– Sau på kanten av verda

Slik karakteriserer Karin Flatøy Svarstad sauedrifta i land og på øyar i Nord-Atlanteren, kor dei har teke vare på dei hardføre, norrøne sauerasane.

Liv Kristin Sola

Karin Flatøy Svarstad har reist rundt Nord-Atlanteren i meir enn 20 år – og jobba med ull dobbelt så lenge. Kulturentreprenøren vaks opp i havgapet på Sørøyane på Sunnmøre. Ho er aktivt utøvande kunstnar med ull som materiale. Mange års erfaring med ull frå gammelnorsk sau, populært kalla villsau, gjorde at ho i 2010 vart invitert til North Ronaldsay, den nordlegaste av øyane på Orknøyane, for å inspirerer til bruk av ull frå dei gamle rasane.

– Ull frå dei gamle rasane vert ikkje rekna for salsvare. Den blir i stor grad kasta på sjøen, brent eller grove ned. Det skjer over heile Nord-Atlanteren – ull er rett og slett blitt eit miljøproblem for mange, seier Svarstad.

I 2011 inviterte kunstnaren med seg folk frå Færøyane, Island, Shetland og Norge og starta prosjektet «North Atlantic Native Sheep and Wool». Sidan har dei arrangert ein fagkonferanse kvart år rundt om i Nord-Atlanteren. I år i Setesdal, neste år på Grønland. Målet med prosjektet er å inspirere, lære frå kvarandre og styrke posisjonen til dei game sauerasane.

Les om konferansen i Setesdal.

 

Internasjonalt engasjement: Kring 100 deltakarar frå over ti land møttest til konferanse om den nordatlantiske sauen i midten av februar. 

Livreddar: Med ein jakke i tova ull har fiskarane på Island overlevd vêr og vind til sjøs i generasjonar. 

Fargespel: Ikkje ein sau er lik og fargenyansane kan nyttast til å lage nye kunstverk – her er skarver i ull, laga av Karin Flatøy Svarstad.

Husdyrarv frå vikingane

Dei stadeigne sauerasane over heile Nord-Atlanteren er genetisk i slekt med kvarandre, med genar nedarva frå vikingtida. Rasane er unikt tilpassa eit hardt klima. Dei er nøysame og nyttar fôret godt. Dei er hardføre og klarer seg stort sett sjølve når dei skal lamma og i dårleg vêr.

– Bortsett frå geita, er det ingen andre som pleier landskapet som desse sauerasane. Men nesten ingen av dei er med i det gode selskap i dagens landbruk. Dei er små, veks seint, og stettar slik sett ikkje den grådigheitskuturen vi har etablert og som i stor grad har vakse oss over skorsteinen, seier Svarstad.

Ho stiller eit stort spørsmålsteikn ved utviklinga i landbruket og meiner dagens avl og sauehald i for stor grad handlar om kjøttvekt og lammetal. 

– Prisen på ulla frå gammelnorsk sau motiverer ikkje til anna enn å kaste. Somme bønder vel å ikkje klippe villsauene sine, som skal felle ulla sjølv, men ikkje alle individa gjer det. Det blir dårleg dyrevelferd, seier Svarstad.

Unik kvalitet: Karin Flatøy Svarstad har jobba med ull så lenge ho kan hugse. Ho er spesielt glad i ulla frå dei gamle norske rasane og bruker tid og energi for å få bønder og andre til å forstå verdien dei har.

Årgang 2019: Garnet er luftig og lett med flott glans, men ulla varierer i farge og nyansar for kvart år. – Dette er 2019-årgangen, neste år vert det annleis, seier Svarstad.

Vinden må snu

Vi har kring 65.000 villsau i Norge. Kvar sau produserer rundt 1,5 kilo ull i året. Men det er få kilo å spore i marknaden. Så lenge ulla er verdilaus går det ut over kvaliteten på fellane, meiner Svarstad. Fellar med mykje marg og daudhår og dårleg kvalitet er ei utfordring.

– Ull frå «villsauen» blir ikkje nytta, men vinden er i ferd med å endre retning. Vi kan ikkje halde fram med å kaste denne ulla og late att auga. Det er etisk heilt forkasteleg, seier Svarstad.

Naturlege variasjonar: Ufarga garn frå dei korthala rasane har likevel eit stort fargespekter.

Frå avfall til ressurs: Isle of Man er ei av øyane som har utvikla klassiske kvalitetsprodukt frå ull som før vart sett på som avfall. Her er rasen Manx Loaghtan.

Kvalitetsull til Japan

Det er ikkje mangel på prosjekt og idear, men det er svært vanskelig å finne finansiering. Svarstad nemner prøveproduksjonar med møbelstoff og gardiner og viser til øya Isle of Man kor dei produserer garn som dei sel til turistane.

– Pakkar med to og to nøste vert eit fint reiseminne med ei spesiell historie, seier Svarstad.

Sauen på Isle of Man har ein heilt spesiell fell og vart sett på som avfall. Heilt feil, meinte Svarstad som såg ein unik verdi i den karakteristiske brune fellen. Ho fekk dei til å spinne ulla til garn så tynt at trådane kan nyttast til veving, og utvikla eit klassisk tweedstoff. Miksa med ull frå den vesle svarte sauen frå Ytre Hebridane, har dette stoffet litt spesielt populært i Japan.

– North Ronaldsay og Isle of Man er to av øyane som har utvikla klassiske kvalitetsprodukt frå ull som før vart sett på som avfall, seier Svarstad. 

Kunstnaren ser på ull-prosjektet som bygdeutvikling og har prøvd å få bøndene sine organisasjonar i tale, men med lite hell. Ho opplever at «villsaubønder» generelt er lite opptekne av ull, og at mange gjer store auge når dei får ein bunt garn i handa.

Utfordrar Spælsaudalen

Det har vore ein lang motbakke, men arbeidet gir resultat. Det motiverer Svarstad til å halde fram. Ho ser det nyttar. Eit ullmottak på Færøyane, fleire av de små svarte sauene på Hebridane, auka merksemd på Leiarsauen på Island, – og ullveka i Hordaland.

– At folk skal motivere kvarandre og at det skal spire og gro i etterkant av ein konferanse er målet, seier Svarstad.

Setesdal har valt å kalle seg for Spælsaudalen i Norge, og har no eit godt høve til å auke merksemda på rasen, som ei oppfølging av konferansen.

– Namnet forpliktar. Sauen må vise att, ikkje berre på beite, men i produksjon både av kjøt og ull. Det blir spennande å sjå korleis dei utviklar Spælsaudalen framover, seier Svarstad.

Lokal ullkunst: Barnehagen i Byglandsfjord hadde pynta Revsnes hotell med ullsauer.

Stikkord denne saka: , ,
Share This