Store beløp: Kraftfôrrekningar som ikkje blir betalt kan veksa til store beløp som er vanskelege å handtera. Illustrasjonsbiletet har ikkje med den aktuelle saka å gjera. Illustrasjonsfoto: FKRA

Makslån i banken pluss leasingavtalar og høg kraftfôrgjeld er ingen god kombinasjon for bondeøkonomien. Rekneskapsførarar på Jæren er bekymra, men følgje SR-Bank og Felleskjøpet er ikkje stoda dramatisk.

Sjur Håland

– Kraftfôrgjeld eller annan leverandørgjeld kjem som følgje av at du brukar meir pengar enn du tener, så enkelt kan det forklarast, seier Åge Bryne.

Aukande leverandørgjeld

Bryne er rekneskapsførar hjå Jæren Rekneskapslag. Han har sett det meste av både gode og dårlege tal. Eit typisk faresignal rekneskapsførarane merker seg er leverandørgjeld som har auka over tid. Bryne seier at Jæren Rekneskapslag erfarer at leverandørgjelda er aukande.

– Dette har skjedd samstundes med at lønsemda har gått ned i alle produksjonane. Det som var grei skuring for fem år sidan har endra seg. Inntekta er redusert. Dermed blir det vanskeleg for enkelte å tilpassa investeringane og eller privatforbruket til eit lågare inntektsnivå. Då kan kraftfôrgjelda auka, det er det me har registrert den siste tida, seier Bryne.

– Kor bekymra er de som arbeider med rekneskapa?

– For nokre kan me frykta at det kan gå galt om dei ikkje greier å snu trenden. Om ein kan driva med raude tal nokre år, vil det før eller seinare seia stopp. Men eg håpar og trur at bøndene det gjeld ser at trenden må snuast.

Tyr til leasing

Å unngå kraftfôrgjeld handlar om å få gardsdrifta lønsam. Å skaffa seg siste nytt på traktor- eller reiskapsfronten er ei stor freisting for mange.

– Ofte kan argumenta for å investere handla meir om kva som er gildt enn kva som er økonomisk optimalt, seier Bryne.

Blir gjelda for høg, er det ikkje sikkert banken vil vera med på ytterlegare investeringar i traktor eller reiskap. Då er leasing eit alternativ.

– Leasing kan vera økonomisk fornuftig i mange tilfelle. Men det kan nok vera slik at dei som brukar denne finansieringsløysinga er glade i å skaffa seg maskinar og utstyr dei gjerne ikkje har råd til.

Rekneskapsføraren seier at det er lite motstand å møta hjå leasingselskapa opp mot kva som er økonomisk fornuftig.

Åge Bryne

Kraftfôrgjeld:

Leverandøren av kraftfôr sel kraftfôr til deg. På fakturaen står ein forfallsdato, som du kan velja å bruka, eller oversjå. Om du vel å ikkje betala kraftfôret til forfall, blir det rekna rente på kravet frå leverandøren. Renta må du betale, men kraftfôret kan du venta med. Resultatet over litt tid, blir kraftfôrgjeld. Over enda litt tid, kanskje gjennom år, kan gjelda bygga på seg og bli så stor at ho blir nærast umogleg å handtera, medan renteutgiftene blir ein betydeleg utgiftspost.

– Dermed kan enden på visa bli at bonden vel å betala leasinga før ho eller han betalar ned på kraftfôrgjelda. Alternativet er jo at leasingselskapet ved misleghald kjem og hentar traktoren. Det beste rådet eg kan gi er at bonden tar ein diskusjon med rekneskapsføraren og banken før leasingpapira blir signert. Det er ikkje sikkert våre råd blir lytta til, men me har i det minste fått moglegheit til å gi nokre motargument å bryna seg på, seier han.

Ver open

– Korleis kan ein kome ut av ein situasjon der kraftfôrgjelda har blitt nærast uråd å handtera?

