Avhengig av kvarandre: Sigfrid og Egil Førde har funne si oppskrift for ein god kvardag i lag.

25 strake år med elitemjølk vart heidra med Tine sitt mjølkespann i sølv. For Sigfrid og Egil Førde er spannet like mykje eit symbol på godt samarbeid og det å sjå moglegheiter.

Gardsfakta

Sigfrid og Egil Førde driv med mjølk i båsfjøs på Førde i Bjordal i Høyanger, Sogn og Fjordane. Dei overtok heimegarden til Egil i 1987. Fjøset er eit lågbygg frå 1969 som vart bygd på til kalvar og ungdyr i 1997. Dei har 106.000 liter i kvote, plass til 15 kyr og fullt påsett. Kyr og kviger beitar i fjellet og kalvinga er konsentrert i september og oktober.

I april fekk paret tildelt Tine sitt mjølkespann i sølv for å ha levert elitemjølk 25 år i strekk.

Dei har fire vaksne døtrer og tre barnebarn. 

 

– Her kjem direktøren, seier Egil, idet kona Sigfrid svingar inn på tunet. Ho har vore til fjells for å sjå til dyra. Egil er tydeleg stolt av kona si.

– Ho har bore ansvaret for fjøset og jentene våre i alle desse åra. Utan henne hadde eg ikkje vore bonde i dag, seier han.

Sigfrid var ikkje så vanskeleg å overtale då det vart snakk om å overta garden.

– Eg lærde å mjølke då eg var fem, seier 61-åringen, og fortel om ein barndom med kyr og fiske på ein veglaus gard vest for Bjordal.

Som bonde får ho jobbe med det ho likar best; dyr og kontorarbeid. Sigfrid trivst framfor datamaskinen. Ho held orden på alt av registreringar og papirarbeid, både for garden og for mannen. Egil har drive eige maskinentreprenørfirma i over 40 år. Tjue år gammal kjøpte han ein Brøyt X2, 1963-modell. Sidan har han dyrka og planert og rusta opp 140 dekar god fruktbar jord rett rundt fjøset.

Brøyt X2: Med denne brøyten frå 1963, har Egil dyrka, rydda og rusta opp 140 dekar jord på garden.

Allsidig kvardag: Som bonde får Sigfrid gjere det ho trivst best med – jobbe med dyr og kontorarbeid. 

Utruleg at det gjekk

Egil og Sigfrid overtok i 1987. Dei første åra hadde dei god hjelp av far til Egil. Men Egil er full av pågangsmot og har alltid gjort ting på sin måte. Ikkje alt fall i god jord hjå førre generasjon.

– Det meste eg gjorde var gale. Men seinare fekk eg høyre på bygda at han skrytte av det eg bala med. Slik var det vel hjå mange, seier Egil.

Då dei bygde hus var Egil bestemt på at det skulle stå på andre sida av fjøsen, slik at det vart nytt gardstun. Med lån på gard og hus og 18 prosent rente, vart det ein tøff start.

– Alt stoppa opp. Det var ikkje arbeid å få i anleggsbransjen. Me klarte akkurat å betale rentene. Eg har tenkt mykje på det i ettertid. Heilt utruleg at det gjekk, seier han.

Moderniserte drifta

På åtti- og nittitalet jobba Egil på anlegg rundt om på heile Sør- og Vestlandet. Han var vekke ei veke til fjorten dagar i strekk. Overskotet vart brukt til å modernisere fjøset. Dei var blant dei første som tok i bruk silouttakar. Den skulle lette fôringa for Sigfrid.

– Lettvint? Ja, når den fungerte, seier ho, og fortel at den somme tider var meir til bry enn til nytte. Når det tetta seg i røyra, fekk ho jentene av garde til skulen, før ho måtte bruke føremiddagen på å klatre ned og opp or siloen for å få uttakaren til å fungere.

