Dobbel: Landbruks- og matdepartementet kan koma til å opna for dobbel mottaksplikt på kjøt. Det betyr at marknadsregulator Nortura i periodar må ta i mot heile eller halve slakt frå konkurrerande verksemder. Foto: Jane Brit Sande

Landbruks- og matdepartementet går i eit høyringsbrev inn for å innføra ei avgrensa dobbel mottaksplikt på kjøt. Bondelaget og Nortura protesterer høglydt.

Sjur Håland

– Om Nortura nå i eigenskap av å vera marknadsregulator også skal måtta ta i mot kjøt frå konkurrerande verksemder, vil det bli svært utfordrande for å seie det forsiktig, seier styremedlem i Rogaland Bondelag og bonde i Bjerkreim, Bente Gro Milwertz Slettebø, til Bondevennen.

Bidrag til konkurranse

Dobbel mottaksplikt på kjøt betyr i praksis at marknadsregulator Nortura i tillegg til å ha plikt til å ta i mot slaktedyr frå alle produsentane, i periodar kan bli plikta til å ta i mot heile eller halve slakt frå konkurrerande slakteriverksemder. Departementet skriv mellom anna i si grunngjeving for forslaget at: «Etter departementets syn vil en avgrenset dobbel mottaksplikt kunne gi en bedre balansering av forretningsmessig risiko mellom aktørene, og dermed også bidra til konkurranse om primærprodusentenes leveranser av dyr til slakt.» Slettebø er kritisk.

– Marknadsreguleringa er ein reiskap for bønder, ikkje for industriaktørane, seier ho.

Medan Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund i det store og heile støttar Landbruks- og matdepartementet i sitt høyringssvar, er Nortura langt meir kritisk og meinar at innføring av dobbel mottaksplikt på kjøt vil legge grunnlaget for ei avvikling av marknadsreguleringa på kjøt i Norge.

Bente Gro Milwertz Slettebø

Vil reformere landbrukspolitikken

Fristen for høyringssvar var 1. mars. Saka er nå til endeleg behandling i departementet. Nortura understreker i sitt høyringssvar at dobbel mottaksplikt i praksis vil vera ei sentraliserande reform for landbruket i Norge, då det vil føra til auka konkurranse om primærprodusentane i sentrale område, medan det vil vera vanskeleg å oppretthalda konkurransedyktige prisar til produsentar i grisgrendte, ikkje husdyrtette, område. «Med mindre ulempene for distriktslandbruket kompenseres gjennom økte bevilgninger over statsbudsjettet, vil dobbel mottaksplikt for kjøtt reformere landbrukspolitikken som forutsetter desentralisert kjøttproduksjon og selvforsyning », understreker Nortura.

Utfordrande og vanskeleg

Slettebø uttrykker bekymring for kva konsekvensen blir dersom protestane til mellom andre Norges Bondelag og Nortura ikkje blir lytta til i departementet.

– Daglegvarekjedane er positive til dobbel mottaksplikt. Det same er Kjøttog fjørfebransjens Landsforbund. Nortura sine konkurrentar vender tommelen opp, medan Nortura sjølv held tydeleg fram at ei ordning med dobbel mottaksplikt vil vera svært utfordrande og vanskeleg, seier ho. Nortura er alt i ein skvis, meiner Slettebø.

Ho peikar på Jæren som døme på eit område der konkurransen om leverandørane allereie er stor.

– Eg trur det vil bli svært vanskeleg å oppretthalda ein best mogleg pris til bonden dersom Nortura blir ytterlegare svekka på grunn av innføring av dobbel mottaksplikt.

Skummelt

Ho forklarer kva som kan skje: Ein privat aktør har 100 storfeslakt som dei ikkje får selt gjennom sine ordinære kanalar. Dermed vel dei å selja til marknadsregulator, Nortura, som kanskje må leggja skrottane på fryselager.

– Det får med andre ord ikkje konsekvensar for dei private verksemdene om dei tek inn for mykje. Det er skummelt. For ein slik praksis vil gjera marknadsregulering vanskelegare. Om kjøtmarknaden blir sprengt, vil ikkje det akkurat auka prisane til oss produsentar. Ein eventuell auke i bruken av reguleringslager vil i tillegg føre til auka omsetjingsavgift for oss. Dette luktar alt anna enn vinn-vinn. Me treng verkemiddel som styrkar inntekta til bonden. Tiltak som gjer det meir usikkert å vera kjøtprodusent treng me i alle fall ikkje, seier ho.

– Er ikkje Norges Bondelag også i ein skvis her med medlemmar som leverer både til Nortura og private?

– Bondelaget inngår kvart år jordbruksavtale, der marknadsreguleringa er eit viktig verkemiddel for å skapa inntektsmoglegheitene avtalen blir underskriven på. Marknadsreguleringa er først og fremst viktig for oss bønder. Den er til for bonden og ikkje industriaktørane. Samvirkebedriftene våre er rigga til å gjera den jobben. Nå når Nortura seier i klar tekst at innføring av dobbel mottaksplikt ikkje er greitt, blir eg bekymra for det som er i ferd med å skje.

Alle er i mot

Også Willy Finnbakk, leiar i arbeidsutvalet i region Agro i Nortura, delar uroa kring forslaget om å innføra dobbel mottaksplikt. Han får støtte frå Omsetningsrådet, som også går i mot dobbel mottaksplikt på kjøt.

– Alle som bryr seg om ein framtidsretta norsk landbrukspolitikk er i mot dette forslaget, seier han.

Finnbakk presiserer at marknadsordningane er konstruert for å trygga bøndene.

– Men nå oppfattar eg det slik at det er den private kjøtindustrien og matkjedane som er i ferd med å få gjennomslag for tiltak som trygger deira verksemd. Dette er ikkje bra for bøndene, seier han.

Fryktar kontraktproduksjon

Om vedtaket blir gjennomført, vil det i følgje Finnbakk bli enda meir interessant for Nortura sine konkurrentar å sikra seg tilførslar i sentrale område.

– Risikoen deira blir liten. Får dei for mykje kjøt, kan dei berre legga det inn på reguleringslager. Dette undergrev mottaksplikta og marknadsreguleringa slik ho er innretta i dag. Eg fryktar at dette blir eit steg i retning mot kontraktproduksjon, seier han.

Willy Finnbakk

Stikkord denne saka: ,
Share This