Frå seter til slott

 

Sjølv Kongen vart imponert over Embjørg Brimi sin seksti år lange innsats som budeie i Gudbrandsdalen.

Liv Kristin Sola

 

Embjørg Brimi finn fram servise og dekker bordet. Sjølv har ho sin faste kopp og skål. Tante – står det på koppen. Eg er på besøk hjå Embjørg i huset hennar i Garmo i Lom kommune, øvst i Gudbrandsdalen, i lag med nabo og slektning Hans Brimi. Han er ein av dei som driv setertradisjonane vidare. Me har sett oss rundt kjøkenbordet. Embjørg har alltid kaffi og litt biteti klar i tilfelle gjester.

– Bruker du fløyte? Spør ho, og kjem med kaffikjelen.

Den erfarne budeia ser på meg med eit fast, roleg blikk. Auga speglar ei lang livssoge og gjer meg audmjuk.

– Eg høyrer ikkje så godt, seier Embjørg, og viser til høyreapparatet.

– Eg er gammal, veit du.

Embjørg har budd på Garmo heile sitt 91 år lange liv. Frå 1944 til 2005 var ho budeie på setrane som høyrer til dei to Brimigardane i Garmo. Dei var ein del av Nordsætra ved Tessevatnet, like nord for Jotunheimen. Korleis hadde dei det – eigentleg, desse arbeidssame og sosiale, sterke og sjølvstendige budeiene?

– Kva er det du vil vete? Spør ho, og ser på meg.

– Alt, tenker eg.

Oppvekst med seterliv

Embjørg er yngst av fem søsken. Seterdrift var kvinnfolkarbeid og ungane var med. Ysting lærte ho av mor si og dei erfarne budeiene. Dei ysta både kvitost og raudost, som ho kallar det. Dei separerte mjølk og laga rømme. Av skummamjølka laga dei kjuke (pultost).

– På setra var me verkeleg som ein stor familie, minnast ho.

Seterstugu, som truleg er frå 15–1600-talet, har husa både budeier, tenestefolk, hulder og tussefolk. Bestefar til Embjørg hadde slått seg opp som handelsmann i Amerika. Inspirert av byggeskikken i landet ”over there”, bygde han ei stor og utradisjonell seterløe med låve og gjødselkjeller. Fjøset fylte han med hundre geiter og førti kyr.

– Det var både geit og ku i alle setrar på den tida, seier Embjørg.

Ho likte godt geitene.

– Dei var hjælma flinke. Gjekk ein runde på dagen og kom heim att til mjølking om kvelden. Bortsett frå då det var nordavind, seier ho.

Ein gris eller to høyrde også med til livet på setra.

– Grisen levde eit lukkeleg liv til fjells, gjekk der det passa, men kom alltid attende til kvelden, seier ho, og fortel nokre grisehistorier.

– Dei er løylege dyr.

Tradisjonell drift: Framleis er det drift på fire av setrane på Nordsætrane, ved Tessevatnet.

Ysteri og kjøkken: Brimi Sæter nyttar i dag all mjølka på setra til å lage blant anna ost, kjuke, smør og rømme.

Krigstida

Embjørg var fjorten år då andre verdskrig kom til Norge. Tyskarane var tilstades, også ved Tesse. Dei vog mjølka, ville vete kva budeiene nytta på setra, og kva som kunne leverast til meieriet.

– Det var ei stygg tid. Me fekk ikkje rå oss sjølve under krigen, veit du.

Dei levde av mjølk, ost og rømme. Litt flesk og fisk. Osten smelta dei i omnen. Embjørg fortel at då fisken gjekk opp i elva, kunne dei fange den med hendene. Det var tjuvfiske, men kosten var ikkje så variert, og fisk var eit kjærkome tilskot til menyen.

– Nå må de forsyne dykk. Her er tjukksnippe og rjomebrød, byr ho, og slår i meir kaffi.

Mot slutten av krigsåra fekk Embjørg ansvaret for ei av Brimi-setrane. Det var ei budeie på kvar seter. Dei fleste hadde Dølafe og somme stader også trønderfe. Embjørg mjølka 15 kyr og 30 geiter for hand. Arbeidsdagen starta ofte halv fem. Budeiene skulle handmjølke både kyr og geiter og kjøle ned mjølka før mjølkebilen kom. I bekken hadde dei laga kjøleplass med rammer som var tilpassa mjølkespanna. Fire 40-litersspann vart lempa opp på mjølkerampa annan kvar dag, når mjølkebilen kom. Embjørg skulle gjerne sett at det vart laga til att, slik at folk i dag fekk sjå korleis det var.

– Medan somme lokka kyrne til beite etter mjølking om morgonen, var det einkvan som kokte kaffi, seier ho.

Dei raude sløyfene

Kvaliteten på mjølka viste seg med ei kvit sløyfe for fyrste klasse, gul på andre og blå på tredje. Raudt var styggast. Reinhald var avgjerande. Spanna skulle vaskast og spylast og vart hengt på hafella (gjerdet) til tørk.

– Uff, det var mykje arbeid. Me henta vatn i bekken og varma det på omnen. Me hjelpte alltid kvarandre.

Embjørg minnast ein av sjåførane som fekk tak i raude band og knyte dei på lokka på mjølkespanna, både på geit og ku. Han sette frå seg spanna på rampa. Alt var raudt.

– Du store skam, tenkte eg. Det var eit syn. Alle dei raude lappane. Ja, han var ein luring, seier Embjørg.

– Ta litt meir snippo. Eg har meir på benken, seier ho.

Store endringar

I 1945 vart Tesse regulert og det kom veg til setra. Med vegen kom det mjølkebil, og det vart ysta berre i helgane. Ho får ofte spørsmål om kva tid dei fekk mjølkemaskin.

