BN+

Gode erfaringar: Leif Rune Reiersdal testa ut Nofence på dyreflokken i fjor sommar. Han hausta gode erfaringar. Nå har han investert i beitesystemet.


Leif Rune Reiersdal utnytter store hei- og fjellareal i Åseral til Angus-kyrne sine. Gjerdehaldet går føre seg via ein mobilapp, solcelledriven klave og GPS.


Sjur Håland


Det virtuelle gjerdesystemet Nofence har vore tillatt for geiter sidan 2017. Beiteteknologien er nå også tilgjengeleg for bønder som driv med storfe og sau. Sommaren 2019 deltok 70 sauebønder og 100 storfebønder i ei kontrollert utprøving. Leif Rune Reiersdal, frå grenda Smeland i Åseral på Agder, stilte storfeflokken sin til disposisjon. Erfaringane hans er så gode at han nå har investert i det moderne gjerdesystemet.

Opplæring

Dei to første vekene i fjor hadde han dei då 21 kyrne saman med kalvane på eit fysisk inngjerda område nær tunet på opplæring (kalvane har ikkje klave, sidan dei følgjer kua fram til dei er minst eit halvt år gamle). Leif Rune fortel at dyra var litt forvirra dei første 20 minutta etter at Nofence vart aktivert, men at dei roa seg fort.
Dyra som nærmar seg den virtuelle grensa når først eit varslingsfelt og får då ei åtvaring i form av eit lydsignal. Straumstøyten kjem først ved sjølve grensa. Når dyra er tilvande vil dei oftast snu når dei høyrer lyden.


– I starten var det like mange lydsignal som støyt. Men fire-fem dagar ut i tilvenjingsperioden forstod kyrne kva lydsignalet betydde og talet på støyt raste nedover. Etter to veker var det mest ikkje støyt i det heile og berre eit fåtal lydsignal, seier Leif Rune.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,
Share This