Med krøll på halen: – Ein SPF-gris er ein friskare gris som har betre helse, betre velferd og redusert fôrforbruk. Godt for grisen og lønsamt for bonden, seier Olav Eik-Nes. Foto: FKRA

Norsvin ønsker å legge om heile svinenæringa til SPF-gris innan 2030. – Fullt mogleg, men det er eit økonomisk spørsmål. Bonden klarer ikkje dette åleine, seier Olav Eik-Nes i Norsvin.

Liv Kristin Sola

Luftvegslidinga APP er i større eller mindre grad eit problem i alle konvensjonelle svinebesetningar her til lands. Ein aggressiv variant av sjukdommen gir store lidingar for grisen og dårleg lønsemd for bonden.

– Ein SPF-gris er ein friskare gris som har betre helse, betre velferd og redusert fôrforbruk. Godt for grisen og lønsamt for bonden, seier Olav Eik-Nes, administrerande direktør i Norsvin.

Les også: – SPF er ingen porselensgris

Sanering treng finansiering

No vil Norsvin legge om alle svinebesetningane til SPF. Dei vil ha på plass eit fond på 200 millionar kroner som skal nyttast over ein tiårs periode. Pengane skal finansiere eit tilskot på 5000 kroner per purke for å kompensere bonden for tapt dekningsbidrag i saneringsåret. Forslaget er spelt inn til partane i jordbruksforhandlingane dei siste par åra, utan resultat.

– Ei omlegging er viktig både for den enkelte bonde og for omdømmet til næringa, men svak økonomi dei seinare år gjer det uaktuelt for mange. Likviditeten er rett og slett for dårleg, seier Eik-Nes.

Fôrkostnaden utgjer opp mot åtti prosent av produksjonskostnadane til ein svinebonde. Ved å sanere tapar bonden eitt års produksjon og dekningsbidrag. Avhengig av smittestatus før sanering og effekt av å legge om, vil det ta tre til fem år før bonden tener inn kostnadane. Statistikk frå Ingris viser at også konvensjonelle slaktegrisprodusentar hevdar seg heilt i resultattoppen. Ikkje uventa, skal me tru Eik-Nes.

– Som i alle andre produksjonar er bonden sjølv avgjerande for god drift. Samstundes veit me at konvensjonelle besetningar kan vere meir eller mindre fri frå APP, eller ha ein mild variant som ikkje gir sjukdom. Effekten av omlegging vil heilt klart vere størst hjå dei som er hardast råka, seier han.

Ønsker områdesanering

I tillegg til økonomi, er faren for re-smitte ei utfordring, spesielt i område kor det er tett mellom fjøsa. Blant anna i Rogaland, som har 30 prosent av svineproduksjonen i landet, er det døme på bønder som har blitt re-smitta både ein og to gonger.

– Ingen vil gjere dette to gonger, derfor er det viktig å ha ein overordna plan for korleis saneringa kan gjennomførast, seier Eik-Nes.

Norsvin lanserer i desse dagar prosjektet Friskare gris SPF-Rogaland. Prosjektet skal kartlegge korleis område med mykje gris kan sanerast etter ein områdesaneringsplan.

– Det må skje i tett samarbeid med kraftfôrindustrien og slakteria, men også bank og forsikring må involverast, seier Eik-Nes.

Eit viktig klimatiltak

Eik-Nes peiker på to viktige argument for å legge om til SPF. Økonomi og verdiskaping for bonden og auka berekraft i næringa gjennom mindre medisinering, mindre antibiotika og redusert fôrforbruk, pluss betre arealutnytting og lågare klimautslepp. Rundt 80 prosent av råvarene i svinefôret er norskprodusert. Som ein direkte effekt av friskare gris og lågare fôrforbruk meiner Norsvin at ei omlegging til SPF vil frigjere mellom 80 og 100 tusen dekar kornareal.

– Areal som kan nyttast til andre produksjonar, som til dømes nye proteinkjelder, seier Eik-Nes.

Han frir både til Bondelaget og styresmaktene og meiner SPF blir viktig for å nå landbrukets ambisiøse klimaplan.

