Erfarne i ull: Jonathan Håkull skal konkurrere og Ana Leira skal dømme i klassa for ullhandtering.
Til VM på New Zealand
Det norske landslaget i ull og klipp er i desse dagar på New Zealand for å konkurrere mot – og lære av dei store saue- og klippenasjonane i verda.
Liv Kristin Sola
Den norske landslagstroppen begynner i desse dagar å finne seg til rette i Masterton på New Zealand. I neste veke skal dei konkurrere mot verdas beste utøvarar i saueklipp og ullhandtering.
Med seg har dei rundt 20 norske supporterar som har teke turen til New Zealand i regi av Nortura.
Norsk kvalitet
Manager Stian Espedal ventar sterk konkurranse, men har eit håp om at dei norske utøvarane vil markere seg positivt.
– Utøvarane våre er i god form. Dei klipper mykje og ofte, har god teknikk og klipper fint. Det er også viktig i denne konkurransen, seier han.
Klipparane blir vurder på tid, teknikk, presisjon, kvalitet, og handtering av dyret. Det betyr at det ikkje plent er den raskaste som vinn.
– Det er små marginar. På ein god dag trur eg dei norske utøvarane kan hevde seg høgt opp på listene. Kanskje på pallen, seier Espedal.
Odd Kristian Håland
Lars Sønstevoldhaugen
Sven Reiersen
Dei norske utøvarane
Lars Sønstevoldhaugen er med i VM for andre gong. Det betyr at han har litt meir erfaring og kan slå sin eigen rekord frå VM i Skottland for to år sidan. Og på ein god dag kan han med sin sikre klippestil overraske både seg sjølv og publikum.
Jonathan Håkull er veteran i dette gamet. Han har ei lang merittliste som suveren i NM her heime og med ein sterk tredjeplass som sitt beste resultat i VM. Jonathan har og jobba på New Zealand fleire sesongar og har kontaktar over heile verda.
Odd Kristian Håland har mange NM bak seg, men er førstereisgut til VM. Han utfordrar seg sjølv både i maskinklipp og i handsaks.
Ana Leira er fødd og oppvaksen på New Zealand. Ho har vore aktiv ullhandterar og delteke i mange konkurransar. No skal ho dømme ullhandtering i sitt tredje VM. Leira er kjend for høg fagleg kompetanse og er grundig i jobben.
Sven Reiersen dømmer maskinklipp i sitt fjerde VM. Han har lært av dei beste og er ein anerkjent fagperson i det internasjonale klippemiljøet. Reiersen har mange NM bak seg, både som dommar og deltakar.
Saueklipping og ullhandtering har høg prestisje i dei store klippenasjonane verda over. I land som Wales og vertsnasjonen New Zealand blir det arrangert konkurransar mange gonger i året og yrket blir nærast sett på som nasjonalidrett.
Det norske landslaget
Maskinklipp: Lars Sønstevoldhaugen og Odd Kristian Håland
Handsaks: Odd Kristian Håland
Ullhandtering: Jonathan Håkull
Manager: Stian Espedal
Dommar klipp: Sven Reiersen
Dommar ullhandtering: Ana Leira
F.v. Lars Sønstevoldhaugen, Stian Espedal, Ana Leira, Jonathan Håkull, Odd Kristian Håland og Sven Reiersen.
