Skepsis: Bøndene Ommund Torland t.v. og Jarle Aksdal oppmodar yrkeskollegar til å vera skeptiske i møte med utbyggarar. Her står dei under den nye høgspentlina til Lyse Elnett kor eit overskjønn i lagmannsretten mangedobla erstatninga til grunneigarane.

Då Lyse Elnett tilbaud erstatning for nye høgspentmastrar over landbrukseigedomane, sa grunneigarar blankt nei til tilbodet. Skjønn i to rettsinstansar gav mangedobla erstatning.

Sjur Håland

Ei høgspentlinje frå Bjerkreim til ein trafostasjon på Opstad i Hå har skapt engasjement. Seks grunneigarar frå Time og Hå nekta å ta i mot tilbodet om kompensasjon frå Lyse Elnett AS, som gjennom konsernet Lyse AS er eigd av 14 kommunar i Rogaland.

Pliktløp frå selskapet

To av grunneigarane er Hå-bøndene Ommund Torland og Jarle Aksdal. Dei fortel at dei opplevde dei innleiande forhandlingane med Lyse seint i 2017 som eit pliktløp frå selskapet si side, der erstatning og traseval var bestemt på førehand.

– Slik me oppfatta det, var linjestrekket alt bestemt. Me kunne koma med innvendingar, men Lyse hadde alt føringar og argument for å leggja linja der dei ville. Det handla mellom anna om avstand til den nærliggjande vindmølleparken og spesielle omsyn til staten sin eigedom der Åna fengsel er plassert, seier dei to.

Grunneigarane ville grave ned linja. Men det vart for dyrt, var blant beskjedane dei fekk frå Lyse. Aksdal og Torland fortel at dei oppfatta at dersom dei ikkje aksepterte det framlagde erstatningsbeløpet, ville Lyse gå rettens veg.

Les også «Advokaten»: Gigantutbygging av strømnettet

Til evig tid

Aksdal forklarer at Lyse sin bruksrett til traseen der mastene er plassert, ikkje er tidsavgrensa.

– Med andre ord får me restriksjonar på ei bredde på 30 meter under mastene og linjestrekket til evig tid. Det står heller ikkje godt nok spesifisert korleis Lyse skal rydda opp etter seg dersom linjene ein gong blir fjerna. Lyse ville heller ikkje slette eller gi tilbake bruksrett/trase dersom linja blir teken ned, seier han.

Utgangspunktet til grunneigarane var, i følgje dei to, ikkje pengar, men ei erstatning som innebar vegar og turvande drenering for å sikra tilgang til arealet slik at jorda i størst mogleg grad kunne nyttast som før og ha same verdien som beite og spreieareal.

– Hadde Lyse hatt ein slik inngang og samarbeida med landbrukskontoret om løysningar slik at me kunne bruke jorda vår som før utbygging, hadde me sloppe rettssak og alle dei ekstra rundane, seier Aksdal, og får eit stadfestande nikk frå Torland.

Henta ekspertise

Dei to bøndene seier at dei fekk beskjed frå Lyse at deira tilbod var ein god avtale. Aksdal, som driv mjølke og kjøttproduksjon, gjekk til landbrukskontoret i Hå, til Norsk Landbruksrådgiving Rogaland og eit rekneskapskontor med ekspertise på området og bad om talfesting på konsekvensane ved høgspentlinja over eigedomen. På garden ville dei mista 14 dekar spreieareal.

– Reint konkret ville eg måtta redusera produksjonen med 3,5 årskyr, seier Aksdal.

Reduksjonen på 3,5 årskyr utgjer, i følgje nøkkeltalanalysen til Rekneskapslaga på Jæren og i Dalane for 2019, eit dekningsbidrag med tilskot på mellom 126.000 og 174.000 kroner (med 80-120 prosent påsett. Tala legg til grunn 30 prosent av bruka med lågast- og 30 prosent med høgast resultat). Torland og Aksdal fortel at Lyse mellom anna kravde vegrett på eksisterande gardsvegar til mastepunkta på eigedommane utan kompensasjon. Lyse var ikkje interessert i å vera med på vegbygging og drenering.

