vi har avgrensa tru på at ei slik melding vil løfta næringa så mykje som det er behov for, men vil sjå på noko av det vi meiner er sentrale spørsmål. Så kjem det nok meir etter kvart.

”Dynamisk fôring” er et fôrplanleggingsprogram som hver dag beregner om den sist tildelte kraftfôrmengde som hver ku får, vanligvis 0,5 kg, er regningssvarende eller ikke. Svarer det seg, får kua 0,5 kg mer kraftfôr neste dag, svarer det seg ikke så blir det 0,5 kg mindre.
Neste års Sørlandssamling blir fredag 8. og laurdag 9. januar, på Quality Hotel i Sørlandsparken i Kristiansand. Samlinga er til vanleg ei fagsosial samling. Slik også i januar, men sidan det er 30 års jubileum, med ekstra vekt på det sosiale.
– Samlinga er flytt til hotellet i Sørlandsparken for å ha ekstra god plass. Arrangørane reknar med 200 bønder til samlinga, opplyser sekretær og koordinator for arrangementet, Arild Grødum.
Det er Tine, Nortura, FKRA, Norsvin og Geno som står bak Sørlandsamlinga.
Fredag 8. januar er det vesentleg landbrukspolitiske spørsmål på dagsorden. Bondelaget står då for det meste av programmet. Laurdag 9. januar er fagdag, med parallelle foredrag innan sau, gris, storfe/mjølk og fjørfe.
Oppsakte danske slaktere har fått jobb i et slakteri på Grønland. 10 mann reiser opp til Narsaq som har det eneste slakteriet på denne kjempeøya. Det er i drift hele året med rundt 15 ansatte. Men i slaktesesongen i september-oktober kan arbeidstyrken komme opp i 80 personer, forteller LandbrugsAvisen. I år skal det slaktes rundt 24 000 sau og lam – og noe rein og hest.

I førre veke var det eit møte om jordvern i Hå. Det var Senterpartiet som arrangerte møtet, og møtelyden var dominert av ”senterpartistar” og bønder som er truga av nedbygging for delar av gardane deira. Slik sett kan ein seia at forsamlinga ikkje var representativ for heile kommunen. Ynsket om strengt jordvern var samrøystes.

Det er med interesse vi les debatten rundt utflytting av verksemd og makt i Statoil. Eintydige politiske vedtak seier at hovudkontoret i dette konsernet, med Staten som majoritetseigar, skal liggja i Stavanger. Men så har Statoils styre, sjølvsagt under sterk påverknad av konsernleiinga, over tid vedteke å flytta verksemd og makt bort frå Stavanger, både til Bergen og Trondheim, men i det siste mest til Oslo. På Fornebu skal det byggjast kontor av dimensjonar som ikkje liknar ein filial. Stavanger reagerer, både næringsliv og politikarar, men Statoil er sjølvsagt mykje sterkare. Marknadskreftene rår, må vite, der som andre stader.

Rogaland var det andre fylket i landet som fikk påvist Influensa A H1N1 på svin. I begynnelsen av november har sju besetninger fått påvist smitte.

På øya Nord-Talgje i Boknafjorden ligger en av Rogalands aller best bevarte hemmeligheter. Her har det vært stort uttak av kvernsteiner – en gjemt og glemt sak. Med deltakelse i et landsomfattende prosjekt, er det håp om at denne eldgamle virksomheten blir trukket fram fra glemselen.

Ta mjølkeproduksjonen. Nyleg las vi på nytt i Nationen om samdriftsbønder som kjende seg svikta av Staten og Bondelaget. Det var ikkje økonomisk grunnlag for å driva vidare, etter at dei mellom anna miste særtilskotet til samdriftene.

Jakten på optimal utnyttig av gårdens ressurser tar aldri slutt. Hva kan jeg gjøre ut av mitt gardsbruk for å sikre en god inntjening? Mange tanker er tenkt og mange steiner er blitt snudd. Hva med å få en uforpliktende gjennomgang på eget bruk og se om forholda ligger til rette for produksjon av økologisk mjølk og kjøtt?


Feltmuggsopp produserer gift – mykotoksin - i norsk korn. Emnet er svært aktuelt rundt i heile landet, spesielt i dei miljøa som er avhengige av eit stabilt og godt kraftfôr. Signala om at problema med mykotoksin er tiltakande, er klare. Det er alvorlege signal.

Mye av steinleggingen av fortau og gardsrom i Stavanger i eldre tider skjedde med heller fra Hardanger. Tilførslene til byen var vesentlig og Hardanger-heller var et begrep. Dette ikke uten grunn. Steinsorten er hard og seig, den er slitesterk og står for en støyt.

For 650 millioner år siden slo en himmelstein ned i nåværende Hallingdal. Området er idag en stor severdighet som hallingene satser å tjene penger på.
Her var det virkelig den store smellen. Meteoritten antas å ha vært 200-300 meter i diameter og gikk inn med en hastighet på 25 kilometer i sekundet, og med en kraft tilsvarende tusener av atombomber. Bombekrateret som oppsto er fem kilometer vidt.
![]() |
Føregangsmennene bak etableringa av landbrukssamvirket i Norge var eldsjeler med ei uvanleg kraft. Mange sette gardane sine i pant for å koma i gang og få drifta til å gå rundt i den organisasjonen dei brann for. Styresmaktene bakka den gongen opp, gjennom lovverk og økonomi. Les heile bokomtalen fra Bondevennen |
Ein forkorta versjon av denne artikkelen av Anny Hagesæter
finn du i Bondevennen nr 35 - 2007.
Her finn ein fullversjon av artikkelen