Tikker alle boksar: Ronnie Eunson trur dei gamle husdyrrasane vil bli viktige i framtidas meir klimatilpassa landbruk. Foto: Richard Briggs.

Auka kostnadar, svakare inntening og ein ustabil marknadssituasjon gjorde at shetlandsbonden Ronnie Eunson, kom til eit vegskilje; slutte eller legge om.

Liv Kristin Sola

Ronnie Eunson, sau- og storfebonde på Shetland. 

 Ronnie Eunson driv garden Uradale (uradale.com) på Shetland, midt mellom Nordsjøen og Atlanterhavet. Garden har 800 dekar grasdekte beite som strekker seg frå høge bakketoppar heilt ned i fjæra i det opne landskapet på øya. Eunson driv med dei stadeigne rasane shetlandsk storfe og shetlandssau. Han er en del av nettverket North Atlantic Native Sheep and Wool og var invitert til konferansen i Setesdal for å snakke om korleis han har endra gardsdrifta.

Frå kommersiell til hardfør

Då Ronnie Eunson kjøpte garden i 1994, selde han sauer for 40 pund per dyr. I dag er prisen rundt 45 pund. Verdien stagnerer medan kostnadane stig.

– I mi verd er dette ikkje berekraftig, seier Eunson.

Livet som moderne bonde på Shetland var ikkje enkelt. Marknad og prisar var svært ustabile og tunge skyer hang over landbruket. Bonden valde å hoppe av den kommersielle karusellen.

– Eg måtte redusere kostnadane og sikre betre inntening. Då var det avgjerande å skifte til meir nøysame rasar som utnytter fôret og beitene meir effektivt – og skape min eigen marknad, seier Eunson.

Han valde å satse på dei stadeigne Shetlandssau og Shetlandsstorfe, som begge har røter attende til vikingtida. Han halverte saueflokken frå 1200 til 600 dyr og la om til økologisk drift.

– Eg kan ikkje endre politikken og klimautfordringane, men eg kan gjere driftsopplegget mitt meir robust, seier shetlandsbonden.

Maten blir historielaus

Eunson bestemde seg for å selje varene sine sjølv, og sende eit lammelår til ein av Londons betre restaurantar.

– Eg spurte fint om han ville smake og gi eit tilbakemelding, seier Eunson. 

Då han ei veke seinare kontakta restauranten, fekk han bestilling på seks nye lår. No, fjorten år seinare, leverer Eunson framleis ferske lam til restauranten kvar haust. 

Bonden meiner landbruket i for stor grad har fjerna seg frå forbrukarane. Rase, driftsmåte og kvalitet blir anonymisert og maten blir historielaus på veg til butikkhyllene. Bonden er ute og råvarene tapar all identitet på veg til supermarknaden.

– Utviklinga mot større volum og lågare prisar, truar dei gamle husdyrrasane. Identitet er heilt avgjerande for dei små rasane, seier Eunson.

Eit truverdig bilete

Uradale ligg langt unna marknaden og kundane. Skal dei få sal, må dei skape ein identitet og ein marknad. Eunson meiner personleg kontakt mellom bonde og kunde og mellom kunden og dyra er viktig.

– Me må gi folk ei ærleg og truverdig historie om korleis me produserer, kor lam og storfe beitar og korleis ting heng saman. Først då kan dei reflektere over det dei ser. Brikkene fell på plass og dyret og driftsmåten får ein verdi, seier Eunson.

Alt kjøtet dei produserer på garden går gjennom eige slakteri. For å skaffe seg meir dokumentasjon fekk Eunson nokre forskarar til å studere kjøtkvaliteten til dei gamle rasane. Dei fant at Shetlandssauen har eit magrare kjøt med sunnare feitt og mindre kolesterol, samanlikna med moderne rasar. Kunnskapen skal nyttast til å marknadsføre dei gamle rasane som eit sunt alternativ til dei kommersielle. Det fungerer, meiner Eunson.

På Uradale har dei utvikla produksjonen til også å omfatte ull frå dei gamle rasane. No produserer dei økologisk garn av ull frå eigen buskap. Ull som har vore klassifisert som verdilaus i industrien.

– Me opplever at folk er interessert i ull som dei er interessert i vin. Det gjev oss mot og tru på at ulla vår faktisk har verdi, noko me ikkje trudde for ti år sidan. Spesielt gjeld det desse farga sauene, seier Eunson.

Uradale farm: Her har Ronnie Eunson og familien bygd opp slakteri, spinneri og gardsutsal – og inviterer kundane heim til garden for å sjå dyra og korleis dei driv.

Ungdommen kjempar for kloden

Mykje tyder på at Uradale-bonden har rigga seg vel for framtida. Han har merka seg ungdommen sitt engasjement for mat, helse og ikkje minst klimaspørsmål.

– Ungdommen kjempar for si eiga framtid. Etter kvart vil dei forstå meir enn me gamle nokon gong kjem til å ha kapasitet til, seier den erfarne bonden.

Han lyttar til ungdommen og tek til seg kunnskap for å drive garden på ein måte som etterlet minst mogleg klimaavtrykk. Han er optimist med tanke på framtida for dei gamle husdyrrasane.

– Kundane vil ha kunnskap. Me må lære dei at beitedyra er ein del av ein større heilskap som handlar nettopp om miljø, helse og bærekraft. Kan vi bevise at desse stadeigne rasane kan bidra til å motverke klimaendringar, då kan vi faktisk vere i ein betre posisjon enn det intensiverte landbruket, som krev store
ressursar, seier Eunson.

Stikkord denne saka: , ,
Share This