– Me hadde fleire spørsmål om ulike framtidsscenario kring vedlikehald, framtidig utviding og eventuelle nye aktørar med ansvar for linja. Det var vanskeleg å få klare svar. På vår gard, med éin mastefot på innmark, ville me sete att med eit eingongsbeløp på 2.800 kroner frå Lyse, seier Torland.

Dei to er også kritiske til at Lyse skifta grunneigarkontaktar fire gonger i løpet av prosessen.

– Me rakk knapt å læra namnet på ein person før vedkomande vart bytt ut med ein annan, seier dei.

Luftlinje: Meirkostnad med jordkabel vart så høg at NVE ikkje tilrådde Lyse Elnett å konsesjonssøkja dette alternativet. Den nye straumlinja frå Bjerkreim endar opp her ved Opstad i Hå kor strekket endar i ein ny trafostasjon.

Fekk avtale

Grunneigarane nekta å godta tilboda frå Lyse. Dermed søkte Lyse om ekspropriasjon med påfølgjande skjønn. Saka var oppe i tingretten sist i 2018.

– Det var ein rar situasjon å koma i. Reint formelt fekk me seks grunneigarane status som «dei tiltalte» i sakspapira, seier Aksdal.

Tingretten kom grunneigarane i møte og hadde sans for argumentet om ei erstatning som samsvarte betre med grunneigarane sine krav. Eit mastepunkt på dyrka mark gjekk frå 5.000 kroner til 34.200 kroner. Innmark frå 3.500 kroner til 5.200 kroner. Erstatning for å drenere/ legge til rette innmarksarealet slik at spreieareal framleis er godkjent vart sett til 9.000 kroner per dekar. I denne prosessen fekk Aksdal tilbod om å inngå ein avtale med Lyse, noko han takka ja til.

– Lyse skulle då laga kring 250 meter veg. Fem meter brei og drenert. Dreneringa innebar ei djup, cirka 250 meter lang hovudgrøft med 200 millimeter røyr ned til elva. Eg er nøgd med avtalen sett i forhold til utgangspunktet, men det er ein tankekross at Lyse i utgangspunktet ville at me som grunneigar skulle ta kostnaden, med berre eit symbolsk beløp frå deira side. Lyse anka til lagmannsretten

Lyse valde å anke skjønnet til lagmannsretten.

– Då var me tre grunneigarar som var att. Me argumenterte for vårt syn, medan Lyse argumenterte for sitt, seier Torland.

Torland heldt i lagmannsretten mellom anna fram at verdisetjinga burde leggja til grunn ekstra arbeid rundt mastene for tre grasslåttar i staden for to, og at arbeidet med ugras rundt mastene krev autorisasjonskurs for bruk av plantevernmiddel. Leigast denne sprøytetenesta vil ein fort bli fakturert for éin til to timar, argumenterte han.

– Eg opplevde at våre argument og regnestykke vert lagt til grunn i lagmannsretten. Overskjønnet her auka erstatningsbeløpet til 42.296 kroner per mastepunkt på dyrka mark, seier han.

Prisverdig engasjement

Lyse anka saka vidare til Høgsterett, som avgjorde å ikkje behandla saka. Dermed blir lagmannsretten sitt overskjønn gjeldande.

– Me opplever at dommarar og skjønnsmenn, som har vore med i prosessen, har vore med ut og sett seg grundig inn i den enkelte grunneigar sin situasjon. Det er prisverdig, seier grunneigarane.

Torland seier at han nå har blitt hjelpt eit stykke på veg for å laga turvande drenering og veg, for å kunna nytta ti dekar med spreieareal som han elles ville mista grunna den nye høgspenten på sin eigedom.

Ver skeptisk til avtaleforslag

– Kva er dykkar råd til andre grunneigarar som får besøk eller brev frå ein utbyggar?

