Godt samarbeid: Brita og Jegvan er samkøyrde i drifta og har same standard for korleis dei vil ha det i fjøset. Nevø Odmund er i gang med opplæring for å kunne avlaste når bøndene treng nokre fridagar.

Modernisering av fjøset og gode rutinar for drifta og mjølkestellet gjer at ekteparet Jensen på Bulken i Voss har eit avslappa forhold til mjølkekvalitet.

Liv Kristin Sola

Brita Dagestad Jensen og Jegvan Jensen inviterer inn i det romslege kjøkenet. Dei har tid til ein prat og ein kaffikopp før kveldsøkta i fjøset. Tidspunktet for mjølking er noko romsleg, spesielt om ettermiddagane. Garden ligg i Voss kommune, ein aktiv landbrukskommune, men her på Bulken, på sørsida av Vangsvatnet, er dei berre to mjølkeprodusentar att.

Frå hjulbåre til automatikk

For Jegvan har det aldri vore noko alternativt yrkesval. Heile livet har han visst at det var dette han ville. Brita har jobb som hjelpepleiar i 60 prosent stilling utanom gardsdrifta.

Brita og Jegvan hadde odel på kvar sin gard, men valde å overta heimegarden til Jegvan. Den var noko større enn garden heime hjå Brita. Dei overtok eit båsfjøs, eit lågbygg bygd på starten av 1970-talet. Men fjøset var ganske tungdrive. Gjennom dei siste tre tiåra har ekteparet modernisert så langt det er mogleg i eit båsfjøs.

– Frå manuell fôring med hjulbåre, via Orkel fôrvogn med kabeltrommel, til appetittfôringsvogn med automatisk kraftfôrtildeling fem gonger per døgn, summerer Jegvan.

Om garden:

Brita Dagestad Jensen og Jegvan Jensen driv mjølkeproduksjon på Bulken i Voss kommune. Dei har tre vaksne barn. Paret overtok garden i 1988 etter Jegvan sine foreldre og har i dag 20 årskyr i båsfjøs og ei mjølkekvote på 150.000 liter. Dei eig 110 dekar dyrka jord og disponerer store beiteområde.

23. april fekk dei tildelt Tine si nye utmerking, Mjølkespann, for 25 år samanhengande leveranse av elitemjølk.

Med dagens fôringslinje opplever dei ein god ro i fjøset. Dyra har jamn tilgang til grovfôr og fôringsvogna tildeler kraftfôr fem gonger i døgnet. Å sjå røktarane betyr ikkje lenger mat i svoltne kumagar.

– Rolege dyr er viktig for oss og noko me legg vekt på når me vel oksar, seier Brita.

– I tillegg til fruktbarheit, supplerer Jegvan.

Ingen trylleformel

Fjøset har 28 båsplassar. Seks av dei vert nytta til eldre kviger, medan 22 båsplassar vert nytta til mjølkekyr. Brita og Jegvan har konsentrert haustkalving med 23-24 kalvingar i løpet av september og oktober.

– Me vil ha fri om sommaren. Då er det så mykje anna som skal gjerast, seier Brita.

Dei har berre plass til å fôre fram seks kviger i året. Resten vert selde i lag med oksekalvane.

– Korleis har de klart å levere elitemjølk over så mange år?

Jegvan ser på Brita. Ho trekk på skuldrane. Dei har ingen trylleformel. Men det er heller ikkje rein og skjær flaks som har berga kvaliteten.

– Ingenting kjem av seg sjølv. Gode rutinar og godt vedlikehald av maskinar og utstyr er noko av oppskrifta, trur Jegvan.

– Me må gjere så godt me kan og lære undervegs, seier Brita.

Litt kvar dag: Reinhald og god hygiene rundt mjølking er viktig om ein ønsker å levere elitemjølk. Her er det ikkje rom for skippertak.

Lang erfaring

Brita og Jegvan er samkøyrde i fjøsstellet, har kvar sine oppgåver og same standard for kva som er gode rutinar og godt fjøsstell. Men tenker ikkje så mykje på det i kvardagen

– Rutinane må ikkje bli for omfattande og ta for mykje tid, seier Jegvan.

Dei har i liten grad nytta seg av innkjøpt rådgiving. Dei er heller ikkje blant dei som kastar seg over fagblad og internett. Dei lærer mest og best gjennom eigne erfaringar.

– Og av dyrlegen, seier Brita, og fortel om ein erfaren dyrlege som også har vore ein god rådgivar for paret. Med konsentrert kalving er celletal ei utfordring, spesielt dei første leveransane om hausten og før avsining om våren.

