Livsåre: Helsa til Håelva avheng av kor den vert målt. Nedover åkerlandskapet på Jæren forverrer den seg. Foto: Bothild Å. Nordsletten
ATTLEGG:
Inga friskmelding av jærske vassdrag
Målingar frå 2024 viser lite endring i vasskvaliteten på Jæren.
Bothild Å. Nordsletten
Ein ny rapport frå NORCE viser resultata frå overvaking av innsjøar og elvar i Jæren vassområde i 2024. Åtte innsjøar vart undersøkt, tilgroing vart undersøkt i tre elveområde, og botndyr ved 12 elveområde. Rapporten inneheld også tal frå overvaking av fosfor og nitrogen i fleire elvar og bekkar.
Rapporten finn ikkje tydelege endringar i dei undersøkte innsjøane. Tilstanden var god i Kyllesvatnet, moderat i Bråsteinvatnet, Stokkelandsvatnet, Frøylandsvatnet i Sandnes og Fjermestadvatnet. Tilstanden var dårleg i Hålandsvatnet og Frøylandsvatnet i Orrevassdraget, og svært dårleg i Orrevatnet.
Også for elvane er det få teikn til endringar. Med tanke på botndyr har det likevel vore klåre teikn til betring ved utløpet av Taksdalsvatnet til Håelva dei siste ti åra. Den største negative endringa føregår i Hå kommune i Håelva ved Alvaneset langs R44. Der indikerer botndyr-statusen svært dårleg tilstand. Resultatet her er så uventa at NORCE ber om at resultata vert tolka varsamt.
Fosformengda i elvane følgjer ein sakte, minkane trend, men tykkjest å ha stabilisert seg i dei seinare åra. I Håelva er tilstanden moderat, nær grensa til god. Figgjo er god. I Skas-Heigre-kanalen indikerer fosfortilstand dårlege forhold, i Orreelva på grensa mellom dårleg/svært dårleg. I Timebekken tilsvarer forsforinnhaldet svært dårleg tilstand.


