Ser framover: Lillian og Steinar har fått meir system på drifta og er betre budd før lamming. Dei er meir bevisst på avl og val av vêr. No håper dei kombinasjonen gode genar og god drift, vil gi gode lam.
Foto: Anne Rivenes.

 

Etter råd frå mentor har Lillian og Steinar endra litt på rutinane før lamming. Resultatet vart meir livskraftige lam og ei mykje trivelegare lamming.

Liv Kristin Sola

 

– Lamminga i år gjekk veldig bra. Me mista berre eitt merka lam og lukkast med å adoptere vekk seks lam. Adopsjon har me ikkje prøvd så mykje av tidlegare, seier Lillian Hovda.

Det er snart fem år sidan ho og mannen Steinar Jørstad overtok heimegarden til Lillian i Vestbygdi i Voss herad. Dei selde mjølkekvoten og bygde om båsfjøset for å satse på sau. No har flokken auka frå tretti til hundre vinterfôra søyer.

Ein god sesong

Lillian og Steinar har hatt noko utfordring med jurbetennelsar, svake og sjuke lam. For to år sidan hadde dei mykje tap i lamminga. I år vart lamminga ein opptur, blant anna takka vere råd frå mentor Kjetil Rødland. Den erfarne sauebonden, rådgivaren og saueklypparen frå Bergsdalen i Vaksdal, var mentor for Lillian og Steinar i 2019.

– Fosterteljing, gruppering og rett fôring fram til lamming, samt e-vitamintilskot, har gitt friskare søyer og meir livskraftige lam, seier Steinar.

2020 vart eit godt saueår. Etter ein spesiell vår med varme i april og snø i mai, vart det etter kvart ein flott beitesesong. Beita strekker seg frå garden og oppover til 1200 meters høgd. Dei frodige beiteområda gjer at dei kan sende søyer til fjells med trillingar, med mindre det er noko spesielt med søya. Dei fleste lamma vert slakta rett frå fjellbeitet.

– Utfordringa er at enkelte søyer har stor restmjølkeevne når dei kjem frå fjellet. Det kan gi skadar på jur og utrangering. Spesielt i år når beitesesongen var så god og me vert oppmoda om å sende lam til slakt tidleg, seier Steinar.

Les om Kristina Huitfeldt Carlsen: Litt tidleg ute?, og Torgeir Lavik og Evind Myrdal: Gode råd på byggeplassen.

Ver ærleg om utfordringane: Lillian og Steinar tilrår mentorordninga på det sterkaste, men meiner det er viktig å vere ærlege om kva ein slit med og synest er vanskeleg. Du må tørre å vere litt sårbar og ta imot råd. Laura 4,5 og Sofie 2,5 trivst også godt i fjøset i lag med foreldra. Foto: Anne Rivenes.

På rett veg

Far til Lillian er til god hjelp i det daglege arbeidet. I tillegg har dei god nytte av å søkje råd hjå naboen. Likevel meiner dei unge bøndene det har vore nyttig å involvere ein utanfrå til å sjå på drifta og kome
med innspel.

– Kjetil var veldig god til å kome med råd og ærlege tilbakemeldingar. I tillegg har han eit stort nettverk, seier Lillian.

Året med mentor var nytting på mange måtar. Ikkje minst var terskelen låg for å ringe med små og større spørsmål, fordi dei hadde ein avtale.

På det første møtet laga dei eit oppsett for kva dei ville  prioritere å bruke Kjetil si tid og erfaring til. Betre flyt i lamminga stod øvst på lista. Der har dei langt på veg lukkast. No skal dei prøve å få synkronisert brunsten betre slik at vårlamma byr seg samstundes med dei vaksne. I tillegg avlar dei for betre slakteklasse og feittklasse, samt mjølkeevne.

– Me har kjøpt ein vêr frå Kjetil og fått inn betre avlsmateriale. Det blir spennande å sjå korleis det slår ut, seier Steinar.

Meld deg på!

Lillian og Steinar vil på det sterkaste anbefale andre å melde seg på mentorordninga.

– Det er veldig god hjelp til å løyse problem som dukkar opp, seier Steinar.
– Eit godt høve til å nytta erfaring til nokon som har drive i lengre tid, seier Lillian.

Deira råd er å få til eit gardsbesøk tidleg.

– Då vil det dukke opp ulike problemstillingar, og de kan legge ein plan for året, seier Steinar.
– Mentor ser ting du sjølv ikkje har tenkt på, er Lillian si erfaring.

Dei meiner det er viktig å vere ærlege om kva ein slit med og synest er vanskeleg. Du må tørre å vere litt sårbar og ta imot råd.

Mentor ser ting
du sjølv ikkje har
tenkt på.

Lillian Hovda

Dyrehald er ein ypparleg arena for ungane å lære om livet på.

Steinar Jørstad

Ser lyst på framtida

No prøver dei ut det dei har lært av mentor. Dei brukar også nettet for å søke kunnskap og svar. Sånn i ettertid kunne dei gjerne tenke seg å vere ein del av ei slags erfaringsgruppe. Ferske bønder med same type produksjon som samlast for å diskutere og lære av kvarandre.

– Om me ikkje var meir enn tre-fire bønder i lag, kunne me nok klart å organisere det sjølve, seier Lillian.

For dei ser fram til å fortsette og sjå resultatet av forbetringane som er gjort. Lillian og Steinar tek seg tid til å ha Sofie (2,5 ) og Laura (4,5) med i fjøset. Medan Laura gjerne heng opp ned i innreiinga eller er ute og turnar og klatrar i tre, er Sofie meir oppteken av dyra.

– Å gi kraftfôr er det kjekkaste. Det skjønar dei at sauene liker godt, seier Lillian.

Jentene har eigne søyer, og det vil kome tøffe avgjersle når dei ein gong skal til slakt.

– Dyrehald er ein ypparleg arena for ungane å lære om livet på, seier Steinar.

 

Stikkord denne saka: , , ,