Rein, ny plast er klar for utrulling og skal leverast til gjenvinning etter bruk. F.v. Jone Wiig, Ola Sunde, Martin M. Haarr, Berge Sandanger og Andreas Wiig.

Strengare krav til returplasten gjer at bønder no går ut og oppmodar kollegar til å levere så rein plast som råd til mottaka. Plastbål på gardane er ikkje eit alternativ.

Sjur Håland

Om plasten er full av jord, silo og anna ureining, må mottaket definera plasten som restavfall. Då går han ikkje til gjenvinning, men endar opp i forbrenningsanlegg.

– Dermed må også bonden betala for å bli kvitt restavfallet, i staden for å levera plast det er betalt miljøbidrag på, gratis til mottak eller til mottak gjennom 4H og bondelag, seier konsulent for Grønt Punkt Norge, Martin M. Haarr.

Plastnekt frå Kina

Marginane på returplasten har blitt redusert. Kina tar ikkje lenger i mot brukt plast frå Europa, som dermed må ta hand om eigen plast sjølv. Dette har, i følgje Haarr, ført til skjerpa kvalitetskrav. Plasten må vera rein.

– Eit lite tilhengarlass med skiten plast kan øydeleggja innhaldet i ein heil container. Når du leverer rein plast, slepp du å betale for leveransen, og ein kan dermed seia at du får betalt for jobben, seier han.

Grønsaksprodusentane på Jæren er klar for ein ny, hektisk vekstsesong. I lager og reiskapshus ligg fiberdukar og solfangarplast klar for å bli strekt over planter og frø. Gode returordningar for plasten har bidrege til miljømedvit blant bøndene og pengar i kassane til lokale 4H-lag og bondelag.

Ikkje bålbrenning

Andreas Wiig, Jone Wiig og Ola Sunde er bønder på Orre i Klepp. Dei har levert plast til gjenvinning gjennom den lokale 4H-klubben i ei årrekkje. Grønsaksprodusentane oppmodar bøndene om å samle og sortere plast, nytta returordningane og levera han til mottak som før.

– Me har ingen ønskje om å stå fram som moralens vaktarar her, men det er ikkje tvil om at me matprodusentar får eit stort omdømmeproblem dersom meir plast blir brent på avfallsbål rundt på gardane. Gode haldningar er avgjerande, her må gjerne bondelaga gå føre, seier dei.

Bøndene på Orre samlar og leverer plastavfall fire gonger i året. Dei samanliknar plasthandteringa på garden med dunkane under kjøkkenbenken.

Som på kjøkkenet

– Alle må sortera, slik vi gjer med hushaldsavfallet. Det nyttar lite å levera plast med silo, jord, piggtråd og gjerdestolpar i, seier dei.

Blant dei elementære råda deira, er å leggja den brukte plasten på eit reint underlag.

– Har du dungar med plast som skal samlast opp, er det lurt å bruka ei siloklype i staden for traktorskuffa når plasten skal hentast opp for å unngå ureining.

Å rulla inn solfangarplasten etter bruk er ein krevjande operasjon.

– Ein kunnig maskinførar er alfa og omega for å unngå jord og sand i plasten som blir rulla inn. Du kan gjera mykje med rett teknikk, erfarer grønsaksprodusentane.

Miljøavgift finansierer

Dei store importørane av landbruksplast, som Felleskjøpet, har gjennom friviljug medlemskap i selskapet Grønt Punkt Norge, som driftar returordninga for plastemballasje, betalt eit miljøbidrag som skal finansiera returen av landbruksplast. I dag betalar medlemmane 1,35 kroner per kilo plast.
Mindre importørar som skaffar seg billege innkjøp av landbruksplast kan velja å gå utanom den friviljuge ordninga med Grønt Punkt Norge. Desse får såleis eit konkurransefortrinn på pris, men bidreg ikkje til å finansiera returordninga.

Reint bedrageri

Martin M. Haarr arbeider for å få flest mogleg til å betala miljøvederlag og slutta opp om returordninga. Han minner om at bøndene bør merka seg at dersom ein til dømes har kjøpt rundballeplast frå entreprenør som ikkje er medlem av Grønt Punkt Norge, skal det ikkje stå på fakturaen at miljøgebyr er betalt.

– I Rogaland og andre stadar i Sør-Norge har eg sett at dette har skjedd. Eg vil omtala det som reint bedrageri. Om ikkje miljøbidraget er betalt, risikerer bonden å måtta betala for plasten som blir levert avfallsmottaket. Returordninga har ikkje råd til gratispassasjerar, seier han.

Berge Sandanger er dagleg leiar hjå driftsmiddelleverandøren til gartneri og hagebruk, Vekstmiljø AS. Firmaet er blant medlemmane i Grønt Punkt Norge. Sandanger fortel om konkurrentar som freistar å koma inn i marknaden og tilbyr produkt som det ikkje er betalt miljøbidrag for.

– Desse blir rapportert inn til varemottakarar og Norsk Gartnerforbund. Beskjeden deira til desse importørane er å melda seg inn som medlemmar i Grønt Punkt Norge.

Frå første januar 2018 innførte Klima- og miljødepartementet ei ny avfallsføreskrift som gjer det obligatorisk for alle som produserer eller importerer emballasje eller emballerte varer å ta ansvar for at emballasjen blir samla inn og gjenvunne gjennom ei godkjent returordning.

– Den nye føreskrifta omfattar også gartneri- og jordbruksemballasje som blir nytta til å pakka inn ubearbeidde gartneri- og jordbruksprodukt, som til dømes gulrøter, forklarer Arve Martinsen, kommunikasjonsrådgjevar i Grønt Punkt Norge.

Utanom dette gjeld ikkje den nye føreskrifta landbruksplast.