– Ver open med kraftfôrleverandøren om korleis det ligg an. Prat med banken og sjå på moglegheita for ei refinansiering av kraftfôrgjelda dersom det framleis er lånegrunnlag i garden. Kanskje blir det naudsynt å gå ein runde med seg sjølv. Du må vilja erkjenna tala og den kritiske stoda, og du må vera fullt ut innstilt å gjera dei rette grepa, seier Bryne.

– Sei til deg sjølv at no er det full investeringsstopp dei neste fem åra og lev etter det.

Å setja tæring etter næring og ikkje sjå på kva naboen brukar pengane til, er viktig.

– Det er alfa og omega for å få bukt med kraftfôrgjelda. Har du ikkje råd til den nye traktoren, må du ha is i magen og venta.

Vanskeleg å hanka inn

Redusert lønsemd og dårlegare likviditet med auka kraftfôrgjeld som konsekvens er heller ikkje framandord for Per Herikstad, som er rekneskapsførar hjå Hå Rekneskapslag. Han seier at å hanka seg inn att etter ei auke i kraftfôrgjelda er vanskeleg.

– Har du opparbeidd deg ein million kroner i gjeld, skal det mykje til å greia å redusera denne posten monaleg med mindre du får ein avtale om refinansiering med banken, seier han.

Herikstad erfarer at kraftfôrgjelda som regel kjem i kjølvatnet av investeringar som ikkje kan finansierast gjennom auka låneopptak i banken.

– Dermed kan innbetalingane på kraftfôrkontoen bli lagt på vent. Me ser døme på at denne kontoen kan nå beløp på fleire millionar kroner. På bruk med stor omsetnad ser me at gjelda kan auka med svære beløp berre i løpet av få månadar, så her gjeld det å følgja med, seier han.

– Vil du seia at kraftfôrgjelda nå har blitt så stor hjå så mange at det kan koma konkursar?

– Det er sjeldan å sjå at leverandørane stenger dørene. Det handlar trass alt om fôr til dyra. Kanskje er det slik at når kraftfôrleverandørane tek affære, har det kome for langt, men det må du spørja leverandørane om.

Per Herikstad

Har dialog med dei som slit

Per Harald Vabø, administrerande direktør i Felleskjøpet Rogaland Agder, er ikkje samd i at dei først tek affære når kredittsituasjonen har kome for langt.

– Me prøver alltid å ha ein aktiv og god dialog med kundar som har betalingsproblem, seier han.

Vabø trur at bakteppet for ein vanskelegare likviditetssituasjon for mange bønder nett no, skuldast ekstra utgifter etter dårlege fôrår i 2017 og -18.

– Dette er nok blant grunnane til at det er fleire som slit, seier han.

Han held fram at det i tillegg har vore dårlege prisar på gris gjennom fleire år, medan det har vore overproduksjon på egg.

– Me har vore gjennom ein periode med svakare inntening. Dette går i bølgjedalar. Heldigvis ser me nå at reguleringslageret på gris er vekke, noko som bør gi moglegheit til å ta ut målpris. Det er positivt.

Ikkje dramatikk

Vabø ønskjer ikkje å konkretisera utfordringane med kraftfôrgjeld med tal frå verksemda.

Per Harald Vabø

– Det eg kan seia er at det er fleire som slit, men det ligg ikkje noko dramatikk i dette, seier han.

– Men er du likevel bekymra for trenden?

– Dette vil gå opp og ned over tid. Ein føresetnad framover er at det blir balanse i dei ulike marknadane. Då er det moglegheiter for inntening rundt om på gardane, og då blir det lettare for alle partar.

Kraftfôrprodusenten FKRA har sitt eige system for å fange opp kundar som treng oppfølging.

– Leiinga hjå oss har månadlege møte der me går gjennom tala. Me jobbar aktivt med utfordringane og eg opplever at ein del bønder nå jobbar med refinansiering slik at dei kan betala det dei skuldar kreditorane. I ein slik fase vil me vera med å bidra. Men eg må likevel understreka at det er bankane som skal tilby banktenester. Me som fôrleverandørar har ikkje ei slik rolle. Me har heller ingen sikkerheit i dei uteståande krava.

