Ei annleis satsing

okt 6, 2021

Vestlandsk fjordfe har lang historie på Sylvarnes. Det same har bonden, Magne Sylvarnes. Å gå av båten her er som å tre ut or tida nokre timar, og berre vera.

Liv Kristin Sola

 

Tre dagar i veka legg båten til kai på veglause Sylvarnes på sørsida av Sognefjorden. Då står Magne klar med mjølketanken. Båten tek tanken med seg til meieriet i Vik, og attende same ettermiddag. Det er på kvardagar. På fridagar og heilagdagar kjem det ingen båt. Då må bonden yste eller kinne smør. Også dei litrane som vert mjølka på stølen blir nytta til smør og ulike ostar.

Gardsfakta

På den veglause garden Sylvarnes på sørsida av Sognefjorden, har Magne Sylvarnes drive med mjølk, sau og landskapspleie sidan han overtok i 1980. Kvoten er på 32.000 liter og buskapen tel ni kyr av rasen vestlandsk fjordfe, 25-30 vinterfôra sau av rasen gammalnorsk spæl, 15 høns, fjordhesten Lilly og buhunden Siff.

Magne eig 30 dekar dyrka jord og leiger rundt 40 dekar på nabogarden. Graset på det bratte bruket vert hausta med motorslåmaskin og lagt i silo eller tørka til høy, på bakken eller på hesjer. I grønsakshagen dyrkar han det han treng av poteter, frukt og grønsaker.

Fleire hundre år med beiting, skjøtsel og nøysam drift har ryktast langt utanfor Sognefjorden. I 2017 fekk Magne Sogn og Fjordane fylke sin kulturlandskapspris for måten han skjøttar garden på.

Arven: Det har vore drift på Sylvarnes sidan 1300-talet. I 1782 vart garden kjøpt av Magne sine forfedrar. Han er no 6. generasjon i si slekt som driv bruket.

Motstraums: Magne Sylvarnes har sett ein etter ein forsvinne frå bruka sine langs fjorden. – Då tenkte eg at eg skal gjere det stikk motsette, seier bonden.

Lange tradisjonar

Bestestova speglar historia på Sylvarnes. Eldgamle bøker, den eldste frå 1600-talet, innbunde i perm av tre og skinn. To rosemåla ølbollar frå 1800-talet, fleire smidde knivar, ei hornskei, og eit par krutthorn til å laga blykuler med. Alt laga av råvarer frå garden. Bord og stolar fletta i pil med ein sirleg brodert duk på toppen, er arv får besteforeldra.

– Her på garden har dei aldri kasta noko, seier Magne, og finn fram det han kallar husdyrkontrollen.

Ei bok kor det er registrert buskap og kalvingar heilt sidan 1919.

– Eg likte godt å bla i boka og studere namn på dyra då eg var liten; Gulldokka, Stjerna, Venemøy og Sirikit, etter ei dronning i Thailand, minnast bonden.

I 1965 overtok Magne føringa, berre ti år gammal. Godt hundre år etter at dei første dyra vart registrert, er boka framleis i bruk.

Frå raudkolle til fjordfe

Då Magne overtok la han om frå raudkoller til fjordfe som var den rasen dei historisk hadde på garden. Han kjøpte nokre livkalvar og ein avlsokse som stamma frå systrene Berg i Jølster. Det vart stamma til dagens buskap.

– Rasen er heilt uvurderleg til å ta seg fram og dei beitar mest alt, også småskog, lyng og brennesle, seier Magne.

Bonden skryter av godt lynne og lette kalvingar.

– Ein stor fordel når ein bur slik til, seier han.

Fjordfeet varierer mykje i farge, teikningar og storleik og kan bli opp mot 200 kilo slakta. Magne vil ikkje ha dyra så store.

– Dei største er ikkje alltid dei beste mjølkarane. Mindre dyr er lettare i utmarka og passer betre til fjøset, seier han.

Kviger av vestlandsk fjordfe er ettertrakta på livdyrmarknaden. Magne sel det han klarer å unnvere sjølv. Helst til mjølkebruk, men også til kjøtfeprodusentar, sjølv om det kjennest litt som å sløse med ei god mjølkeku. Dei fleste stutkalvane vert selde til ein fast kjøpar, men det hender han sel oksar til folk som skal slakte til eige bruk. For kjøt frå fjordfe er etterspurt.

