UNGDOMEN ER I FERD med å bli grønare, skal me tru nye tal frå Utdanningsdirektoratet. Trenden med aukande interesse for landbruksfag på vidaregåande skule held fram. For tredje år på rad aukar talet på søkjarar med naturbruk som førsteval. Naturbruk har den prosentvis største auken med 11 prosent frå 2016 til 2017, samanlikna med alle andre programfag i vidaregåande skule. Grunnane til denne auken kan me førebels berre spekulera i. Usikre utsikter i oljenæringa kan vera éi forklaring, særleg i Rogaland. Den store mediemerksemda om mat og matproduksjon spelar nok inn, også på foreldre og vener, som me veit påverkar dei unge sine val. Truleg har aktiv marknadsføring og rekruttering frå naturbruksskulane si side også gitt resultat.

TALA ER KJÆRKOME NYTT, og lovar godt for rekruttering til, og kompetansebygging i, landbruksnæringa. Men at berre 4573 av totalt 208 920 søkjarar til vidaregåande opplæring i år har naturbruk som første val, er på langt nær nok. Så få agronomar går til slutt ut av tredje klasse, at samvirka og naturbruksskulane slit med å rekruttera nye fagfolk. Skal me makta å fø fleire folk under stadig vanskelegare klimatiske forhold, trengs langt fleire skarpe landbrukshjernar dei komande åra. For mange er naturbruksskulen eit første steg inn i faget, anten dei skal bli bonde eller rådgjevar. Den praktiske erfaringa med jord, planter og dyr er nyttig også for dei som går vidare til generell studiekompetanse og blir landbruksakademikarar.

TO TAL ILLUSTRERER ALVORET. I følgje FAO, FNs organisasjon for ernæring og landbruk, vil verdas matjord, gitt dagens raske degradering, ikkje lengre gi gode avlingar om 60 år. 60 år er også den globale gjennomsnittsalderen på ein bonde. Behovet for fleire folk som kan dyrka, vidareforedla og forska på mat er opplagt. Me bør unngå at det blir akutt.

MYKJE BLIR TENKT og skrive om korleis me skal styrka kompetansen i, og auka rekrutteringa til både bondeyrket og matindustrien. At bonde eller agronom knapt blir nemnt i mediasaker om framtidas yrker, seier sitt om status. Måten landbruket blir oppfatta og framstilt på, har mykje å seia. Næringa sjølv har ein omdømejobb å gjera for at dei unge skal oppfatta landbruket som så framtidsretta, innovativt og «sexy» som til dømes konsulentbransjen eller finansverda.

FOR Å LÅNA TANKEREKKA til professor i sosiologi og samfunnsgeografi, Ivar Frønes: Det er eit paradoks at bonden, som til ei kvar tid må oppdatera kunnskapen sin etter sesong, teknologiutvikling og konjunkturar, er plassert i båsen for lågare kompetanse, medan ein svak bachelorgrad med mållaus fagsamansetting passerer som ‘høgare utdanning’. Politikarar så vel som studierådgjevarar må bidra til å justera dette biletet.

OPPFATNINGA AV yrkesutdanning som noko dei skarpaste hovuda er for gode for, heng nok i, både hjå foreldre og ungdom. Innføring av kompetansekrav, eller ordningar for ein kortare veg mellom agronomutdanning på vidaregåande skule og høgare utdanning, kan vera vegen å gå for å auka statusen til landbruksrelaterte fag. At denne fagretninga også tek opp i seg nye trendar som til dømes økologisk, andels- og urbant landbruk, kan bidra til trekka fleire unge sjeler til næringa. Og kvifor ikkje starte rekrutteringa ennå tidlegare? Ein grunnskule med eigen grønsakshage og jordbruk som valfag ville truleg opna auga på mang ein pode, for ei framtid i det grøne.

DEI NYE SØKARTALA er oppløftande, men skal me møta dei utfordringane me veit vil koma, trengs meir engasjement, ressursar og ikkje minst ein meir samla plan for dei ulike landbruksutdanningane. Ansvaret ligg både hjå landbruksnæringa, og hjå styresmaktene.

Bothild Å. Nordsletten