Ikkje negativt: Koronakrisen treng ikkje slå negativt ut for økonomien hjå bøndene. Rekneskapsførarane meiner det viktigaste framover i den travle årstida blir å følgja smitterverntiltaka og unngå å bli smitta. Foto: Istock

Klarar bøndene å halda seg friske og løysa flokane med sesongarbeid, fryktar ikkje dei to rekneskapsførarane Bondevennen har snakka med negative økonomiske konsekvensar for bøndene. Det kan til og med koma noko positivt ut av krisa, seier dei.

Sjur Håland

– Koronapandemien påverkar ikkje bøndene sin økonomi i nemneverdig grad. I alle fall ikkje i første omgang, meiner rekneskapsførar Per Herikstad i Hå Rekneskapslag på Jæren. Blant dei store utfordringane nett nå, seier Herikstad, er mangelen på turvande sesongarbeidskraft hjå grøntprodusentane.

– Innreiseforbodet gjer det svært utfordrande for grønsaksprodusentar som nå skal til å så og planta. Det er klart at mangelen på utanlandsk arbeidskraft kan få økonomiske konsekvensar dersom bøndene ikkje får turvande personell på plass til rett tid, seier han.

Ingen backup

Bønder som eventuelt blir smitta av koronaviruset kan få utfordringar knytt til drifta på garden.

– Bonden har nok jamt over ikkje same backup-systemet som mange firma har. Det nyttar ikkje å stenga ned eit gardsbruk. Herikstad peikar på viktigheita av å følgja styresmaktene sine råd og pålegg for å unngå å bli smitta.

– Ei sjukemelding er krevjande nok, og kan bli ekstra utfordrande slik stoda er nå. Nå står i tillegg våronna for døra, då er det ekstra sårbart, seier han.

Per Herikstad

Justere forskotsskatten

Bønder som hentar inntekt gjennom frilansarbeid utanom gardsdrifta, og som nå står utan oppdrag, vil få inntekta si redusert.

– For desse vil det vera aktuelt å søkja permisjonspengar gjennom Nav, seier han. Rekneskapsføraren understrekar at dei som har inntekt frå frilansoppdrag, som nå fell vekk, bør justere ned forskotsskatten, slik at den ligg på eit fornuftig nivå.

– Du treng ikkje betale forskotsskatt på ei inntekt du ikkje får, understrekar han.

– Kva betyding får det at første termin av forskotsskatten er utsett frå 15. mars til 1. mai?

– Alt som handlar om likviditeten betyr noko. Men slik det er nå, er andre termin lagt til 15. mai. Det betyr at du må ekspedera to forfall innan 14 dagar. Det er sjølvsagt viktig å ha kontroll på kva som skal betalast og syta for at du har pengane på kontoen.

Lågare rente

– Norges bank har sett ned renta. Kva betyr det?

– Eg registrerer at bankane jamt over følgjer etter og set ned si utlånsrente. Også til landbrukskundane. Det er bra for alle med gjeld. Herikstad seier at det viktige nå er at bøndene passer på at banken følgjer opp og justerer ned renta.

– Det kan også vera aktuelt å sjå på om tida er inne for å gjera avtale om fastrente med banken, for dei som vil sikra seg heilt mot rentesvingingar i nokre år framover, seier han.

Kronekurs får konsekvensar

– Får svakare kronekurs konsekvensar for landbruket?

– Det kan få betydelege konsekvensar. For dei som bygger og investerer, der varer frå utlandet, som mjølkerobot, spalter og stålsperr, er ein del av pakken, har det alt blitt kring 30 prosent dyrare å importera dei siste vekene. Importørar med kontraktar som er sikra mot svingingar i valutakursane, slepp unna kronekursendringane i denne omgangen, seier han. Svak kronekurs vil også bety dyrare importerte landbruksmaskinar på lengre sikt, meiner Herikstad.

– Importørane har gjerne system som sikrar stabile valutakursar over litt tid. Når systema skal justerast, vil prisane på traktorer og reiskap auka. Herikstad meiner at om importerte kraftfôrråvarer nå blir dyrare, vil reduserte tollsatsar kompensere, for å hindra at kraftfôrprisane stig.

Heilelektronisk årsoppgjer

Det er lite som tyder på at årsoppgjera med rekneskapsførarane vil bli gjennomført på normalt vis. Heimekontor har blitt normalen, og slik vil det truleg vera ei tid framover.

– Me må nok bruka elektronikken, senda kundane våre forslag til sjølvmelding, og bli samde om årsoppgjeret via telefon og mail, i staden for å treffa kunden fysisk, seier Herikstad.

Lite bekymra

Andreas Lundegård er økonomisk rådgjevar og rekneskapsførar i Tveit Rekneskap, med kontorplass i Vindafjord.

– No er det både våronn, lemming- og kalvingssesong. Eg tenkjer at det viktigaste nå er å følgja smittevernråda og halda oss friske, seier han.

Når det gjeld dei økonomiske negative konsekvensane for bøndene som følgje av koronakrisa, er han mindre bekymra.

– Tidlegare kriser har vist at om det er nedgangstider i samfunnet, går det helst bra ute hjå bøndene. Men landbruket er avhengig av at hjula i storsamfunnet sviv rundt, seier han.

Lundegård ser langt frå heilsvart på stoda.

– Nå går renta ned. I tillegg ser eg føre meg at det vil koma ein del tiltakspakkar retta mot til dømes entreprenørar, som vil få positive ringverknadar i landbruket, slik me såg det under krisa i 2009.

Som Herikstad, ser også Lundegård utfordringane kring fråværet av sesongarbeidarar.

– Blir det ikkje ei ordning her, vil konsekvensen bli alvorleg for driftsøkonomien for dei det gjeld, seier han.

Andreas Lundegård

Positiv effekt

Men i det store og heile har han ikkje tru på at det nå blir ei økonomisk nedgangstid for økonomien i landbruket.

– Snarare tvert om. Nå ser folk i tillegg at produksjon av norsk kvalitetsmat frå leveringsdyktige bønder har ein stor verdi, dette er eg overtydd om vil ha ein positiv effekt.

Det viktigaste er at folk greier å halde seg friske.

– Smittepress og faren for å bli sjuk er det mest alvorlege i situasjonen. Men om dette går rimeleg kjapt over, med ein økonomisk dupp som konsekvens, er eg ikkje svært bekymra for konsekvensane for landbruket framover, seier han.

Stikkord denne saka:
Share This