– Skal me ta klima på alvor må det vere mogleg å få midlar til ein så viktig reform for ei heil næring. Svinenæringa står for åtte prosent av klimagassutsleppa i landbruket. Med SPF kan næringa redusere sine utslepp med 13 prosent. Og me kan starte i dag, seier Eik-Nes.

Omlegging til SPF er berekna til å koste 267 kroner per tonn per redusert CO2-ekvivalent og er med det eit av dei mest kostnadseffektive tiltaka i klimaplanen. Ein plan som Eik-Nes meiner er god, men manglar ein finansieringsplan.

– Bonden kan ikkje ta desse kostnadane frå eiga lommebok, seier han.

Olav Eik-Nes

SPF-gris – Spesifikk patogenfri gris

SPF står for spesifikk patogenfri, som viser til grisebesetningar som er fri for sjukdommane nysesjuke, svinedysenteri, smittsam grisehoste, skabb og APP (smittsam lunge- og brysthinnebetennelse).

I norsk svinenæring er det i praksis APP som er den reelle utfordringa. Smittsam grisehoste vart utrydda for rundt ti år sidan og svinedysenteri, nysesjuke og skabb er svært sjeldan.

APP finst i minst 15 ulike meir eller mindre farlege variantar. Her til lands er det i hovudsak to variantar. Den vanlegaste er serotype 8 som gir klinisk utbrot med hoste og feber og svært sjuk gris. Sjukdommen er smertefull og dødeleg om dyret ikkje vert behandla.

Alle besetningar som ikkje er har SPF-status vert rekna for å ha ein eller annan form for APP. Kor mange variantar det finst her til lands er ikkje kartlagt. Utvida sjukdomsregistrering på slakteria viser at APP er den sjukdommen som oftast vert registrert som ein merknad på griseslakt. Det tyder på at det er stor grad av skjulte tilfelle i tillegg til dei kliniske tilfella som vert observert.

APP smitter raskt mellom dyr og i avgrensa avstandar også via luft. Slaktegrisen er spesielt utsett for smitte. Symptom er hoste og pusteproblem, feber, dårleg matlyst og redusert tilvekst. Høg dyretettleik, trekk eller store svingingar i temperaturen aukar smittepresset. Slaktegrisbesetningar med mange leverandørar er spesielt utsett.

Grisene kan leve med mild kronisk APP heile livet utan at det vert oppdaga og behandla. Konsekvensen er auka fôrforbruk, høgare produksjonskostnad og redusert dyrevelferd.

Treng investeringsstøtte

Siste store løft i svinenæringa var då lausdriftskravet for purker kom på slutten av 90-talet. Eik-Nes meiner tida er overmoden for ei ny oppgradering. Driftsapparatet er utslitt. Det same er mange av produsentane.

– Det skal ikkje vere eit slit å gå på jobb kvar dag fordi det ikkje er økonomi til å gjere fornyingar og tilpassingar til dagens standard, seier Eik-Nes.

Han meiner utdaterte fjøs og tungvint drift, og den økonomiske situasjonen ikkje berre tek motivasjonen frå dagens drivar, men også neste generasjon.

– Skal næringa vere framtidsretta treng me absolutt ei fornying. Dei fleste som har bygd no seinare har vore utsett for kriser som brann eller MRSA. Mange av dei legg om til SPF og opplever ein ny kvardag, seier Eik-Nes.

Ein del av bygningsmasse er mest umogleg å legge om til SPF. Eik-Nes meiner difor at behovet for modernisering og høve til å bli kvitt APP i same slengen, bør gi næringa gode argument for å få investeringstilskot frå Innovasjon Norge. Gitt at produksjonen ikkje aukar.

– Dette er innovasjon med svært mange positive effektar, seier han og stadfestar at Norsvin er i kontakt med Innovasjon Norge og med Bondelaget, for å diskutere behovet.

Draum eller realisme?

Eik-Nes erkjenner at det er mange brikker som må på plass før næringa kan bli fri frå APP, men han er optimist.

– Me har klart det både med mykoplasma (grisehoste) og skabb, men APP er eit større økonomisk løft. Skal me lukkast må me få tak på desse 200 millionane slik at bonden klarer den økonomiske belastninga ved å legge om. Kan me i tillegg få investeringstilskot frå IN til ombygging, fornying og innovasjon i næringa, kan det gå vegen, seier Eik-Nes.