Lite tap

– Tar FKRA nok ansvar. Er de for snille når det gjeld kreditt. De er vel redde for at bonden kan gå til konkurrenten?

– Det skjer sjølvsagt at kundar vel å skifta fôrleverandør. Me ønskjer ikkje å konkurrera på å vera best når det gjeld kreditt. Det blir også feil å hevda at me er for snille. Dei som får purrebrev frå oss vil ikkje oppleva oss på den måten.

– Må de ta tap?

– Ja, men me skriv likevel av svært lite på tapskontoen. Kraftfôrgjelda per i dag illustrerer kanskje først og fremst eit likviditetsproblem og mangel på sikkerheit ved investeringar, men at det ligg sikkerheit i botn.

– Kva er ditt råd til dei som er i ferd med å få for høg kraftfôrgjeld?

– Ta kontakt med kreditorane dine og få på plass ei god løysing med for eksempel ein fornuftig nedbetalingsplan. Du kjem alltid lengst med ein god dialog. Me ønskjer ikkje at sakene skal koma så langt at kundane ikkje svarar på telefonen eller opnar breva, då går det dessverre berre ein veg.

Leveransestopp

– Kva skal til før de stoppar leveransen av kraftfôr?

– Dette gjeld kundar som ikkje betalar over tid og som ikkje har planar for korleis dei vil gjera opp for seg. I slike tilfelle vil me i samråd med kunden sin bank vurdera å arbeida mot ein stopp i kraftfôrleveransen.

Bonden som ikkje får lønsemd i produksjonen sin over tid, og som ikkje greier å handtera uteståande hjå kraftfôrleverandøren, er heller ikkje tent med at dette går føre seg for lenge, understrekar Vabø. Ein stopp kjem ikkje som lyn frå klår himmel for den det gjeld.

– Det har alltid vore ein dialog på førehand. Kjem det for langt er alle partar tente med ein så god prosess som råd mot ei styrt avvikling. Men som sagt er det heldigvis sjeldan me opplever dette.

Vil ha tidleg kontakt med kundane

Banksjef Morten Malmin oppmodar kundar som får problem med å betala kraftfôrrekningane å ta tidleg kontakt med banken.

– Då finn me stort sett alltid løysingar, seier han. I det store biletet er misleghald av lån og økonomisk trøbbel som følgje av høg kraftfôrgjeld eit lite problem hjå Sparebank 1 SR-Bank, seier Malmin, som er banksjef med ansvar for landbruk.

For fåtalet landbrukskundar som opparbeider seg ei stor kraftfôrgjeld er situasjonen annleis.

– For desse er det sjølvsagt eit alvorleg problem, seier han.

På store bruk med høg omsetnad og middels eller dårlege resultat i drifta, kan beløpa på dei uteståande krava bli store i løpet av kort tid. Kraftfôrgjeld som aukar kan gå føre seg ei heil stund før banken blir involvert, seier Mamin.

– Kundane prioriterer å betala renter og avdrag til oss, og me ser i nokre tilfelle ikkje kva som har skjedd med uteståande krav før kanskje halvtanna år seinare, når rekneskapen for fjoråret blir lagt på bordet. Me skulle sjølvsagt likt å ha blitt involvert og bidrege med løysingar på eit langt tidlegare tidspunkt, seier han.

– Kva om bonden har lånt opp til grensa for det banken treng av sikkerheit, og i tillegg har både leasingavtalar og høg kraftfôrgjeld?

– Me vil vera fleksible og sjå etter løysingar som både banken og kundane kan leva med. Det kan også innebera refinansiering av leasingavtalar. Leasingselskapa er dessutan ofte viljuge til å vera med å sjå på både avdragsstruktur og å strekka leasingavtalene over lengre tid.

Morten Malmin

Stikkord denne saka: ,
Share This