Dei var tidleg ute med to-trinns hausting, og bytte fôrhaustaren ut med ei Orkel Splitt 14-vogn tidleg på 90-talet. Egil hausta og Sigfrid stod i siloen. No er dei for lengst over på rundballar. Slåtten har blitt einmannsjobb.

– No sit eg på terrassen og les krim under slåtten – og har litt dårleg samvit, seier Sigfrid.

Egil flirer godt. – Når ho har dårleg samvit, lagar ho ekstra god mat, seier han.

Vasskraft avgjerande for drifta

Frå terrassen ser Sigfrid og Egil bort på den tørrlagde fossen i fjellveggen. Avtale om vassrettane i stølsfjellet mellom Bjordal og Stordalen vart underteikna
allereie i 1905. Planen var at gardane på Førde skulle regulerast til smelteverk. Slik gjekk det heldigvis ikkje.

– Alle vassdrag og basseng i eit område på 20 km2 er regulerte. Kring 50 kilometer med vasstunnellar i fjellet fører vatnet ned til kraftstasjonen på Matre i
Hordaland, fortel Egil.

Heilt sidan avtalen vart signert har den gitt ei årleg økonomisk kompensasjon til grunneigarane. I tillegg fekk bøndene høve til arbeid då utbygginga starta
på 60-talet.

– Me kan like det eller ikkje, men dei tre bruka her på Førde har overlevd på grunn av vasskraftutbygginga, seier Egil.

Vasskraft og beite: Den massive vasskraftutbygginga har sine fordelar, ikkje minst har det gjort beitedrifta i fjellet enklare.

Uaktuelt med sommarmjølk: Med store beiteressursar i fjellet og berre dyrka jord rundt fjøset, er det ikkje aktuelt å levere sommarmjølk. 

Fjellbeite eller sommarmjølk

Utbygginga har gitt fleire positive ringverknadar for bøndene, ikkje minst har vegar inn på fjellet gjort det enklare med beitedrift og tilsyn med dyra i fjellet.

– Me er heilt avhengige av fjellbeitet, seier Sigfrid.

Ho kjenner presset på å levere sommarmjølk, men med dei ressursane dei rår over, er det ikkje aktuelt med kalving heile året. 

– Her heime har me berre dyrka jord og me har gode beite i fjellet. Å kome til fjells er god velferd både for folk og fe, meiner Sigfrid.

Bonden fryktar diskusjonen om månadlege mjølkekvotar som dukkar opp frå tid til annan.

– Det vil ta knekken på oss, og er ein trussel for distriktslandbruket, seier ho. 

Vil ha vindkraft

No vil Sigfrid og Egil ha vindmøller i fjellet. Det vil ikkje kommunen.

– Vindkrafta kjempar i motvind om dagen, men eg trur det vil endre seg, seier Egil.
Han minner om at inngrepa i området allereie er massive. I tillegg er strømnettet og vegane klare.

– Det er berre å kople seg på, seier Egil. 

Han forstår argumenta mot vindkraft, men meiner vasskraft er eit større inngrep i naturen.

– Ja, vindmøllene vil ta fugl. Men økosystemet i fjordane har tilpassa seg etter alle årstider i millionar av år. Å endre på vassføringa og tilførsle av ferskvatn har alvorlege konsekvensar for alt som lever og rører seg i elvar og fjordar. Hugs at alt ferskvatnet som tidlegare blanda seg i fjorden her, no er styrt til Hordaland, seier Egil.

Elveløpet ned mot Bjordal og Sognefjorden får berre vatn når magasina er overfylte. Egil har gode kontaktar i BKK og har sikra seg avtale om å få vatn i elva når det vert turt, som i fjor sommar.

– Me klarte oss ved å vatna heile sommaren i fjor, berge tre slåttar og vi valde å selje oksane tidleg, seier Egil.

Sjølv om elveløpet er sikra godt på begge sider, er bøndene alltid på vakt når det kjem mykje nedbør og ved snøsmeltinga om våren.

