Som folk flest er bønder ofte flinke til å gjera noko med problem dei kan sjå og ta på.
Når det gjeld plast er bøndene mykje flinkare enn andre. I følgje Grønt Punkt Norge (GPN) tilsvarer returen av plast i landbruket ein gjenvinningsgrad på 85,6 prosent. Bravo! Gjenvinningsgraden for plast frå hushaldningar ligg på ca. 25 prosent.

Den høge gjenvinningsgraden er eit resultat av gode, kollektive rutinar for innsamling gjennom fleire tiår. 4H, lokale bondelag, GPN og andre aktørar fortener ros for innsatsen.

Om rundballeplasten flyg lett i vinden, har dei skittenkvite fillene også blitt eit tungt symbol på menneskeleg vanvyrdnad for naturen. Plastikkbål, likeså. Gode innsamlingsrutinar er difor viktig, også for landbruket sitt omdøme som ansvarleg forvaltar.

Det er difor synd at fleire forhold no stikk kjeppar i hjula for plastinnsamlinga og lønsemda i returordninga.

Etter at Kina i fjor nekta å ta imot meir plast til gjenvinning, hopar det seg opp i resten av verda. Stor plastproduksjon og låg oljepris gir dårlegare pris på avfallsprodukt og mindre lønsemd på gjenvinningsanlegga. GPN har måtte sette opp prisen på vederlaget som bonden må betala for rundballeplast, for å motverka svikten i avsetnaden av returvaren. 4H og bondelaga, som før har tent kjærkomne kroner på dugnadane sine, risikerer å måtte betale for å levere plasten. Dimed kan insentivet til å halda fram forsvinne.

Grønt Punkt Norge er ikkje rette adressat for klage på prisen. Heller bør skytsen rettast mot useriøse aktørar som skrøner på seg å ha betalt miljøvederlag for landbruksplasten dei formidlar – plast som GPN tek imot, utan å ha fått ei krone.

Me er samde med Ola Sunde, som i denne utgåva av Bondevennen tek til orde for ei lovpålagt ordning for miljøavgift på landbruksplast. Ei slik ordning ville rydda gratispassasjerar av vegen og betra lønsemda til dei seriøse aktørane i bransjen.

Samstundes oppmodar me alle partar til å støtta opp om dei gode rutinane som alt finst, slik at dei ikkje forsvinn. Bur du langt ifrå eit oppsamlingspunkt, gå saman med naboane, eller eventuelt be den lokale 4H-klubben om å ta turen.

Plast er eit problem, men òg ei velsigning. Som eit ektefødd barn av oljealderen er det fossilbaserte universalmaterialet likefullt på veg inn i solnedgangen. Då er det også viktig at me utnytter den plasten me alt har smartare, i staden for å pumpa opp nye problem.

Bothild Å. Nordsletten