– Trur du eg kjem i hug det?

Livet på setra vart lettare då dei fekk straum – lampar og ljos. Og det vart lettare å varme vatn.

– Oss tykte dette var så svært, seier ho.

Etter kvart fekk dei også mjølketank. Budeiene mjølka på spann og sila mjølka over på tanken. Men kyrne mjølka godt og tanken vart for liten. Løysinga vart å separere og syrne fløyte og selje rjome. Etter kvart tok ho opp att tradisjonen med å lage kjuke. Kjuka var spesielt populær. Mange kom langvegsfrå for å kjøpe kjuke. Budeia serverte også kaffi og rjomebrød. Også den gong var det mange som gjekk i fjellet.

Slåttetid og bufar

Då slåttekarane kom til fjells vart det livat på stølane. Med kortspel om kveldane, og somme tider også spelemenn med trekkspel og fele. Bufar var festtid, med rjomegraut, besøk frå bygda, spelemenn og dans.

– Skilnadsgraut vart det kalla, grauten me serverte då budeiene skulle skiljast etter ein sommar i lag.

Det var heller ikkje fritt for at ein og annan friar kom på besøk til setra ne. Embjørg var spurt etter, men den eine etter den andre vart send på dør. Embjørg ville ikkje ha nokon av dei.

– No sit eg her som ei attgløyme, seier ho, utan at blikket hennar avslørar kva ho tenker om nett det.

Småfolket

Huldre og småfolket var ein del av kvardagen for budeiene. Dei levde fredeleg i lag og respekterte kvarandre.

– Huldra ja. Eg kan ikkje fornekte at eg trur på eitkvart slikt, seier budeia.

Embjørg ser rett på meg. Fortel om dører som vart låst frå innsida, og opplevingar ho ikkje kan forklare. Ein av båsane i fjøset vart ikkje nytta til kyr. Erfaringane var at same korleis dei bant kyrne til denne båsen, fann dei kua laus om morgonen.

– Eg veit ikkje eg. Det er eitkvart eg ikkje kan forklare, seier ho.

Også i nyare tid merka budeiene seg at ingen kyr la seg til å kvile på denne båsen, slik kyrne i dei andre båsane gjorde.

– Eg var aldri redd, langt ifrå. Men det var eitkvart ein vart forundra over, seier ho

– Alt var rolegare før. Me opplevde ting litt annleis. No har folk det så travelt. I dag kan me ikkje fortelje om slikt. Då lyg ein, seier ho.

Medalje og diplom: Diplomet har fått plass på veggen. Medalja ligg fint i eska. Ein takk for innsatsen som budeie i seksti år.

Kongeleg lag

– De et ikkje. De må forsyne dykk, byr budeia, og fyller på kaffikoppane.

Embjørg har syskule, husstellskule og vevkurs. Ho har brukt mykje tid til å hjelpa andre med gardsdrift og slakting. I periodar jobba ho som kokke på Gjendesheim. Budeia har laga mat både til dronning Sonja og den danske dronning Margrethe, på fjelltur i Jotunheimen.

– Trivelege og alminnelege folk, seier Embjørg.

Medaljen

Etter seksti somrar som budeie, var det slutt i 2005. Utan at ho visste noko, vart ho føreslått til å få Kongen sin fortenestemedalje i sølv.
Med ordføraren i spissen vart medaljen overrekt på setra. Embjørg vart grundig lurt. Hadde sagt ja til å hjelpe Hans med å reinske jordbær.

– Noko så skrøpeleg. Eg visste ingenting. Eg gjekk i vanleg genser og skjørt, hadde ikkje pynte meg noggo, seier ho, og ser litt strengt på Hans.

– Hadde eg visst det, hadde eg jo rømt, da mon, seier ho.

Kvidde seg

Kongen inviterte til slottet. Budeia fortel at ho ikkje reiste ved første invitasjon. Men Embjørg er tante til den kjende kokken Arne Brimi, som nok visste at dette ville Embjørg like.

– Arne gjorde seg streng. Han fylgde meg til hovudstaden. Eg kvidde meg så eg var låk i magen, seier ho.

– Kan hende visste Kongen kor mykje eg kvidde meg, for det var ikkje verre enn å møte deg, seier budeia.

– Kongen prata ved oss alle. Han var hjælma interessert i setra, men han hadde så mange å tala ved, at det ikkje vart så mykje tid til kvar, seier ho.

Det vart ein minnerik dag, med dekt bord, god mat og omsyning på slottet.

– Me fekk sjå mange flotte rom og salar. Dansesalen – det vare in’ alvorleg sal. Det hadde vore løyle å danse der, seier ho, og drøymer seg attende til slottet. Ho likar å danse.

– Oss dansa på setrane. Men det var ikkje store plassen me trengde for å svinge oss der, seier ho.

 

Arven etter Embjørg

Embjørg reiser seg. Ho held seg i stolen. Eit langt liv med tunge tak har tæra på ryggen. Men ho klarer seg sjølv heime i huset. Har berre hjelp til golvvask kvar 14. dag.

Ho er stolt over kva Brimi Sæter har blitt i dag. Ei moderne bedrift i tradisjonell drakt, basert på arven frå Embjørg og dei gamle budeiene. I dag er det stor aktivitet på setra, med mjølking, foredling, servering og overnatting. Det er budeia glad for.

Ho nyt rømmen, smøret, osten og ikkje minst kjuka som dagens drivarar lagar. Osten skal helst smelte i omnen slik som på setra. Og kjuka – den er mest like god som den ho laga sjølv.

Embjørg tek oss i handa før me går.

– De må gjerne kome att, seier ho.

Klarar seg sjølv: Embjørg er glad for besøk og serverer alltid kaffi og biteti når folk kjem innom.