Tips til å levere mjølk av beste kvalitet

Jamn fôring, fordeling av kraftfôr gjennom døgnet, mjølkemaskinar med automatisk avtaking, filter i mjølkekrukka, årleg sjekk av mjølkeanlegget og skifte av spenegummi to gonger i året er faktorar som ekteparet meiner speler inn. Dei mjølker konsekvent i prøvekopp, tek mjølkeprøvar kvar månad, og nyttar (minst) ein rein jurklut per ku. Kyr som er under behandling vert vaska med papirtørk slik at dei vanlege klutane ikkje vert nytta. Kyr med høgt celletal vert sjekka med speneprøvar før avsining og behandla etter samråding med dyrlege.

– Då er det lite mjølk på tanken og små volum kan gi store utslag, seier Brita.

Celletalet ligg for tida rundt 60.000. Om det aukar litt er inga krise, men dei vil helst ligge under 100.000. Bakteriar, sporar og smaksfeil har dei heller ikkje vore plaga med.

God økonomi

Utmerkinga Mjølkespannet vil dei få overrekt under festmiddagen i samband med Tine SA sitt årsmøte. Bøndene medgir at det er fint å bli sett pris på med ei synleg utmerking og eit staseleg arrangement.

– Men premiering og fest er berre ein fin bonus. Det viktigaste er at det er god økonomi å levere elitemjølk, seier Jegvan.

Kor mykje har dei ikkje rekna på. Sidan dei overtok drifta har kvota svinga mellom 100.000 liter og 150.000 som er dagens kvote.

Brita og Jegvan gler seg til å møte bønder frå heile landet. I tillegg får dei seg to fridagar.

– Lenge nok, seier Jegvan.

Han får eit blikk frå Brita. Begge innrømmer at nokre fridagar gjer godt, men dei har ikkje fast avløysing. Sønene trør til når det trengst. Men no går dei lysare tider i møte. Nevøen, Odmund Dagestad Rolland (15), er på opplæring for å bli avløysar.

 

Bra for folk og fe: Appetittfôringsvogna sørger for at dyra har tilgang til grovfôr gjennom heile døgnet, og får kraftfôrrasjonen fordelt på fem gonger i døgnet.

Gror att

Familien har ein gammal støl som dei ofte besøker. Jegvan kan ikkje minnast at stølen har vore nytta til mjølking, men dei har storfe som beitar i området.

– Nokre av kyrne går med GPS-sporing. Det gjer det enklare med tilsyn. Me veit kor dei er når me skal sjå til dyra, seier Brita.

Dyra beitar i store område, og gjerdinga er noko ymse etter kvart som det er stadig færre bønder som nyttar utmarka.

– Kjem dei for langt vekk må me rykke ut og få dei attende, seier Brita.

Det er lite sau eller andre storfe att i beiteområdet.

– Landskapet gror att, erkjenner Jegvan.

Med mjølkefri og tomt fjøs sommarstid, kan dei nytte høve til å reise vekk frå garden. Men Brita og Jegvan nyt naturen i nærområdet og tek ofte turen til fjells, sommar som vinter.

– Me er nokså dårlege til å reise vekk. Det er godt å ha fri heime. Sove litt lenger. Ikkje sjå på klokka for å kome seg i fjøset morgon og kveld, seier Brita.

– Det er fri det, seier ho.

Meir elitemjølk

– Av det totale mjølkevolumet som vart levert til Tine i fjor, var 96,3 prosent elitemjølk. Ei forbetring på 1,5 prosent frå året før, seier Olav Håland i Tine.

Han understrekar at gode råvarer er heilt avgjerande for at Tine kan lage produkt av beste kvalitet. Vestlandet tronar høgt på statistikken over Elitemjølk og Sogn og Fjordane og Sunnmøre har vore heilt i toppen over fleire år.

– Dyktige bønder og eit stort og godt fagmiljø er truleg noko av forklaringa, seier Håland.

Dei fire beste distrikta i 2017 var: Sogn og Fjordane (97,54 %), Jæren og Agder (97,12 %), Oppland og Hallingdal (97,05 %) og Hordaland og Ryfylke (96,77 %).

Sølvtine

Sølvtina er ei utmerking for 15 år med samanhengande leveranse av elitemjølk, og har til no vore den høgaste utmerkinga i Tine. Sølvtina vart første gong tildelt i 1994. I år er det 88 tineleverandørar som får denne utmerkinga.

Mjølkespann

Mjølkespann er ei ny utmerking som skal delast ut første gong i år. For å oppnå Mjølkespann må produsenten ha levert Elitemelk samanhengande i 25 år.
I tillegg til å levere Elitemjølk, er det krav om KSL-godkjenning og eit bra fjøsstell, både for å få Sølvtine og Mjølkespann.

Illustrasjon: Ragnar Jørgensen/Th. Marthinsen

Stikkord denne saka: ,