BV-KOMMENTAR:

Kva no, ammeku?

 
I kjøt-og klimadebatten hamnar ammekua i skuggen av den stigande stjerna til NRF.
 
Det blei ein brå start på året for dei som har kjøtet kjært. Ikkje før hadde Aftenposten stilt spørsmålet: «Hva? Spiser du fortsatt kjøtt?», før store kutt i ammekuproduksjonen vart tema for klimaforhandlingane mellom stat og landbruk. For? Imot? Nyttårsballet var i gang.

Så kom EAT-Lancet-rapporten. Skal me redde både helsa og planeten, må det globale kjøtforbruket halverast. 14 gram raudt kjøt om dagen. Ver så god.

Nyttårsballet tok av. Bønder mot klimaforkjemparar mot ernæringsekspertar mot veganarar. Meinings-moldroket har på langt nær lagt seg. Konklusjonane let vente på seg. Berre tre veker etter rapportlanseringa er det likevel råd å skimta eit utviklingstrekk av særskilt interesse for dei som driv med mjølk – og storfekjøt:

Som følgje av massivt mediepress har landbruket på svært kort tid spissa argumentrekka. Pedagogiske punktlister og animasjonar som forklarar berekrafta i å eta kjøt frå norske utmarksbeite, er sleppt på sosiale media.

I facebook-snuttane, og i straumen av kjøt- og klimaartiklar, stig ho fram, den nye heltinna. Retro-heltinna, eigentleg. Norsk raudt fe. Med litt velvilje kan me seia at Dagros så langt har kome godt ut av debatten. Anten det handlar om avl, beitetilpassing, metanreduserande fôrtilsettingar, eller helse, er det ho som blir løfta fram. NRF-kua fekk til og med opna NHO sin årskonferanse, via ein talsperson frå Geno! Og når landbruket siterer FN på at utsleppa frå norsk kjøtproduksjon berre er ein firedel av produksjonen elles i verda, er det NRF som er målestokken. Den gilde kombikua som fordelar utsleppa sine på både mjølk og kjøt. Men, hald an…

… kor vart det av ammekua? Dei siste års storsatsing står attende i fjøset, litt i skuggen av sine dobbeltytande systrer. Kjøtfeet, der ho tronar øvst på rangeringa over husdyr med høgast klimautslepp per kilo produkt, blir ei stadig vanskelegare historie å selje. I den grad ammekua har blitt omtalt dei siste vekene, er det med negativt forteikn. Det handlar om utslepp, overproduksjon og kutt i bestanden.

Bør talet på ammekyr reduserast? Skal me redusere ytinga til mjølkekyrne, auke talet på dyr, få meir kjøt frå kombikua – og i same slengen auke grovfôrbruken og kutte både kraftfôrbruk og klimautslepp? Uansett kva ein meiner om desse spørsmåla som no blir stilt, er det kanskje på tide å starta diskusjonen om stabilisering av mjølke- og kjøtproduksjonen. Forbrukarpreferansane er i endring. Klimautsleppa må ned. Diskusjonen kan med fordel starta i næringa, heller enn etter press utanfrå.

Det ser i det heile litt skumlare ut for ammekua enn for mjølkekua for tida. Og då har me ikkje ein gong snakka om regjeringa sitt trugsmål om å innføra CO2-avgift på utslepp frå ku og sau…

Har næringa merka seg denne utviklinga? Kva seier ekspertane, treng ammekua ein omdømmeplan?

Hadde eg investert for millionar i ammeku, ville eg følgt med nøye no.

Bothild Å. Nordsletten

Share This