Bv19_leiar.jpg

Bondeorganisasjonane krev inntektsauke på 46 800 kroner per årsverk i årets jordbruksforhandlingar. Staten sitt tilbod er 25 000 kroner per årsverk. I skrivande stund startar forhandlingane.

På kort sikt handlar jordbruksavtalen om bonden si inntektsutvikling, i det lange perspektivet handlar det om at vi skal ha matproduksjon eller ikkje i Norge. Begge perspektiva heng saman. Langsiktig sjølvforsyning av mat er tufta på at vi kontinuerleg vidareutviklar landbruket, held produksjonsgrunnlaget i hevd, sikrar rekruttering og held oppe jordbrukskompetansen. Då er vilkåret at det i dag er økonomisk, arbeidsmessig og sosialt interessant å velja bonde­yrket. Innhaldet i jordbruksavtalen er grunnlaget for utviklinga i jordbruket på kort og lang sikt.

Tilbodet frå staten legg til rette for ein god inntektsvekst i jordbruket. Særleg blir det prioritert å auka produksjonen av storfekjøt saman med styrking av korn og grøntsektoren der marknadspotensialet er godt. ­Effekten på forbrukarprisane vil bli under ein halv prosent, seier forhandlingsleiar for staten, Leif Forsell, i ei pressemelding. Det spørs om faglaga har same synet.

Den økonomiske rama for forhandlingsgrunnlaget er redusert frå 1 970 millionar i kravet frå bondeorganisasjonane til 1020 millionar i tilbodet frå staten. Tilbodet er fordelt på 470 millionar i auka prisar og 390 millionar i auka overføringar. Resten av rama fordeler seg på overførte midlar frå 2012 og endra verdi av jordbruksfrådraget.

Det politiske grunnlaget for avtalen ligg fast, med vidareføring av landbrukspolitikken slik vi kjenner den. Avtalen er forankra i dei føringane som ligg i Landbruksmeldinga, men staten kjenner seg likevel ikkje forplikta til sin eigen uttale om at til­fredsstillande inntektsutvikling er ein føresetnad for å innfri behovet for auka matforsyning.

Staten fylgjer i hovudsak opp prioriteringane frå landbruksorganisasjonane. Korn, storfe og grøntproduksjonane skal prioriterast i dette oppgjeret. Auka målpris på mjølk og sau dreg og i positiv retning. Innretninga og økonomisk nivå på dei ulike tiltaka, blir forhandlingstema. Det er mellom anna viktig å få ei utforming av det nye kvalitetstilskottet på storfe som er økonomisk interessant for bonden, og som gir venta effekt med auka storfekjøttproduksjon.
Staten har rekna ut konsekvensane av tilbodet for referansebruka, uttrykt i kroner per årsverk. Mjølk og storfe ligg om lag på det generelle nivået, kr 25 000 per årsverk, med eit lite pluss for større mjølkeproduksjonsbruk på Jæren. Ikkje uventa kjem korn på store bruk på Austlandet best ut, med ein berekna inntektsauke på 48 300 kroner per årsverk.

Fôrkorn får ein auke i målprisen på 14 øre per kilo. Dette er i alt for liten grad følgd opp med ein auke i nedskrivingstilskottet på bare 4 øre per kg. Det er berekna ein auke i kraftfôrprisane på 7 øre per kg. Det kan fort bli meir, mellom anna på grunn av usikre råvareprisar på verdsmarknaden. Auke i kraftfôr­prisane er ein dramatisk situasjon for dei kraftfôrbaserte produksjonane, svin og egg, som for tida ikkje tek ut målpris pga overproduksjon. Utrekning av konsekvensane av oppgjeret for referansebruka der egg og svin er med, syner minustal for inntektsutviklinga. Her må staten inn med meir midlar til prisnedskriving av korn for å avdempa utilsikta negativ verknad av auka kornprisar for husdyrprodusentane.

Tilbodet er krevjande, uttrykkjer bondelagsleiar Nils T. Bjørke, i ei pressemelding. Vi må likevel venta at partane legg avgjerande vekt på å koma fram til avtale i valåret 2013 og legg til grunn at Staten kjem opp med tilbod om meir budsjettstøtte, for å nærma seg bondekravet. Bøndene vil nok også krevje eit tilsvar på investeringsprogrammet som er fremja i kravet.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no