Varmar opp: 40 ungdomar frå Jæren, Bjerkreim, Gjesdal og Hellelan snekra heile 140 benkar denne helga. Slik får 3000 bygdeungdom benka seg når dei samlast til landsstemne i Noregs bygdeungdomslag på Øksnevad vgs i sommar. Foto: Privat

Varmar opp: 40 ungdomar frå Jæren, Bjerkreim, Gjesdal og Hellelan snekra heile 140 benkar denne helga. Slik får 3000 bygdeungdom benka seg når dei samlast til landsstemne i Noregs bygdeungdomslag på Øksnevad vgs i sommar. Foto: Privat

Snikra 140 benkar på ei helg

2. februar 2026 | Aktuelt

Dei treng noko å sitja på, dei 3000 folka som samlast på landsstemne til Norges bygdeungdomslag på Øksnevad i sommar. I helga var det benke-dugnad i Klepp, så flisene fauk.

Bothild Å. Nordsletten

– Nei, alle kan ikkje snekra ein benk, men me har laga malar. Ei heil produksjonslinje, faktisk.

Bondevennen får fatt i Gunnar Tunheim i det han er ute og hentar ein grill. Den skal snart fyrast opp for å få mat i dei nesten 40 ungdomane som er samla i 23-åringen sitt maskinhus på garden på Klepp på Jæren. Heile laurdag og sundag, berre avbrote av fest laurdags kveld, snekrar jenter og gutar i alderen 17 til 30 på det som skal bli sitjeplassar under landsstemne til Norges bygdeungdomslag på Øksnevad 14.-19.juli. Gunnar har i dette høvet ansvaret for «Leir og teknisk», og let ikkje vinterkulda stoppe planlegginga.

«Det er ein skikkeleg dugnadsvillig gjeng, desse bygdeungdomane.»

Gunnar Tunheim

– Det er godt å koma i gang og vera førebudd, seier han og lovar minst ei dugnadsheld til på lagsmedlemmane, før landsstemne brakar laus.

Det er venta 3000 deltakarar og opp til 1200 campingvogner på Øksnavad i sommar.

– Og før det må me grusa opp vegane der inne, bygga scene og førebu Bygdadagen, då landsstemne er oppe for alle som vil, ramsar Gunnar opp.

Før matpausen er det «tipp-topp-tommel-opp»-stemning i maskinhuset, ifølgje den unge gardbrukaren.

– Det er ein skikkeleg dugnadsvillig gjeng, desse bygdeungdomane, seier han.

Teknisk sjef: Gunnar Tunheim opna maskinhuset sitt på Klepp og laga ei heil produksjonslinje for produksjon av landsstemne-benkar.

Teknisk sjef: Gunnar Tunheim opna maskinhuset sitt på Klepp og laga ei heil produksjonslinje for produksjon av landsstemne-benkar. Foto: Privat

Godt bygde-engasjement

Medlemstalet i bygdeungdomslaget har vore gjennom ein liten dupp dei siste åra, ifølgje Gunnar, men er nå på veg opp att.

– Bygdeungdomslaget er viktig for at alle ungdomane rundt om i Bygde-Noreg kan ha ein felles plass å samlast, seier han.

– Nå opplever me masse engasjement. Ungdomen likar å vera med på alle slags tevlingar, og, sjølvsagt, fest, seier Gunnar. Og stadfestar ryktet om at det kan bli litt fuktig på desse festane av og til.

«Nå opplever me masse engasjement.»

Gunnar Tunheim

– Og landsstemna er ennå kjente for å vera ein bra plass å finna kjærast på?

– Absolutt, seier Gunnar.

– Det er mange som gjer det.

– Du sjølv, då?

– Eg har ikkje funne nokon ennå, men eg er alltid på leit.

– Då er kanskje Øksnavad plassen i sommar?

– Øksnevad er plassen i sommar!