Avgjerande: Bonden gjer noko avgjerande viktig, seier landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Rogaland, Geir Skadberg.

Agrovisjon er ein nyttig møteplass, i følgje landbruksdirektøren i matfylket Rogaland, Geir Skadberg. – Følg med, les deg opp og søk kunnskap der du kan, seier han.

Sjur Håland

Skadberg slår fast at landbruket i Rogaland framleis er på offensiven. Landbruksdirektøren har mykje å halda styr på, og har ikkje alltid råd eller tid til å setja seg godt til rette på ein stol for ein lengre passiar. No kjem han springande rett frå studietur i Tyskland til intervju med Agrovisjon si messeavis. Landbruksdirektøren sit fremst på stolsetet i møterommet i fjerde etasje i Statens Hus i Stavanger og lener seg framover.

– Det finst berre moglegheiter. Eg er frykteleg spent på kva vegar bonden sjølv vil velja framover. Det har me, naturleg nok, ikkje svara på i dag, seier han.

Mjølkeproduksjon, også i distrikta, har vore blant måla Skadberg og resten av landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Rogaland har jobba med. Rogaland er mykje meir enn Jæren, held han fram.

– Me har greidd det. Mjølkebilane rullar framleis over heile fylket, det er bra.

Humpar i vegen

Men det er humpar i vegen. Landbruksdirektøren peikar på at eksportstøtta på ost no blir fjerna. Lausdriftskravet i 2034 er ein annan hump som mange vil møte. Skadberg meiner landbruket vil trenga offensive politikarar som til ei kvar tid er på for landbruket.

Geir Skadberg

– Politikarane må heile tida spørja seg sjølv om kva som styrar bonden sine vegval. Det blir ikkje fleire bønder framover.

Skadberg er oppteken av å halda alt areal i fylket i drift. Og han brenn for at landbruket må greia å tilpassa seg ein stadig endrande marknad.

– For kompakte Rogaland er marknaden rett rundt dørene. Det bør vera den største drivaren for kva bonden skal driva med på garden sin, understrekar han.

– Men lønsemd er vel avgjerande?

– Ja, men det ligg også nokre verdival her.

– Kva meiner du med verdival?

– Bonden gjer noko avgjerande viktig. Det handlar mellom anna om matproduksjon, foredling av matvarer og odling av matjorda.

– Kor er moglegheitene. Bonden treng pengar på kontoen også i morgon?

– Absolutt. Det grunnleggjande er at me har ein nær matindustri her i fylket. Bonden ser kor produkta endar, og at det ho eller han produserer legg grunnlaget for 3.000 industriarbeidsplassar i fylket.

Volum ikkje skjellsord

– Så volumproduksjon er ikkje eit skjellsord?

– Slett ikkje. Det er 400.000 kundar av kortreiste landbruksprodukt i Rogaland. Volumproduksjon er basisen for det me driv med her i fylket. Alternative omsetningsformer kjem, men me skal ikkje dulla med for mange alternativ. Nåsituasjonen i Rogaland er god, me er kjempeprivilegert som har eit aktivt landbruk i alle kommunane i fylket.

– Men litt bekymra er du vel?

– Det kunne me snakka lenge om, men ting skjer ikkje på 24 timar. Det er godt mogleg at rogalandsbøndene har ei større stayerevne på mjølk-, kjøt- og eggproduksjon enn bønder frå andre regionar i landet. Hugs at nokon skal produsera maten befolkninga treng framover. Rogaland står sterkt med stor produksjon og sterke miljø.

Fryktar husdyrsjukdommar

– Er det ei bekymring knytt til landbruket du gjerne ville vore utan?

– Det må vera uroa eg har kring moglege konsekvensar ved utbrot av smittsame husdyrsjukdommar. Husdyrtettleiken er stor, særleg på Jæren, kor også mykje av næringsmiddelindustrien er stasjonert. Fylkesmannen er på saka og arbeider med veterinærinstituttet for å få inn rutinar og haldningar som reduserer risikoen. Konsekvensen av sjukdomsutbrot er stor. Me må ha fokus på friske dyr og smittevern.

– Kva med revideringa av Gjødselvareføreskrifta som landbruket stadig ventar på?

– Eg stolar på at sentrale politikarar utarbeider rammer og vilkår som er til å leva med.

Agrovisjon er i kjømda. Kva skal landbruket sine aktørar leita etter?

– Meir god agronomi. Det handlar om å hausta store avlingar med høgare kvalitet, god gjødselhandtering og rett bruk av innkjøpt gjødsel.

Aksjonar, rørsler i folket, kjem til å setja dagsorden kring norsk matproduksjon i framtida i større grad enn før, trur Geir Skadberg. Han syner til at auka kunnskap i befolkninga kring vasskvalitet og biologisk mangfald, påverkar bonden sine val.

– Sjå på dette med uro kring redusert mangfald av pollinerande insekt. Bøndene tar signala og kjem etter. Dei set att reinar og legg til rette for at også insekt trivst på garden. Det er slik det må vera.

Sel jorda!

Han har ei klar oppmoding til bønder som ikkje lenger driv gard, men eig jord.

– Sel jorda.

– Men då blir det større einingar?

– Ja, men me vil likevel ha eit stort mangfald og fleire bønder som faktisk eig jorda dei driv. Det er viktig.

I mangfaldet høyrer Reko-ringar og andelsjordbruk. Bønder etablerer ysteri, og snart kjem automatar der folk kan kjøpa ferskmjølk og ost.

– Hi-tech jordbruket med sensorteknologi kjem samstundes med at nokre ligg på knea og hakkar i jorda. Det er mangfaldig og spanande. Men landbruket vil møta mange humpar i vegen framover, det er det lite tvil om.

Stikkord denne saka: ,
Share This