– Kjem det mykje vatn må me få stengt tilførsla frå nabovassdraga, elles vert det fort flaum og store skadar, seier Egil.

Godt å bli verdsett: Sølvtina og Mjølkespannet frå Tine er synlege bevis for god drift og beste mjølkekvalitet i 15 og 25 år.

Ein milepæl

Sigfrid var ekstra nøye med mjølkinga i fjor haust. Tine sitt mjølkespann i sølv stod på spel. Ved nyttår hadde dei levert elitemjølk i 25 år på rad.

– Det treng ikkje vere vanskeleg, men det er lite som skal til før det kan gå galt. Eg prøver å ha gode rutinar og er alltid på vakt. Mjølkeanlegget er godt dimensjonert og får service kvar haust, seier Sigfrid.

Ho understrekar at elitemjølk handlar like mykje om 30 øre ekstra per liter. Det blir det kroner av etter 25 år. Mjølkespannet gjorde at dei måtte ta seg fri to dagar i april for å reise på årsmøtet til Tine og ta imot utmerkinga. Av dei 28 mottakarane var heile ni av produsentane frå Sogn og Fjordane.

Ekteparet skryt av arrangementet.

– Me kjenner oss verdsett som leverandørar når Tine gjer slik stas på oss, seier Egil.

Krevjande tema

Paret veit ikkje kor lenge dei skal drive eller kva som skjer med garden når dei gir seg. Dei har god helse og arbeidslyst, og kjempar på nokre år til.

– Kyrne skal i alle fall kalve i haust, så får me sjå, seier Sigfrid. Ho medgir at det er eit utfordrande tema som dei snakkar lite om. 

– Ingen skal kome heim og drive garden med mindre dei vil det sjølve. Det viktigaste er at dei er friske og har arbeid dei trivst med, seier ho, og tenker på døtrene. Ho undrast på om det ville vore annleis om dei hadde bygd om til lausdrift då dei bygde ut i 1997. Eller om dei hadde bygd lausdrift og auka produksjonen for ti år sidan. Men dei tenkte ikkje slik. Trudde det var for seint. No ser ho litt annleis på det.

– Hadde me visst korleis utviklinga vart, hadde det truleg vore klokt å investere i lausdrift den gong. No er det for seint. Det får bli opp til neste brukar å
investere i fjøset, seier ho.

Kvardagsmenneske

Sigfrid og Egil har sjeldan fri. Ho har ingen fast avløysar, og han har ansvaret for tilsyn og vedlikehald på vegane frå Oppedal til Ortnevik og Stordalen. Skjer det noko må han rykke ut.

– Det er ikkje lett å kome frå når me har stelt oss slik, spøker Egil.

Telefonen er aldri langt unna. Han blir rastlaus når det er stilt. 

– Eg likar å trø til og vere til nytte, seier 67-åringen.

Dei tek seg nokre dagsturar, eller ein tur inn på fjellet, eller nyt rolegare dagar på terrassen. Ferie blir det lite av.

– Sjølvsagt blir eg drit lei av og til, når det er problem med kyrne eller kvigene ikkje oppfører seg, men eg saknar eigentleg ikkje ferie, seier ho.

– Å kome heim etter ein arbeidsdag og ha det godt heime, det er fantastisk, seier Egil.

– Folk har blitt meir rastlause. Dei må reise langt eller springe på ein fjelltopp. For meg er strikketøyet ei god avkopling, seier Sigfrid.

Når dei skal slappe heilt av etter ein seig arbeidsdag, set dei på musikk – countrymusikk eller tyske slagerar. Dei sit i go’stolen, høyrer på musikken og kommenterer songane – eller ser ein film. Etter 43 års ekteskap har det blitt mange slike stunder.

Inst i fjorden: Dei tre gardane på Førde ligg fint til inst i fjorden, før vegen stig til fjells og over til Matre i Hordaland.

Stikkord denne saka: , , ,