Svinenestor med meiningars mot

Per Voll har drive med gris i meir enn 50 år. Den uredde veteranen tek til orde for forsøk med halekupering og vil helst at veterinærane tar over inspektørrolla frå Mattilsynet.

Sjur Håland

Både bonden og grisene på Voll i Klepp trivst med tilværet.

– Bondelivet er utruleg gildt. Eg gler meg til å gå i grisehuset kvar morgon, seier Per Voll.

På æra laus

Han er ein av dei godt vaksne bondehøvdingane på Jæren som har vore engasjert i organisasjonslivet på alle plan frå før opptrappingsvedtaket midt på 1970-talet. Bondeveteranen frå Jæren vil gi dei praktiserande veterinærane i svinebesetningane myndigheit til å kvalitetssikre dyrevelferden med mindre innblanding frå Mattilsynet, som han meiner har blitt for byråkratisk og alt for udemokratisk. Enkelte møte han sjølv har opplevd med tilsynet, sit framleis i kroppen. På eitt av tilsyna hjå Voll hadde Mattilsynet med seg ein erfaren bonde som rådgjevar.

– Dei kom midt under stellinga. Bonden visste å skryta over alt det positive han såg. Blant anna uttalte han seg i positive ordelag då dotter mi gjekk mellom bingane med strøbøtta. Mattilsynet sin representant var nok meir ute etter å finna feil. Vedkomande ytra at me nok berre strødde sidan det var tilsyn på garden. Den merknaden gløymer eg ikkje. Det var rett og slett grovt ærekrenkjande, seier Voll.

230 dekar

Jule- og nyttårsfeiringa er eit tilbakelagd stadium. Kvardagen er i gang att. Bonde Per Voll er ferdig med si vante føremiddagsøkt i grisehuset. Januarlufta er kald og frosten bit, men stova er varm. 74-åringen er lang og slank, kledd i blå skjorte og dongeribukse med svart belte og ei stor blank beltespenne i livet. Frå sofakroken ser bonden vestover gjennom stoveglaset og registrerer stålblå himmel og kvit rim på dei gule kornstubbane som står att på dei rause jordene.
Per eig og er med og driv 230 dekar av denne jorda saman med kona, Bodil og eldstedottera Margaret. Han har vore bonde for eiga rekning, som han seier, sidan 1967. Paret har tre døtrer og fire barnebarn. Alle bur i nærleiken.

– Det er framleis motiverande å stå opp om morgonen og gå i grisehuset. Men nå vil me leggje til rette for ein mjuk overgang til dottera. Eg har drive lenge nok nå, smiler han.

Doavfall frå Bergen

Jæren er rekna som flat. Voll i Klepp kommune er paddeflat.

– Dette er gammal sjøbotn. Fram til kring år 1900 var jorda her rekna som verdilaus. Garden sin største rikdom var knytt til rettar til Figgjoelva.

Så byrja bøndene å få tilgang til tretønner med gjødsel frå utedoa i Bergen. Skitjobben var gull verdt. Dei blanda møkka med torvjord og la blandinga ut på den skrinne sand- og aurjorda. Å vera oppteken av livet i molda er ikkje noko nytt.

– Sakte men sikkert livna jorda til, seinare kom kunstgjødsla og auka potensialet for gode avlingar ytterlegare, fortel Per.

 

Havbotn: Den grøderike kornjorda på Voll er gammal havbotn som i si tid vart oppgradert til næringsrik jord med iblanding av doavfall frå Bergen og torv frå nærliggande myrar.

Stamsæd

Heile arealet blir i dag gjødsla med næringsrik grisegjødsel. Det står framleis til yrande mikroliv under stubben. Garden leverer stamsæd av bygg til Felleskjøpet Rogaland Agder. Dei siste åra har det vore den mjøldoggsterke og stråstive 6-radsorten Heder. Jorda, gjødsla og såfrøa kvitterer med stabile avlingar på drygt 500 kilo på målet kvart år. Garden har eiga korntørke og dei lagrar kornet gjennom vinteren.

– Avlinga hausten 2017 var slett ikkje så verst, trass i alt regnet. Korndyrkinga bidreg til ein stabil og grei økonomi på garden, seier bonden.

Romslege grisehus

Grisehuset består av tre bygningar. Den eldste er kanskje den mest staslege. Ein tradisjonell raudmåla låvebygning med rustraude teglsteinpanner på taket. Fjøset hadde i si tid plass til 50 kyr. Denne høyrer til frå då familien etter ei jorddeling flytte frå eige tun over til det som på folkeminne vart kalla Kommunegarden. Eine lågbygget er frå 1985. medan den nyaste delen er frå år 2000. Dei har med andre ord god plass. I tillegg er produksjonen redusert 70-80 prosent i høve til full drift.

– Den romslege bygningsmassen opnar for ledig plass og tome gardar. Det er veldig greitt. Særleg med omsyn til å kunna praktisera ein god dyrevelferd, påpeikar han.

Garden har full konsesjon på gris i kombinert produksjon. For tida er talet på purker 80.

– Me leverer to tredjedelar av smågrisene som slaktegris, den siste tredjedelen blir seld som smågris. Det er Margaret som styrer fødeavdelinga. I tillegg til naudsynt stell, gir ho dyra kjærleik og omsorg. Det betyr svært mykje, fastslår han.