– Muskulaturen er finfibra og fint marmorert, og kjøtet er svært mørt. Har du først fått smaken på det, vil du ikkje ha anna, seier Magne.

 

Les meir om mjølk på dei gamle kurasana her.

Lukta av godt fôr: Ein stor del av graset vert tørka til høy – på bakken i godvær, eller på hesje når været er meir ustabilt. 

Stor variasjon: Vestlandsk fjordfe kjem i mange fargar og varianter. Stammen i flokken til Magne kjem frå systrene Berg i Jølster. 

Vestlandsk fjordfe: Når hausten kjem og det nærmar seg kalving, ser Magne dagleg til flokken som beitar nokre høgdemeter ovanfor tunet.

Eg synest ikkje ord som tungvint og strevsamt er så viktig å bruke.

Magne Sylvarnes

Lausdrift og dyrevelferd

Magne meiner det er mogleg å drive moderne mjølkeproduksjon med dei gamle kurasane, men ikkje dersom kostbare fjøs og ein stor maskinpark er draumen.

– Det står mange gode bygningar rundt om på gardane. Men ikkje alle tilfredsstiller myndigheitene sine krav eller bonden sine ønsker, seier han.

Han er skeptisk til jaget etter mekanisering som fører bønder ut i gjeldsklemma og er usikker på om lausdrift alltid er det beste for kua.

– Mange av sjukdommane næringa slit med, er knytt nettopp til moderne fjøs. Ikkje minst utfordringar med klauvhelse og bein. Sjukdom er ikkje god velferd, seier Magne.

Han meiner dyrevelferd handlar om meir enn fjøset. Du må kjenne dyra og gi dei det dei treng for at dei skal ha det godt og halde seg friske; godt grovfôr, ein rein og tørr liggeplass med gode matter, og ikkje minst ein lang beitesesong.

På Sylvarnes beitar dyra frå mai til langt uti oktober. Dei fleste kyrne kalvar i september-oktober og vert sina av i slutten av juli. Då flytter buskapen til fjells. Når dei kjem heim att er dei i god kondisjon og robuste mot sjukdom.

– Også på vinterstid får dei seg ein luftetur. Men etter kort tid vil dei inn og legge seg. Kyrne ligg og tygger drøv store delar av dagen, seier Magne.

Magne meiner effektivisering og rasjonalisering har gjort husdyrnæringa svært sårbar, noko som kan gå ut over velferden til dyra. Ikkje minst gjeld dette for fjørfe. 

– Eg får pålegg om å halde mine femten høns innomhus her på Sylvarnes, fordi dei store anlegga skal beskyttast mot fugleinfluensa. Det er vanskeleg å forstå. Det styggaste du kan gjere mot ei høne er å stenge ho inne, seier han.

Eldstekua: Bufrid er tolv år og den eldste kua på Sylvarnes. Ho har vore den beste mjølkekua, men får no konkurranse frå dottera. Den siste kalven hennar, Fagrei, er berre få dagar gammal.

Mange bygningar: Det er mange bygningar å halde ved like på Sylvarne. Då er det nyttig med eiga sag. Kvar vinter tek Magen ut tømmer som han hentar heim med hesten. 

Lykkrei:  Lykkrei vart fødd bak fram. – Då det gjekk godt tenkte eg at ho hadde lukka med seg, og kalla ho Lykkrei, seier Magne.

Ein god vekstsesong

Mykje av jorda er djup og tørkesterk, medan andre stader er den skrinnare og dominert av artsrik natureng, som er ein truga naturtype. Magne nyttar ikkje kunstgjødsel eller sprøytemiddel, men er ikkje debiogodkjent.

– Eg ser ingen fordel med det, berre meir papir og utgifter. Eg spreier møkk på gammaldags vis og horvar med merra og ei gjødselharv, slik me alltid har gjort. Og innmarka vert beita av sauene om våren og hausten, seier han.

Alt graset vert slått med motorslåmaskin og henta heim med silosvans. Store delar av avlinga vert tørka til høy, og blir det dårleg vêr tyr bonden til hesjer.

I sommar vart det både rikeleg med gras og godt vêr, og låven er fylt til randen av friskt høy.

– Medisin for dyra, seier Magne.

Kyrne får høy rundt kalving og siloen blir opna når kalvinga er over i oktobernovember. Ytinga ligg mellom 4400 og 5000 kilo EKM.