– Ver skeptisk, og ver ikkje redd for å seia nei. Utbyggar bør avklara konsekvensar for grunneigar og gardsbruket med lokale landbrukskontor og søkja løysingar slik at grunneigar kan drifta jorda som før. Søk hjelp og få dei økonomiske konsekvensane dine av tiltaket på bordet. Ha også i mente at kostnadane til rettsleg skjønn og fornuftige advokatutgifter blir dekka, seier Jarle Aksdal.

Ommund Torland held fram at om utbyggar kjem grunneigaren i møte og søkjar å finna gode løysingar, stiller saka seg gjerne annleis.

– Då går det an å koma til løysingar som alle kan leva med utan å gå om rettssystemet, seier han.

 LYSE ELNETT:

– Tar med oss kritikken

Bilde av Ingvild Ween

Ingvild Ween

– Me i Lyse Elnett er lei oss for at prosessen ikkje har blitt oppfatta som god blant enkelte grunneigarar. Denne kritikken tar me med oss i arbeidet for å bli betre, skriv kommunikasjonssjef i Lyse Elnett AS, Ingvild Ween, i ein kommentar til saka.

God dialog er viktig

Ho påpeikar at store delar av det overordna straumnettet på Sør-Jæren skal fornyast dei neste ti åra, og at Lyse Elnett legg opp til ein omfattande dialog med dei som blir berørt. Ween held fram at staten legg føringar for at det meste av dette skal gå i luftleidning.

– Det er dessverre ikkje til å unngå at dette blir opplevd som ulempe for enkelte av grunneigarane. Nettopp difor er dialog så viktig, understrekar ho.
Etter innspel frå grunneigarar i fleire prosjekt har Lyse Elnett gjort konkrete tiltak for å redusere ulemper, sjølv om dette gir auka kostnader i prosjekta, forklarer Ween. Høgda under luftleidningane er auka med tre meter over kravet til minstehøgd der luftleidningen går over dyrka mark, for å ta omsyn til utstyret som bøndene brukar. Mastene blir i størst mogleg grad lagt til grenseskilje mellom grunneigarar, langs veg osv.

– Me ønskjer å minimere ulempene i samband med bygging ved å ha dialog før oppstart, presiserer Ween.

Ho understrekar at Lyse Elnett er positive til at jorda under luftleidningane blir nytta.

– Også til spreieareal så lenge det skjer på ein sikker måte når det blir arbeidd nær luftleidningane, forklarer ho.

Til kritikken om endring i grunneigarkontaktar, skriv Ween at Lyse Elnett er einige i at god dialog er enklare dersom ein kan førehalda seg til éin grunneigarkontakt gjennom heile prosjektet.

– Men dessverre kan me ikkje gjera noko med at tilsette søkjer ny jobb og at grunneigarkontakt har blitt bytta, slik som her, kommenterer ho.

Mest mogleg nett for pengane

Ween held fram at jobben til Lyse Elnett er å bygga mest mogleg nett for pengane. Kostnadar til nettutbygging påverkar nettleiga, som alle må betale.

– Vårt mål er å halde denne så låg som mogleg, understrekar Ween.

I Lyse Elnett sin kommentar blir det understreka at jordkabel vart utgreia i samband med konsesjonssøknaden i prosjektet, men at meirkostnaden vart så stor at NVE, som er beslutningsmyndigheit, ikkje vurderte det som hensiktsmessig å be Lyse Elnett konsesjonssøkja dette. Tilleggsutgreiinga ligg tilgjengeleg på Lyse Elnett si heimeside.

Dei faste erstatningssatsane er auka

Etter skjønnet i dette konkrete prosjektet er Lyse Elnett sine erstatningssatsar vurdert av ny sakkunnig. Som eit resultat av dette, er dei faste satsane auka. For mast i regionalnett på fulldyrka mark, er satsen tredobla.

– Grunneigarar i dette prosjektet, som har inngått minnelege avtalar før skjønnet vart halde, vil få erstatning etter dei nye oppjusterte satsane, kommenterer Ween.