Næringsrik og luktfri: Etter å vore gjennom ein biogassreaktor og ein separator, er den faste delen av husdyrgjødsla eit nytt produkt med mange moglege bruksområder – om berre industrien vil satse og politikarane legg til rette for det.

Frå landkasse til blautgjødsel – og attende til separering? Korleis skal landbruket klare å utnytte næringsstoffa i husdyrgjødsla meir optimalt?

Liv Kristin Sola

Husdyrhaldet har vore gjennom ei enorm utvikling dei siste tiåra. Like lenge har næringa «venta på» ei revidering av gjødselvareforskrifta – og det som truleg vert ei innskjerping av spreiearealkrava. Konsekvensen kan bli dramatisk for husdyrnæringa, ikkje minst i Rogaland, om det ikkje kjem nye løysingar for korleis ein kan handtere gjødsla og utnytte næringsstoffa enda betre.
Til langt fram på 70-talet var det vanleg at land vart skilt frå den faste gjødsla i gjødselrenna og oppbevart i eigen landkumme, og nytta på grasareala. Den faste gjødsla vart nytta på åkeren. Bruka var små og meir allsidige, gjerne med vekstskifte, og gjødsla var tilpassa drifta på bruket.

– Prinsippet var fornuftig, men med effektivisering av landbruket vart det for tungvint, seier Arne Sæbø, stasjonsleiar for NIBIO Særheim.

Overskot av næringsstoff

– Nå er det litt kniven på strupen. Det kjem ei ny gjødselvareforskrift, utan at me har ein plan for korleis me skal handtere denne utfordringa, seier Sæbø.

Han minner om at Rogaland kjøper inn enorme mengder næringsstoff gjennom fôr frå Austlandet og frå utlandet, både til landbruk og til havbruksnæringa.

– Med dagens intensive husdyrproduksjon, ein sterk vekst i oppdrettsnæringa og strengare krav til handtering av matavfall, får me ei opphoping av næringsstoff som berre kan nyttast av planter, og landbruket her i regionen. Faktum er at me har altfor lite areal til å nytte så store mengder plantenæringsstoff, seier Sæbø.

Arne Sæbø, Nibio Særheim.

Han meiner me må sjå alt i samanheng; slam frå oppdrettsnæringa, matavfall frå industrien og husdyrgjødsel, og finne ei felles løysing for alle dei involverte næringane.

– Om situasjonen er prekær i dag, er det planar om å femdoble oppdrettsindustrien. Me får fleire landbaserte anlegg og fleire lukka havanlegg. I tillegg skal smolten vere i landbaserte anlegg fram til dei er eitt kilo, seier Sæbø.

Han kallar det eit paradoks at me slit med overskot av fosfor i matproduksjonen, medan verda på sikt vil gå tom for nettopp fosfor.

– I oppdrettsnæringa vert det til dømes nytta 12000 tonn fosfor i fôrsamanheng, heile 9000 tonn går tapt i gjødsla/slam. Eit enormt tap av næringsstoff som me ikkje kan tillate oss i framtida, seier Sæbø.

Må skje på garden

Forskaren ser føre seg ei framtid kor biogassen vert fjerna frå husdyrgjødsla og at gjødsla vert separert i ein fast og ein flytande del, på bruket. Den nitrogenrike flytande delen vert lagra og nytta på grasareala i vekstsesongen, medan den fosforrike faste delen vert fjerna frå garden og nytta kommersielt.

– Slik kan me nytte energien frå metan og lystgass og redusere utslepp av klimagassar, og samstundes få betre utnytting av næringsstoffa i husdyrgjødsla, seier Sæbø.

Han meiner at separeringa må skje på det enkelte bruk, for å unngå unødig transport av vatn.

– Me må klare å etablere nok kapasitet til å ta imot den faste delen. Vidare må me utvikle prosessar for å tørke og stabilisere massane og gjere dei fri for smittestoff. Så må næringsinnhaldet deklarerast på eit skikkeleg vis, seier Sæbø.

Truleg kan den faste bioresten erstatte torv som vekstmedium til hageindustrien og private hagar, eller nyttast som jordforbetringsmiddel. Eit alternativ er å pelletere bioresten for sal som erstatning for mineralgjødsel i område med lite husdyr.

– På sikt kan landbruket redusere innkjøp av mineralgjødsel og samstundes få eit betre klimarekneskap på garden, seier Sæbø.

– Kva er flaskehalsen?

– Det er heilt avgjerande at me klarer å utvikle nye kommersielle bruksområde for den faste, fosforrike delen av gjødsla, seier Sæbø.

Forskaren trur me på sikt vil oppleve store endringar i korleis me handterer husdyrgjødsla. Ikkje berre på grunn av klima, men fordi me må ta vare på næringsstoffa og bruke dei på ein fornuftig måte.