– Er bøndene positive?

– Ja, det meiner eg, men me må få produksjonen i balanse slik at me klarer å ta ut målprisen. Betre økonomi vil auke motivasjonen for å halde fram i næringa, og er avgjerande for å få gjennomført ein SPF-reform.

– Blir det heilt slutt med å invitere skular, barnehage og besøkande inn i grisehuset etter ei SPF-reform?

– Nei, i ein saneringsperiode blir det sjølvsagt strenge restriksjonar, men blir me fri bakterien som forårsakar APP treng me ikkje ha stengde fjøs, i alle fall ikkje av den grunn. Me må vise fram fjøsa våre og ikkje overdrive smitterisikoen, seier Eik-Nes.

Avventande positive

– Det å ha ein frisk og robust gris ser me berre positive sider ved, både for næringa og forbrukar, seier Lars Petter Bartnes, leiar av Norges Bondelag, i ein skriftleg kommentar til Bondevennen.

Bondelaget meiner tiltaket er godt, men vil ikkje love finansiering gjennom jordbruksavtalen.

– Me kan ikkje forskottere jordbruksforhandlingane fram mot 2030. Eit slikt fond vil sjølvsagt vurderast og må vegast opp mot andre nødvendige tiltak, seier Bartnes.

Han viser til at det er to måtar for næringa å få finansiert eit slikt fond; gjennom jordbruksforhandlingane eller ved trekk i omsettingsavgifta – eller ein kombinasjon av desse. Bartnes er kjent med at den økonomiske situasjonen i næringa dei siste åra har gitt lite rom for investeringar. Han viser til at det er svært god produsentøkonomi å legge om til SPF-gris.

– Vil Bondelaget vurdere å be Innovasjon Norge endre på prioriteringane for investeringsstøtte slik at også svineprodusentane kan fornye driftsapparatet og samstundes legge om til SPF?

Lars Petter Bartnes

– Her må me lytte godt til Nortura. Så lenge marknadsbalansen på gris er skjør, er det risikofylt å prioritere investeringsvirkemidlar til svineproduksjon. Grisen blir meir produktiv når den får SPF-status. Dette kombinert med eventuelt nyetablering eller utbygging kan utfordre marknadsbalansen. Det vil både SPF-produsentar og konvensjonelle tape på, skriv Bartnes.

På spørsmål om kor vidt omlegging til SPF-gris vil bidra til å oppfylle landbrukets klimaplan, viser Bondelaget til at tiltaket har ein låg kostnad og vil i tillegg gi betre økonomi for svineprodusenten.

Økonomi er bøygen

– Skal me i mål med SPF, må det koma friske midlar på bordet, seier Bjørn Ståle Bekkeheien, leiar i Norsvin Sør-Vest og smågrisprodusent på husdyrtette Jæren.

Fleire griseprodusentar i regionen har lagt om til SPF. Diverre har også nokre opplevd å få resmitte i besetninga.

– Skal me lukkast med omlegging til SPF her, må det vere på plass ein skikkeleg plan for områdesanering, seier Bekkeheien.

– Alle aktørar må ha eit profesjonelt opplegg. Til dømes må slakteria ha ein plan for dyretransport, og Norsk Protein (no Biosirk Norge, red. mrk.) må ha ein plan for henting av kadaver. Det er mogleg, men utan god planlegging blir risikoen for høg. Då må me ha med oss alle i bransjen.

Knappar og glansbilete

Bekkeheien erfarer at griseprodusentane i regionen, stort sett er positive til SPF-målsettinga til Norsvin. Økonomien, derimot, er det store hinderet for at mange grisebønder skal legge om. Mange produsentar har etterslep av vedlikehald og oppgradering av driftsbygningane, som krev investeringar.

Bjørn Ståle Bekkeheien

– Det må vere økonomi i produksjonen. Me kan ikkje sanera for knappar og glansbilete, slår han fast.

Han viser til at grisenæringa har vore gjennom ein tøff periode med dårleg økonomi på grunn av overproduksjon.

– Prislappen på ei sanering er på mellom halvanna og to millionar kroner. Skal me i mål, må det koma friske midlar på bordet, seier Bekkeheien.

Stikkord denne saka: ,
Share This