(Teksten held fram under biletet)

Bygg: Per Voll sjekkar fuktigheita i kornet som blir lagra på garden gjennom vinteren. Garden har eiga tørke og produserer stamsæd av byggsorten Heder for Felleskjøpet.

Frisk gris

Sju vekers puljedrift fungerer bra, og grisen er stort sett frisk.

– For frisk? Har dei som steller med avlen bomma med den nye superpurka?

– Den nye grisen til Norsvin er sprek og har nok blitt livlegare. Me har likevel lite problem med halebiting i vår besetning. I dei tilfella som dukkar opp, er me raske til å skilja frå både halebitar og dei skadde grisene i andre bingar der dei får ro og fred.
Endringane i svineproduksjonen frå farne tider og fram til i dag har vore astronomisk. Då han starta var talet svineprodusentar i Norge 10.000. I dag er det kring 2000 att. Besetningsstorleik avl og spesialisering er stikkord. Det er også medisinbruk.

– Gode vaksinasjonsprogram bidreg til frisk gris og potensielt gode resultat for dei som gjer ein god jobb. Bruken av antibiotika er drastisk redusert. No er det hovudsakleg ved bør- eller jurbetennelse at antibiotika blir brukt.

Deltok i svineboomen

Per Voll har lang organisasjonserfaring. Det starta med engasjement i det lokale bondelaget. Han har mellom mykje anna vore leiar i Norsvin og i dåverande Agro. Då svinenæringa opplevde den store vekstboomen sist på 80-talet og utover på 90-talet, var Per Voll ein sentral person. Sjølv likar han helst å trekkje fram andre namn frå denne tida.

– Personar som Anders Rørheim og Bjørn Vistnes bidrog til å skapa eit fantastisk miljø for rogalendingar som satsa på gris. Optimismen var stor. Avlen blomstra. Me tok Duroc frå Sverige og Yorkshire frå Finland. Svinebøndene fann saman i studieringar. Dei valfarta til Danmark på messer og studieturar. Ei fantastisk tid.

– Å driva med gris samsvarer med den økonomiske tenkinga til jærbuen. Det er blant grunnane til at svinenæringa er tung i Rogaland, meiner han.

Forsøk med kupering

Halebiting er den største trugselen mot dyrevelferden i norske svinebesetningar. Per Voll held fram at Norge i praksis står åleine på verdsbasis med eit absolutt forbod mot kupering av halane.

– Me burde revurdert dette forbodet, gjort nokre forsøk med kupering og våga stilt spørsmålet om dagens praksis er rett. Ikkje av komfortomsyn for oss bønder, men for grisen og dyrevelferden. Hugs også at antibiotikabruken ville gått ytterlegare ned med denne praksisen, meiner han.

(Teksten held fram under biletet)

 

Purker: For tida er det 80 purker i grisehuset til Per Voll, som praktiserer sju vekers puljedrift. To tredelar av smågrisene blir fôra fram til slakt, resten blir selt som smågris. Foto: Per Voll.

Om Mattilsynet

Svinenæringa i Rogaland har vore i søkelyset siste tida. Nestoren i svinemiljøet i fylket, Per Voll, ønskjer ro og orden i rekkene. Og han vil ha topp dyrevelferd i besetningane. Men om Mattilsynet er dei beste til å rydda opp, er han meir i tvil om.

– Mattilsynet si oppbygging er spesiell. Dei lagar reglane, tolkar reglane og er på toppen siste ankeinstans. Slik eg ser det, ligg det i føringane deira at det skal finnast feil å peika på. Dette er farlege føringar. Fleire som har fått avvik kjenner seg uskuldig dømde

Medan bøndene skal jobba med dyrevelferden, bør Mattilsynet jobba med kommunikasjon.

– Ei meir audmjuk og medmenneskeleg haldning hjå dei som utfører tilsyn må på plass. Eg vil anbefala mine kollegar å ikkje alltid godta Mattilsynet sin konklusjon. Bonden sitt syn på kva som fungerer og er rett, bør i større grad lyttast til.

Bønder og haldning

– Kva med haldningane til dyrevelferd hjå bøndene?

– Mange opplever eit stort arbeidspress. Å driva med svineproduksjon krev mykje tid. Klart det kan oppstå ei kultur om at «dette er ikkje så farleg». Stålkontroll på dyrevelferd er naudsynt. Det er også naudsynt at dei som etter pålegg og ny sjanse ikkje greier å følgja opp, får beskjed om å slutta. Men eg er svært oppteken at i dei tilfella der bonden si helse ligg bak dyretragedien, må Mattilsynet gå svært stilt i dørene. Dei skal ikkje «henga ut» folk som ligg nede.

Veterinæren og tilsyn

– Du vil heller at veterinærane utfører tilsynsrolla. Kan det fungera?

– Ja, det er mitt forslag. Bøndene sine veterinærar er innom besetningane med jamne mellomrom. Hjå oss som sel smågris er veterinærsjekk obligatorisk. Om veterinærane hadde fått ei utvida oppgåve og eit eige løyve til å føra tilsyn og oppfølging av dyrevelferden, ville det vore perfekt. Dei kunne gjort jobben til ein rimeleg penge. Mattilsynet hadde spart pengar, og me ville fått gjort noko i samsvar Erna Solberg sitt utsegn i nyttårstalen om byråkratiet som den største trugselen mot velferdsstaten.

Stikkord denne saka: ,