Unge bønder samlast: Unge bønder frå heile landet tar med seg partnerane til Agrovisjon og Rogaland Bondelag sitt Ung bonde-kurs. Humor og alvor er på programmet. Foto: Istock

Humor skal miksast med bondeyrkets alvor når unge bønder og partnarane deira finn saman på Agrovisjon.

Jane Brit Sande

– Så langt er det meir enn 100 påmelde, frå heile landet. Årets Ung bonde-kurs er allereie ein suksess, seier Oddvar Vignes, rådgivar i Rogaland Bondelag.

Ung bonde-kurset er eit samarbeid mellom Rogaland Bondelag, Nortura, Tine, Felleskjøpet RA og Landkreditt. Det blir arrangert 1.-2. november, i samband med Agrovisjon, på Scandic Forum i Stavanger.

Også for partnaren

Målgruppa for kurset er unge som nyleg har overtatt, eller skal overta ein gard, og deira partnarar.

– Me arrangerer kurset av fleire grunnar. Bondeyrket kan vere einsamt, og det er nyttig å treffa og snakka med andre bønder i liknande situasjon. Mange kjem også med sine partnarar, og det er veldig flott. Det er viktig at begge partar er involverte i garden, seier Vignes.

Rådgivaren lokkar med variert program, som vonleg dekker ein heil del av kva ein vordande eller nystarta bonde kan lure på. Blant anna eigarskifte og rettar som gift eller sambuar, økonomi og investeringar, forsikringar, teknologi, Mattilsynet si rolle, dei tillitsvalde si rolle, og mykje meir.
Saman med humor-kollega Leif Arild Steen skal Vignes sjølv ha eit innlegg om kommunikasjon og samarbeid mellom partane på garden.

Bygga nettverk

Vignes meiner at det for nyleg etablerte og framtidige bønder vil vere ein fordel å samlast.

– Bønder i startfasen har ikkje same høve til å gjere investeringar som dei etablerte bøndene. I tillegg er landbruket inne i ei brytningstid, noko som gjer at ein må tenka litt annleis kva gjeld kloke investeringar. Kurset gir god anledning til å bygga nettverk, og til å vurdera desse spørsmåla saman med dei andre på kurset, seier Vignes.

– Kurset heiter «Ung bonde». Kva legg de i «ung?

– No er eg 39, så det må vel vere taket, svarar Vignes kjapt.

Stikkord denne saka: , ,
Share This