PORTRETT

Gjødselgründeren på Jæren

Torstein Sele. Foto: May-Linda Schjølberg.

 

 

Hevd luktar pengar, meiner bøndene. Møkkapioneren på Jæren, Torstein Sele, har skvisa meir ut av den illeluktande gjødsla enn dei fleste trudde var mogleg.

 

Sjur Håland

 

Han har vore reisande i lort i mest 30 år, og er stadig på farten. Bondevennen får ikkje avtale før etter klokka fem.

– Pensjonist, nei det gjeld vel for gamle folk, smilar 72 år unge Torstein.

Han står i entredøra i bustaden i tredje etasje, med open utsikt til det meste, og ønskjer velkommen. No er han nett heimkomen frå dagens dont, noko som mellom anna gjeld å skjøtta den uløna, men gjevande jobben som dagleg leiar for Fretexbutikken på Bryne. Torstein og kona er med i Frelsesarmeen.

– Ein god plass å høyra heime, seier frelsesoldaten, som speler trekkspel på møte og arrangement i Frelsesarmeen sin regi.

Motverkar forsuring

Torstein bur i Kornvegen. Det høver godt. Den tidlegare bonden har gjort det som veks og gror til levebrød. På ulike måtar. No handlar det mest om å løfte pH-verdien på jordene og motverka forsuringa i vassdrag og vatn med kalk.
Sele Kalk AS leverer flytande kalk til gjødsellager, til doseringsanlegg i elver og til helikopterkalking av vatn. Operasjonsområdet er i hovudsak Rogaland (landbruk) og Agder-fylka (elver og vatn). Eks-bonden trivst når han får testa ut nye idear i praksis. Doseringsanlegget for kalk som nyleg er montert i Evje, er bygd etter hans prinsipp.

– Det fungerer som smurt, fastslår han.

Andre mars var det opningsfest med mykje festivitas for den nye produksjonshallen til Norsk Naturgjødsel på Sele. Ein av dei som fekk blomar og rosande omtale, var Torstein Sele. Det var han som i si tid starta eventyret med turking, anriking, pelletering og pakking av Helgjødsel. Det heile starta med gjødseltransport i 1989. Torstein observerte at det dukka opp transportørar og lastebilar frå Austlandet som transporterte husdyrgjødsel for bøndene på Jæren.

Vann mot byråkratiet

– Eg tykte det var for gale at austlendingar skulle gjera den jobben.

Bøndene på Jæren var då som no skvisa på spreieareal. For å få tilgang på areal utanom gardens eige, måtte bøndene inngå femårige, tinglyste avtalar om levering og mottak.

– Det var alt for byråkratisk og tungvint. Eg fekk ein idé, tok turen til Stavanger og landbruksdirektør Syrstad og føreslo ei enklare løysing for formidling av gjødsel til bønder med ledig areal. Forslaget vart blankt avvist. Men då Syrstad fekk tenkt seg om ei tid, tok han kontakt att. Det heile enda med at bøndene fekk høve til å levera og ta i mot gjødsel via Jæren Maskinring. I staden for tinglyst femårskontrakt var det no nok med å syna fram ei kvittering på motteken eller levert mengd husdyrgjødsel. No vart det brått langt enklare å vera bonde i Rogaland med for mykje gjødsel i høve til arealet.

Brukte rakettrampebilar

Sele Gjødseltransport formidla gjødsel frå dei som hadde for mykje til dei som hadde for lite. På det meste hadde han tre spesialbygde tankbilar i sving.

– Gjennom Thor T. Refve fekk eg tak i ein 8X8 MAN som han hadde fått fatt i gjennom ein skraphandlar i Danmark. Det var ein rakettrampebil som hadde gått i teneste for NATO i Tyskland. I tillegg fekk eg kjøpt to tsjekkiske Tatra 6X6 av Refve. Farkostane vart bygde om til praktiske tankbilar for transport av husdyrgjødsel langs vegar og i terrenget.

– Då likar du vel å skru og mekka?

– Nei, det var lokale verkstadar som gjorde den jobben. Eg er nok mest den typen som likar å pønske ut nye idear og få dei ut i praksis. Det er fantastisk spanande. Transportoppdraga auka. Fleire tusen tonn husdyrgjødsel i året vart frakta mellom gardsbruka på dei oppsiktsvekkjande grøne tankbilane. Torstein anslår at dei på det meste var oppe i 10.000 tonn i året. Oppdraga handla om rein transport mellom lagera eller spreiing. Dei siste åra føregjekk spreinga for det meste med kanon. Han selde selskapet i 2016.

Betongblandar og varme

Helgjødsel er ei merkevare som er knytt til Torstein. I den spede starten i 1994 var han praktiserande bonde med kyr og gris på garden på Sele. Dei store mengdene husdyrgjødsel og utfordringane tilknytt spreiearealkrava tende gnisten til ein ny idé. Med ein vanleg sementblandar og ein propanbrennar byrja han å dampa ut vatnet i hønegjødsel som bøndene leverte på garden. Seinare fekk han fatt i ein større betongblandar frå Hjelmeland. Dette hadde blitt gjort før. Det unike var at Torstein ville tilsetja urea og kalium og laga ei handelsvare som tilsvara Fullgjødsel. Utviklingsarbeidet fann stad i samarbeid med Planteforsk og Jæren Forsøksring. Dermed vart etter kvart hagegjødsla 12-2-16 og seinare beitegjødsla 18-1-10 med kopar og kobolt, ein realitet.

– Det synte seg at bøndene kunne kjøpa tilbake eit anrika produkt av den gjødsla dei hadde levert, og spreia ho ut på eige areal utan at det fekk konsekvensar. Det hadde me faktisk ikkje tenkt på førehand.

Smakfult beitegras

Det vart mange skitne kampar mot klumping, støv og problem med pelleteringa. Men sluttproduktet var det lite å seia på.

– Tilbakemeldingane var gode. Bøndene meldte at Helgjødsel absolutt gjorde nytta, og at beitegraset faktisk smakte betre for dyra.

Firmanamnet Norsk Naturgjødsel kom inn med fusjonen med Jan Rege i 2003. I 2005 kom Felleskjøpet Rogaland Agder inn på eigarsida.

– Då hadde me nye krav til reinsing og store investeringar føre oss. Dette hadde me ikkje greidd utan Felleskjøpet og den kapitalen dei kunne reisa, seier Torstein.

– Ny gjødselvareføreskrift er på trappene. Kva tenkjer du om framtida for Norsk Naturgjødsel?

Kan auke kapasiteten

– No er kapasiteten på Sele-anlegget avgrensande. Men reint teknisk er det lite problem å auka produksjonen. Potensialet for sal av Helgjødsel til landbruk og hage i heile landet er enormt. Hugs at dei fleste kundane no høyrer til i Rogaland og på Agder.

Han samanliknar gjerne med Fretex.

– Gjenbruk er tingen! Det blir nok meir separering framover. Bonden kan kjøra ut lannet, som nitrogenet i gjødsla følgjer, medan det av den faste delen, innehaldande fosforet, kan lagast jordforbetringsmiddel og ny gjødsel. Dette har framtida føre seg her kor me har nok fosfor og kor spreiearealet er så avgrensande.

– Har du noko nytt på gang?

– Nå handlar det om kalking og å få opp nye doseringsanlegg for kalk. Så må eg vel ein gong gje meg, eller kva meiner du?