– Eg fôrar ikkje så hardt, maks fem til seks kilo kraftfôr, men rikeleg med grovfôr, seier Magne.

Magne driv framleis med lauving, og haustar og tørkar lauvkjerr som han gir til sauene.

– Då me vaks opp var det slik. Garden skulle vere velstelt og fin, seier bonden. 

Ask og selje er bra. Det er også rogn. Alle treslag kan nyttast bortsett frå older. Dyra beitar ikkje på older.

– Alm er det beste, jamgodt med kraftfôr, vart det sagt. Det vart brukt i brød til folk også det. Men det veks ikkje her, seier Magne.

Med lauvkjerr får dyra også dekka eit visst behov for mineral.

Maskinparken: Alt graset vert slått med motorslåmaskin med fingerbjelke. Gras og høy vert henta inn på svans med ein italiensk Caron-traktor.
– Den er stødig i desse bakkane og kan ikkje steile, slik du kan med traktor, seier Magne.

Traktoren har ein trepunkts høyvendar, jordfres, høysvans og silosvans, brøyteskjer og vinsj til skogsarbeid.

 

Det hastar

Jordbruket på Sylvarnes kan verka milevis frå bondeopprør, kvoteproblematikk og effektivisering, sjølv om kostnadane sjølvsagt aukar like mykje på ein veglaus gard som i sentrale strok.

– Eg forstår det er lett å bli freista til å kjøpe nytt og kostbart utstyr. Slik sett er eg heldig. Eg kan ikkje mekanisere eit slikt bruk. Her må me bruke handemakt, men me får jobben gjort, seier han.

Han trur mange hadde vore tente med å tenke mindre.

– Det er ingen vits i å ha store tal. Du får meir pengar inn, men det går like mykje ut. Det er det du har att og skal leve av som er avgjerande, seier han.

– Mange tek til orde for mindre bruk og fleire bønder, og meir areal i drift. Er det for seint?

– Det er i alle fall på høg tid. Det er ikkje lett å ta opp drifta på bruk som er avvikla og nytta til feriebustad. Folk vil ha gode jobbar og eit meir lettvint liv, seier Magne.

– Har du eit tungvint liv?

– Nei, svarar han kjapt. – Eg synest ikkje ord som tungvint og strevsamt er så viktig å bruke. Det er slik det er og slik må det vere, seier han.

Sjølv om han nærmar seg pensjonsalder er han full av krefter og energi.

– Du veit, her har me ikkje bil, men trakkar anten opp eller ned når me går ut or huset, seier han.

Med sjølvberging som livsstil

Marek Dunkel frå Polen har jobba på garden i sommarhalvåret sidan 2015. I fjor vart han verande på grunn av pandemien. Og det er nok arbeid, ikkje minst i skogen og på saga. Når noko skal byggast eller fiksast er det pengar i å nytte material frå eigen skog.
– Økonomi handlar ikkje berre om inntekt, men like mykje om utgifter og kva verdiar ein har i livet, seier Magne.

I kjøkenhagen driv dei fram grønsaker, potet, frukt og urter. Ost og smør får dei frå overskotsmjølk og i skogen er det overflod av bær, sopp og ville vekstar med god smak.

Hønene forsyner alle dei fire fastbuande på Sylvarnes med egg, og fjorden har fisk nok. Når det freistar med kjøt er det frå dyr
dei slaktar sjølve, helst sau og hjort. Strengt tatt manglar dei berre korn til baksten, litt sukker til sylting, og sjølvsagt kaffi.

– Kan ein ny generasjon flytte hit og leve slik?

– Ja, eg håper og trur det, om dei vil leve litt enkelt og forstå verdien i denne livsstilen, seier Magne.

Når den tid kjem vurderer han å selje dersom han finn nokon som er skikka og motivert til å drive livsverket vidare.

– Kall meg gjerne bakstreversk og sta, men eg kjenner på stor glede ved at det som generasjonar jobba for blir halde ved like og sett pris på. Alle steinmurane som er bygd med to hender, eit spett og ei spade. Når dei kunne klare alt dette, er det me gjer i dag lett til samanlikning, seier Magne.

Sylvarnes

  • Jordbruket på Sylvarnes kan verka milevis frå bondeopprør, kvoteproblematikk og effektivisering.
Stikkord denne saka: , ,
Del denne artikkelen