image description

 

REGJERINGEN VIL STYRKE kapitalsituasjonen og bedre rekrutteringen, les vi i regjeringserklæringa. Avgjerande målsettingar for framtidsjordbruket. Om ikkje jordbruket er attraktivt for ungdom og unge bønder, har næringa inga framtid, eller sagt på ein annan måte; ei næring som er attraktiv for ungdom og unge bønder har framtida for seg.

VI HAR MERKA OSS oss at mange av dei nye stortingsrepresentantane har fødselsdato frå 1980-talet. La oss vona at vi får den same utviklinga, med ungdommeleg representasjon i landbruket, som til dømes faglaga og landbrukssamvirke. For å lukkast med dette er ein avhengig av to ting. Nokre av dei med eldre fødselsdato må tre til side, og dei unge må tre fram. Vi trur det er ganske avgjerande for rekruttering at unge bønder blir tildelt sentrale posisjonar og med det mulegheit til politikkutforming for eiga framtid.

VI LEVER AV og ikkje for dyra, seier Gunn Hatteland Grude og Jan-Arild Grude, frå Klepp, i gardsreportasjen denne veka. Denne uttalen handlar sjølvsagt ikkje om ei defensiv haldning til dyrevelferd, men om ei profesjonell haldning til bondeyrket. Skal ein stå løpet ut, i ti-år etter ti-år, må privatliv og arbeid balanserast. Dei unge Kleppbøndene er tydelege på at som småbarnsforeldre prioriterer dei fritid og samvære med barna. Verdt å lytte til!

I DENNE BV-UTGÅVA startar vi opp ei ny spalte som vi har gitt namnet BvLoggen. Sju unge bønder, frå Aust Agder i sør til Sunnmøre i nord, fortel om kvardagslivet sitt. Med senka skuldrer og lett penn fortel dei om eigne liv og erfaring frå livet på garden og i bygda. Vi har forventningar til at dette blir gode kvardagshistorier og innspel om dagsaktuelle utfordringar som unge bønder møter i vår tid.

MED FRAMTID I LANDBRUKET,
var overskrifta for den store Agrovisjon-messa som nyleg gjekk av stabelen i Stavanger. Her blei Jæren Young Cowboys heidra med prisen for beste stand. Ei gruppe med 50-70 ungdomar i tjueårsalderen, med interesse for ku, møtes for å dyrke felles interesse og vennskap. Ungdommane viser veg og er eit symbol for framtidsjordbruket. Lukke til!

REKRUTTERING OG UTDANNING
heng nøye saman. Tilpassa opplegg, slik vi ser vinterlandbruksskulane lokalt har utvikla, viser seg å vera ein suksess. Skulane går med fulle hus. Undervisningsopplegga bør studerast, og om muleg kopierast, til andre område i landet. Igjen gjeld det å lytte til brukarane og tilpasse seg deira behov.

KVA HALDNING HAR VI til ei muleg oppheving av odelslova?  Vil det vera ein trussel for landbruket som tradisjon- og kulturberar, eller vil det gi ei meir open næring, ved at dei som ynskjer å vera bønder slepp til – og ikkje bare dei som er fødde til ein rettigheit. Også dette er ein viktig samtale der dei unge si røyst må vega tungt.

VI UTFORDRAR dei nye makthavarane til å gå i tett dialog med representantar for framtidsbonden, der heile landet er representert, og ta innover seg at framtidig norsk matproduksjon er betinga av at politikarane stiller opp for å tilby ungdommen eit attraktivt yrke.