Skogdag: Hit, til Sørmarka i Stavanger, har styreleiar Arne Bergsvåg i Rogaland skognæringsforum invitert stortingskandidatar til debatt om skogpolitikk 27. august.<br />
Foto: Skogselskapet Rogaland

Skogdag: Hit, til Sørmarka i Stavanger, har styreleiar Arne Bergsvåg i Rogaland skognæringsforum invitert stortingskandidatar til debatt om skogpolitikk 27. august. Foto: Skogselskapet Rogaland

ATTLEGG:

Ropar varsku om skogen

27. august 2025 | Aktuelt

Styreleiar Arne Bergsvåg i Rogaland skognæringsforum er uroa for skogen i Rogaland. 27. august samlar forumet stortingskandidatar i Sørmarka i Stavanger for å fortelja kva som uroar næringa.

Arne Bergsvåg, styreleiar i Rogaland skognæringsforum

– Eg samanliknar skogen med Oljefondet. Der er det brei semje om at det er avkastinga me kan bruka av, ikkje sjølve fondet. Ståande skog er også eit fond, men dei siste tiåra har me tatt ut meir skog enn me har planta. Det kan me ikkje halda fram med, og det trengs politisk innsats for å gjera noko med det. Difor har me invitert alle parti til Sørmarka denne dagen, seier Bergsvåg.

Blant deltakarane er klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) og tidlegare landbruksminister Geir Pollestad (Sp

– Nedbygging av skogen er stikk i strid med politiske mål, strategiar og lovar. Mykje av dette skuldast at kompetansen i forvaltninga er redusert, som gjer at systema for å sikra handheving av lovar og reglar ikkje fungerer. Det blir hogd for tidleg og hogstflater blir ikkje tilplanta. Eit konkret resultat er at CO₂ -opptaket frå skogen i Norge no kompenserer for 37 prosent av utsleppa, mot 50 prosent i 2010.

Bergsvåg er overtydd om at det ikkje er så mykje som skal til for å snu dette:

– Det handlar om å byggja opp att kompetanse og kapasitet i skogforvaltninga, slik at vedtatt politikk blir realitetar. Dette var nøkkelen til den storstilte skogreisinga i etterkrigstida som me i dag kapitaliserer på – men altså utan å sikra tilstrekkeleg nyplanting og skogrøkt til å ta vare på det som burde vera ein evigvarande, grøn ressurs.

Rogaland skognæringsforum er ein interesseorganisasjon for heile verdikjeda i skogsektoren i Rogaland. Føremålet er å styrka og utvikla skognæringa og trebrukande verksemder. Forumet er eitt av åtte fylkesvise skognettverk, som til saman utgjer Skognæringa Kyst SA.

Alle er velkomne til møtet, men av omsyn til enkel servering treng ein påmelding via nettsida til Statsforvaltaren i Rogaland, Kurs og konferansar, innan 17. august.