– Det må bli god økonomi å gjødsle til rett tid og med rett mengde, og ha metodar for å fjerne overskot av næringsstoff frå garden, seier Sæbø.

Ein veldriven maskin: Eit komplett biogassanlegg og separator med lager. Skal dette vere interessant, må desse prosessane skje på garden og bonden må få fjerna den fosforrike faste delen av gjødsla frå garden.

Mafigold

Gjennom prosjektet Mafigold skal forskarar ved Nibio samarbeide med Bondelaget og aktørar i næringa og industrien for å utvikle effektive metodar for å resirkulere næringsstoff frå husdyrgjødsel, fiskeslam og matavfall til ny gjødsel, jordforbetringsprodukt og jordblandingar. Forskarane skal også prøve å finne løysingar for å redusere den skeive geografiske fordelinga av næringsstoff.
Målet er å lage nye produkt som skal prøvast ut i veksthus og på friland.
Prosjektet vil studere korleis næringsstoffa vert frigjort og korleis den organiske gjødsla oppfører seg i jord og planter. Basert på det forskarane finn, vil dei vurdere kva som eventuelt må gjerast og tilsettast av andre næringsstoff for å få ei optimal gjødsel tilpassa ulik bruk.
Produkta skal testast ut her på Vestlandet, på Austlandet på korn, og som eksportvare til Vietnam.

God erfaring med separering

Høgst aktuelt: Alf Siqveland har gode erfaringar med å nytte det mobile biogass- og separeringsanlegget til Jæren Biogass, heime på garden. Her frå første gong i 2015. Foto: Sjur Håland

Alf Siqveland driv med mjølk og gris på Jæren og er ein av dei som merkar utfordringa med store gjødselmengder og avgrensa areal. Bonden har robotfjøs med kanalomrøring og har fleire gonger separert storfegjødsla ved å leige eit mobilt separeringsanlegg.
Godt opprørt gjødsel vert pumpa direkte frå kanalane i robotfjøset over i separatoren. Den faste delen vert samla i ein container og fjerna frå garden, medan den flytande delen vert pumpa over i gjødsellageret.

– Den flytande delen er perfekt å kjøre ut med slangespreiar. Det er lett å legge på, også i større mengder. I tillegg er det mindre risiko for sporar i grovfôret når gjødsla trekker fint ned i jorda, seier Siqveland.

Erfaringa så langt er at han får ei tynn gjødsel med meir lettløyseleg nitrogen og med redusert innhald av fosfor. Det gjer at han kan spare på innkjøpt nitrogengjødsel. Kor mykje har han ikkje finrekna på.

– Eg har redusert tilførsel av nitrogen seinare i sesongen fordi eg veit at det er meir lettløyseleg nitrogen i den flytande gjødsla samanlikna med tradisjonell gylle, seier Siqveland.

Alt henger i lufta

Han merkar auka interesse frå andre bønder for korleis dette fungerer, men det er mange utfordringar på vegen.

– Eit slikt anlegg er svært kostbart og vil truleg vere aktuelt i eit samarbeid eller for entreprenørar. Vidare må me ha eit opplegg kor den tørre delen vert frakta vekk. Der ligg truleg den største utfordringa, seier Siqveland.

Om det går i orden, ser han føre seg eit registreringssystem som dokumenterer kor mykje næringsstoff som vert frakta vekk frå kvart enkelt bruk. Bonden får gjødslingsplanar som optimaliserer bruken av den flytande delen. Ei slik ordning vil vere bra både for miljøet og for økonomien på garden.

– Det ville vore heilt fantastisk. Systemet, alt det tekniske, fungerer utmerka, men alt henger på den tørre delen, seier Siqveland.

Han utfordrar gjerne politikarane til å bidra, for å finne ei løysing på desse samansette utfordringane.

Biogass og separering

Ved å køyre gjødsla gjennom ein biogassreaktor, vil metan og CO2 bli fjerna frå gjødsla. Energien frå desse klimagassane kan til dømes nyttast til å varme opp husdyrrom og drikkevatn.
Gjødsla vert luktfri og mykje tyder på at næringsstoffa vert meir tilgjengelege for plantene etter at gjødsla har vore gjennom ein biogassreaktor.
Ved separering vert gjødsla skilt i ein fast og ein flytande del. Den faste delen har kring 35 prosent tørrstoff og utgjer mellom ti og femten prosent av den totale husdyrgjødsla. Fosfor bind seg til dei faste partiklane og gjer at den faste delen er rikare på fosfor enn den flytande delen. Den flytande delen er derimot rik på kalium og spesielt nitrogen som er lett tilgjengeleg for plantene. I praksis betyr det at grasprodusentar i husdyrrike område kan auke nitrogengjødslinga gjennom den flytande delen, utan å nå grensa for fosfor.

Stikkord denne saka: ,
Share This